Sosialist-jævlar er gode å ha, Siv!

DEBATT: Siv Jensen oppfordra under festmiddagen på Frp-landsmøtet partikollegaer om å «gå ut og knuse dei jævla sosialistane». Det er lett å forstå at Siv skyt frå hofta.

Publisert: Publisert:

«Me forstår godt, Siv, bildet, at det ikkje er så lett for deg å snakka om bompengar, byråkratar og Mulla Krekar. Då er sosialist-jævlane gode å ha for å ta bort merksemda frå dei brotne valløfta, skriv Jan Ole Rød. Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Jan Ole Rød
    Stavanger Arbeiderparti
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Før valet i 2013 lova Siv å sette opp eit skilt på alle bomstasjonar dagen etter at ho kom i regjering. På skiltet skulle det stå: «Gratis så lenge Frp er i regjering».

Dette skiltet har ennå ingen sett, men dei over 100 nye bomstasjonane Siv har sett opp, er svært synlege over heile landet. Prisen for å passera bomstasjonane har me og fått med oss; me betaler fem milliardar meir i bompengar i dag enn då Siv gjekk inn i regjeringa.

Ni nye byråkrater kvar dag

Før valet i 2013 lova Frp «krig» mot byråkratiet. Siv Jensen kritiserte Stoltenberg-regjeringa for å tilsetja fire nye byråkratar kvar dag. Første året med Frp i regjering auka talet på byråkratar med 3464 – eller ni nye kvar dag. To og eit halvt år etter at ho blei finansminister, måtte Siv betale lønn til 7988 fleire byråkratar enn då ho tiltrådte (Aftenposten 07.03.16). Og Mulla Krekar, som Siv lova å setja på første fly ut av landet i valkampen 2013, ja, han går framleis rundt og smiler i skjegget. Me forstår godt, Siv, at det ikkje er så lett for deg å snakka om bompengar, byråkratar og Mulla Krekar. Då er sosialist-jævlane gode å ha for å ta bort merksemda frå dei brotne valløfta. I tillegg har sosialist-jævlar av alle slag irritert deg grenselaust ved å slåss mot alle forslaga dine om meir omsorg for dei rikaste.

Les også

SSB-forsker: Siv Jensen tar feil om hovedårsaken til barnefattigdom

Tankane om fellesskap, solidaritet og like muligheiter for alle har vist seg å ha ein sterk appell til folk flest.

Sosialist-jævlane har systematisk gått i mot alle tiltaka dine for å auka forskjellane mellom folk. Dei forstår ikkje at dei rikaste må få mindre skatt både på inntekt og formue for at hjula skal gå rundt. Når du foreslår valfridom og konkurranseutsetting, svarer sosialdemokratar og raudare sosialistar med å snakka om sterkare fellesskap, fagforeningar og kamp mot sosial dumping. Når du peikar på at det er innvandrarane si skuld at fattigdommen aukar i Norge, hentar sosialist-jævlane inn folk frå SSB (Statistisk sentralbyrå) som forklarer at forskjellane i landet aukar fordi dei rikaste har fått store lønnstillegg og dei nederst på inntektsstigen ikkje har hatt lønnsutvikling dei siste ti-åra.

Når du, som i landsmøtetalen din, peikar på Margareth Thatcher og Ronald Reagan som dei store ideologiske fyrtårna for Frp og vår tid, masar sosialist-jævlane om store klasseskilnader og aukande fattigdom i både England og USA som følgje av liberalismen som Reagan og Thatcher innførte.

Ideane deira lever vidare

Det verste med sosialist-jævlane er likevel at dei er så mange, og at dei talar så tydeleg i saker som folk flest er opptatt av; god utdanning i ein sterk offentleg fellesskule, eit offentleg helsevesen med like tilbod til alle og nei til privatisering og anbodsutsetjing av eldreomsorg og velferdstenester. Det er trist for Frp, Siv, at folk flest framleis trur på dette gamle, sosialdemokratiske tankegodset. Ja, sjølv om du nok kan få has på ein og annan av dei, så lever ideane deira vidare.

Tankane om fellesskap, solidaritet og like muligheiter for alle har vist seg å ha ein sterk appell til folk flest. Du synest sikkert det er rart, men mange kjenner ikkje på den omsorga du viser for dei rikaste. Folk flest ønskjer eit samfunn med små sosiale skilnader og sterke fellesskap. Derfor er sosialist-jævlane gode å ha for folk flest.

Publisert:

Les også

  1. Siv Jensen sa «knus de jævla sosialistene» – beklager ordbruken

  2. – Må kunne forvente mer av en partileder

  1. Debatt
  2. Mulla Krekar
  3. Statistisk sentralbyrå
  4. Siv Jensen