«Sjøbuer og sjøhus til fritidsføremål og turisme»

LANDBRUK: Bygdedyret ser ut til å ha gode kår også i sentrale strok.

Publisert: Publisert:

Jostein Eiane i underetasjen i det omstridde nybygget på murane av det gamle naustet. Her skriv han og kona, Gunvor Helle Eiane, om bakgrunnen for at det blei som det blei. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Gunvor Helle Eiane
    Sokn
  • Jostein Eiane
    Sokn

Overskrifta er tittelen på ein rapport frå Rogaland fylkeskommune, som i 1986 mellom anna laga eit modellprosjekt for Naustrane på Sokn. Med på laget hadde dei arkitekt som utarbeidde eit utkast for korleis Naustrane kunne sjå ut i framtida.

Dette var med på å inspirere dei fire grunneigarane her til å lage reguleringsplan slik at området kunne få nytt liv etter at tida var over for den tradisjonelle bruken, som var fiske og kommunikasjon med Bru, der butikken, skulen og bedehuset var. Reguleringsplanen vart vedtatt i 1997, sju år før me overtok garden.

Fylkesmannen og fylkeskommunen hadde ingen merknader til planen.

Les også

Jan Kristian (81) må rive naustet - Fylkesmannen var aldri på befaring

Les også

Jan Kristian (81) trues med 1000 kroner i dagbot hvis han ikke river dette naustet

Følgde opp planen

Dei fire grunneigarane har høve til å setje opp åtte bygg til eige bruk, eller til fritidsføremål som tilleggsnæring på gardsbruka. Tre bygg er tatt i bruk etter planen sine føresegner, me søkte om det fjerde og fekk løyve til det.

Ein parallell ville vore å søkje om å setje opp eit hus på ei tomt i eit byggjefelt der det er tillate å setje opp hus på tomta. Rådmannen i Rennesøy gjorde, etter delegasjonsreglementet, vedtak i fleire titals dispensasjonssaker i året der føremålet i planen vart følgd, men det var behov for noko endringar. Siste ordførar i Rennesøy har ikkje merka seg dette.

Utsjånaden

Så til utforminga av bygget vårt, som me ser det er ulike synspunkt på:

Våre eigne ressursar er kunnskap om stein og bygging med stein. Når bygget vart avgrensa av murane som stod der, tok me fatt og gjorde det til eit restaureringsprosjekt der me, som med bryggene våre, brukte eksisterande stein og supplerte med stein frå same kjelde på Sokn.

Overbygget var for mykje skadd til å vere utgangspunkt for restaurering, og me valde nybygg med mange element frå det gamle. Døme på materialbruk på tak i området var bølgeblikk, eternitt, grovbølga stålplater, tegl og betongstein. Slik sett er det å bruke nye og gamle materialar i blanding det som har vore gjort her i all tid.

Som det opphavlege naustet, er bygget anonymt frå sjøen. Det er utan takutstikk og takrenner, den gamle takvinkelen er brukt og høgda er nær opp til det opphavlege. Deler av taket er løfta for å tilpasse til ny bruk, og overbygget treff steinmurane på ein fin måte.

Underleg

Litt om Fylkesmannen:

Som kjent er Fylkesmannen kommunen sitt klageorgan og ansvarleg for tilsyn og evt. dispensasjon. I staden for å be kommunen om utgreiing i saka om finansiering knytt til ordninga med spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), konkluderte Fylkesmannen i Aftenbladet.

Dette stiller oss som søkjar, og som har bestemt oss for å investere med kommunalt vedtak som grunnlag, i ein spesiell situasjon. Me leverte ein detaljert søknad til kommunen, og me har gjennomført det me søkte om og fekk tilsegn på.

Bygdedyret

Til slutt, sidan mange spør korleis det går med oss og familien vår:

Dersom nokre lurer på korleis bygdedyret ter seg, kan ein sjå i Aftenbladet på reportasjeplass, i lesarinnlegg, i kommentarspaltene og på Facebook den siste veka. Bygdedyret ser ut til å ha gode kår også i sentrale strok.

Me vil takke for mykje støtte, særleg frå Finnøy og Rennesøy, men også frå Stavanger og andre stader i fylket.

Publisert:

Les også

  1. – En hån mot alle andre som har søkt om byggetillatelse

  2. – Naustet til Jostein Eiane et prakteksempel på kommunal saks­behandling

  3. – De to naustene til kong Salomo og Jørgen hattemaker

Mest lest akkurat nå

  1. Fire nye smittebærere i Sandnes siden torsdag

  2. Leter etter John Olav med full styrke

  3. Berntsen: – Jeg er enig, det holder ikke med snakk

  4. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  5. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  6. Politiet søker ikke ved Månafossen gjennom helgen