Norge bør tala tamilane si sak i Tryggingsrådet

FREDSMEKLING: Når vi tek plass i Tryggingsrådet frå neste år, må ikkje fredsrolla Norge spelte i Sri Lanka gå i gløymeboka.

Publisert: Publisert:

Norge må bruka høvet når landet snart får plass i Tryggingsrådet til å tala dei lidande tamilane i Sri Lanka si sak, skriv innsendaren. Foto: Finn E. Våga

Debattinnlegg

  • Jeswanthiny Pushparajah Mayooran
    Konstituert overlege, Stavanger universitetssjukehus

Vi kjenner til Sri Lanka som det vakre paradis. Lange strender med himmel og blå bølger. Område fylt med elegante palmetre, som svakt valsar i den mjuke vinden. Turistar frå alle stader; eit idyllisk land, som har gitt folk med ulike bakgrunn mange gode minne, latter og glede.

Eit blodig bakteppe

Men det er få som verkeleg kjenner til alt det blodige og fæle, som gøymer seg bak dette overflatiske og kunstige glansbiletet.

Det er omtrent 11 år sidan krigen på denne vesle øya tok slutt. Ein krig som har herja og skapt meir enn bare uro, i over 30 samanhengande år.

Kva gjorde vi for å sikre tryggleik og ly for dette opprørte folket? Kva rolle har vi hatt, både som individ, men også som eit fredsmeklande land, for å unngå tap av fleire liv? Uskuldige mødre, fedrar og barn, som blei utrydda ein etter ein. Dei blei drepne på grunn av den tamilske identiteten dei bar med seg.

Landet har opp gjennom tidene trinnvis blitt avdemokratisert og militarisert med singalesiske soldatar. «Sinhalisation» var ordet ein tok i bruk. Eit oppgjer med mål om å vaske vekk alle historiske og kulturelle spor av det mangfaldet dette landet verkeleg bar preg av.

Fødde som «feil sort»

For kva brukte vi dagane på, medan alt dette fann stad?

Folkemord og vasking av identitet på Sri Lanka, er dessverre ikkje ein like velkjend tragedie for den globale befolkninga. Dette er ein røyndom som har rissa seg inn og framleis lever i det tamilske folket. Ein tragedie som det singalesiske systemet har skissert og sett i verk.

Eg tenkjer på fleire uskuldige tamilar, som har blitt bomba, kidnappa og valdtekne, til det bare er kjøtt og bein att. Alt dette, av ein einaste grunn; dei har blitt fødde med «feil» identitet.

Alt dette har funne stad. Fleire år har gått. Så kvifor snakkar vi framleis om dette? Kva er det som har skapt, og framleis skapar, så mykje liding og øydelegging bak kulissene på denne vesle øya?

Krigen har gjort mange veldig sårbare. Etterlatne har mange sår som desperat treng å bli lækte.

Norge bør bruke si nye rolle

Ei befolkning som har mista håpet og sit att med minimale ressursar til å byggje ei framtid vidare. Fleire barn utan tak over hovudet, eller ei varmande hand å støytte seg til. Ja, for dette er den sanne og dystre sida av Sri Lanka. Eit land som over mange år har brukt krefter på å marginalisera den tamilske nasjonen, som også den dag i dag, går føre seg bak desse finpussa rammene.

Norge har vore eit land som har bidrege mykje positivt i denne tunge prosessen. Landet har brukt mykje tid og ressursar på fredsmekling og talt tamilane si sak. Vi har eit ansvar med å vise vegen vidare og fungere som viktige støttespelarar for dette fortapte og gløymde folket.

Etter sommaren i år får Norge ein observatørposisjon i FN sitt Tryggingsråd. Frå og med neste år, får vi ein sikker posisjon. Vår stemme er derfor naudsynt for å sikre ei velfungerande framtid for dette attlevande tamilske folket.

Uskuldige mødre, fedrar og barn, som blei utrydda ein etter ein. Dei blei drepne på grunn av den tamilske identiteten dei bar med seg.
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Fire nye koro­nasmit­tede i Stavanger – ett av tilfel­lene har ukjent smitte­kilde

  2. Fortsatt ingen kontakt mellom partene – busstreiken trappes opp til Roga­land lørdag

  3. XXL Forus-ansatt har fått korona – kommunen ber kunder følge med på symptomer

  4. Øyvind Haukland er død

  5. Over 30 prosent utvikler ikke symptomer på korona: – De går under radaren

  6. Ingen­ting spilte for 200 mann i teltet på Randa­berg: – Sitter dere godt?

  1. Sri Lanka
  2. Folkemord
  3. Krig