Kvinnedagen her og andre stader

DEBATT: Vi må ta inn over oss dei ulike perspektiva på kvinnedagen, både i Noreg og elles i verda.

Publisert: Publisert:

«Vi snakkar om likeverd og rettar. Men korleis ytre meiningar og utforske talent når det berre er halve befolkninga på denne planeten som får løyve til, eller er oppdratt til, å kunne setje ord på argument og kjensler?» spør Jeswanthiny Mayooran. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Jeswanthiny Pushparajah
    Lege i spesialisering, Stavanger universitetssjukehus

Kvinnedagen 8. mars var opphavleg ei markering av rettane kvinner har til å vere i arbeid. Husarbeid og ivaretaking av ektefelle og barn var liksom ikkje det einaste dette kjønnet var i stand til å utføre. Etter som åra har gått, har denne dagen fått større og større betydning. Ja, ikkje berre betydning, men også andre perspektiv.

Ordet «feminist» er ikkje lenger eit ord ein berre tek i bruk for å definere tyngda av den rolla kvinna har å by på. Det er heller eit ord som peikar på likestillinga mellom spekteret av kjønn.

Realitetane rundt om

Det er ikkje lenge sidan kvinner i velutvikla land blei nedprioriterte i arbeidssituasjonar, kategoriserte og stempla med rolledefinisjonar. Dette skiljet mellom menn og kvinner har kanskje blitt mindre i dag, mindre markert og understreka. Men faktumet er at denne sida berre er ein drope i det havet realiteten er.

Eg sjølv har asiatisk opphav. Men grunna utryggleik og krig var foreldra mine nøydde til å flytte til Noreg, før mi tid. Ein kan på mange måtar seie at eg har vore heldig då eg aldri har opplevd korkje undertrykking, å blitt utnytta eller blitt forakta på grunn av å ha blitt født som «feil» kjønn.

Men illusjonen om at dette framleis ikkje finn stad i velutvikla land, er nok eit glansbilete ein må rive i stumpar og stykke.

Når det er sagt, mykje er endra i Noreg gjennom åra. I 2019 blei Noreg rangert som det fjerde beste landet i heile verda for kvinner. Likestilling er noko vi har høgt på lista over prioriteringar. Vi var mellom anna det første landet med eit likestillings- og diskrimineringsombod.

Men realiteten er ikkje like «lys» i alle delar av verda. Det er ikkje alle samfunn som ville ha respektert, eller akseptert, ein kvinneleg statsminister, ei regjering med 50 prosent kvinner, eller fleire kvinnelege frontfigurar av ulike kategoriar, som vi har. I mange delar av verda er det dessverre ei straff å vere fødd som kvinne.

Vi snakkar om likeverd og rettar. Men korleis ytre meiningar og utforske talent, når det berre er halve befolkninga på denne planeten som får løyve til, eller er oppdratt til, å kunne setje ord på argument og kjensler?

India blir rangert som eit av dei mest utrygge landa for kvinner. Eg kan framleis hugse nyheitene om ei ung kvinne som blei valdteken på gata på veg heim frå jobb. Utsegner frå samfunnet i ettertid var, mellom anna, at ein må nesten forvente at slikt skjer når ei kvinne vel å gå på jobb, vandre ute på kvelden og kle seg i moderne klede, i staden for å halde seg heime. At eit samfunn rettferdiggjer slikt!

Les også

Erik Tunstad: «It’s a Man’s world»

Solidaritet og respekt

Kvinnedagen – det er mykje prakt og eleganse i ordet. Mange av oss får kanskje litt ekstra luksuriøs behandling av kjende rundt oss. Ei rose frå ektemannen eller kake på jobben. Men eg tenkjer det er viktig at vi har med oss både den utviklinga vi har hatt i Noreg og samtidig ber med oss den tyngda av andre syn og ulike perspektiv på kva kvinnedagen betyr for mange andre systrer, mødrer og barn rundt omkring i verda.

  • Les også: Øystein Stene vil ha mannens perspektiv inn i den norske likestillingsdiskusjonen. Det er så kontroversielt å seia at han fekk døde fisk og truslar i posten, signert «alle kvinner».
Publisert:

Les også

  1. – Vi trenger språk og liturgi som ikke gjør Gud mindre enn det Hun er

  2. «Få meg på, for faen!»

  3. Ungdomsbedrifter er blinde på kjønnsforskjeller

  4. Kvinner gjør det bedre på børsen enn menn

  5. Likestilling og mangfold er «good for business»!

  6. – Vi har jo råd, så hvor er likelønna?

  7. Kritiserte #metoo, fekk dødstruslar i posten

  1. Likestilling
  2. Kjønn
  3. Kvinnedagen (8. mars)