Gale om elevar og psykisk helse

KRONIKK: Nei, det kan ikkje bli for mykje vekt på kjensler og psykisk helse i skulen. Men vi treng kunnskap om kvifor vi gjer det og korleis vi skal møte det.

Jørg Arne Jørgensen skriv at elevar treng alvorsprat framfor psykisk tryggleik. Å bli pressa til ei utfordring utan å kjenne grunnleggjande tryggleik fører sjeldan til meistring. Lærdommen blir heller at «denne situasjonen skal eg jobbe hardt for å styre unna resten av livet».

Debattinnlegg

  • Gregor Falkner
    Gregor Falkner
    Leiar, entreprenør og student i emosjonell intelligens
Publisert: Publisert:

Gjestekommentator Jørg Arne Jørgensen skriv i Aftenbladet om kva elevar eigentleg treng. Og det veit han utan at han vil høyre om korleis dei har det.

Eg kjende meg utrygg på skulen. Og eg var ein av dei elevane som Jørgensen meiner skulle ta seg saman i staden for å «dvele med det emosjonelle».

Eg følgde det rådet. Det gjekk bra først. Eg vart beste elev i klassen. Eg fekk gode jobbar. Det var berre det at borna mine var redde for sinnet mitt. At eg ikkje kjende meg trygg i relasjonar. At eg hadde ei underliggjande kjensle av å vere heilt feil.

Som elev lærte eg at kjenslene mine var i vegen for alt det fine Jørgensen ramsar opp – fagstoff, gode vanar, ansvar for fellesskapet. Dermed vart dei liggjande i meg. Hos meg kom dei til uttrykk i eksplosivt sinne. Hos andre vert dei til angst, depresjonar, konstant uro eller avhengighet.

Vil ikkje elevane vere del av eit fellesskap?

«Elevar trenger følelsen av at de betyr noe for fellesskapet», skriv Jørgensen. Eg er heilt samd. Og så skriv han: «Det virker som mange ikke engang har tenkt den tanken.»

Korleis får han eigentleg det inntrykket – når han ikkje vil snakke med elevane om anna enn fagstoff? Eg trur nemleg at dei tenkjer den tanken heile tida, for det å vere ein del av eit fellesskap er eit av dei djupaste ønska vi menneske kan ha. Å bety noko for nokon. Men kjenner du deg feil, klarar du ikkje å tru at du betyr noko. Eg slit framleis med å tru det.

Eg meistra fagstoffet. Men god sjølvtillit gjev ikkje god sjølvkjensle.

Manglande kompetanse

Eg er takksam for at borna mine lærar om psykisk helse på skulen. Med den kunnskapen hadde eg spart mange terapitimar og vore mykje betre førebudd på livet.

No lærar eg om emosjonell intelligens gjennom ei treårig tilleggsutdanning. Denne kompetansen treng eg òg som leiar i ei verd med svært rask teknologisk utvikling.

Eg forstår lærarar som synest det er ubehageleg å møte kjenslene til elevane utan å vite kvifor dei skal det og korleis dei skal handtere dei. Slik var det for meg òg. Meir kunnskap hjelper.

Ingenting fungerer utan at vi kjenner oss trygge

Eg er samd i mykje Jørg Arne Jørgensen skriv. Vi skal ikkje unngå det ubehagelege. Vi skal meistre utfordringar og vere del av eit fellesskap. Men ingenting av det kan fungere dersom vi ikkje først opplever tryggleik. Den typen tryggleik som han avfeiar som irrasjonell og misforstått.

Han skriv at elevar treng alvorsprat framfor psykisk tryggleik. Å bli pressa til ei utfordring utan å kjenne grunnleggjande tryggleik fører sjeldan til meistring. Lærdommen blir heller at «denne situasjonen skal eg jobbe hardt for å styre unna resten av livet».

Kvifor er opplevd tryggleik viktig? Hjerneforskinga gjev eit enkelt svar. Eit overaktivert nervesystem, som det er når vi kjenner oss utrygge, står i vegen for å ta inn ny informasjon. Amygdala tek styringa over prefrontal cortex. Utrygge elevar klarar ikkje å lære eller snakke godt, uansett kor hardt dei prøver. Det hjelpar ikkje at ein oppgitt lærar pressar dei og får dei til å kjenne seg feil. Det veit dei sjølve.

Jørgensen skriv at universiteta er «blant de mest ufarlige plassene på kloden.» Da eg nærma meg Copenhagen Business School, byrja eg å sveitte, hjartet banka raskare, det vart vanskeleg å puste. Blodet strøymde frå hjernen og magen til armar og bein. Det er dei same fysiske symptoma som når eg er i fysisk fare.

Eg var redd for å ikkje vere ein del av klassen, og det å vere utanfor er ein grunnleggjande frykt i menneske. Eg opplevde ikkje universitetet som trygt. Ja, eg klarte å lære noko, men eg fekk ikkje ut eitt ord til medstudentane mine.

Jørgensen kan synest det er så irrasjonelt og tullete som han berre vil, men det er slik hjernen vår fungerer. Difor skriv Utdanningsdirektoratet om paragraf 9A i opplæringslova at eleven «skal føle at skolen er et trygt sted». Det hjelpar ikkje eleven at andre synest det er trygt.

Eg skjønar at det kan opplevast som frustrerande, spesielt dersom du aldri har opplevd psykisk utryggleik. Då er eg glad på dine vegne. Vil du få ein idé om korleis det kjennest? Sett deg sjølv i fare og prøv å prestere mentalt eller lære deg noko nytt.

Korleis skape tryggleik?

Korleis skaper vi så denne irrasjonelle, opplevde tryggleiken? Gjennom tid, interesse og støtte for kvar elev. Psykologen Karen Young stiller eit viktig spørsmål: «Korleis kan eg byggje ein relasjon med denne eleven så hen stolar på meg når eg seier – ’Eg har deg, og eg veit du klarar det’.»

«Det er en dårlig strategi å unngå det ubehagelige», skriv Jørgensen. Trur han at eleven synest det er behageleg å snakke om kjensler som frykt og skam med han? Eller er det han som synest det er meir behageleg å snakke berre fag? Og er då rette signalet å snakke mindre om det ubehagelege? Ser han ironien i det?

Eg trur at Jørgensen er ein engasjert lærar som vil det beste for elevane sine. Og så veit eg – av studiar og eiga erfaring – at den måten Jørgensen føreslår å møte barn og ungdom på kan gjere mykje skade. Eg vil gjerne snakke med han om det. Kanskje framfor klassen hans?

Les også

Jørg Arne Jørgensen: «Kan det bli for mye vekt på følelser og psykisk helse i skolen?»

Les også

  1. Det er et lovpålagt krav med psykologkompetanse i kommunene. Langt fra alle kommunene i Rogaland oppfyller kravet

  2. Etter pan­demi­en – en be­kym­rings­melding på skolens vegne

  3. Høyeste antall overdosedødsfall i Rogaland på 20 år

  4. «Supertalentet» Tobias Svendsen (21) åpner opp om fem år med angst: – Rare tanker jeg aldri har hatt kontroll på

  5. På Sola er det chill. Men ikke alle vgs-elever får tilbudet

Publisert:

Kommentator Hilde Øvrebekk

  1. Den nye regjer­ingen flytter makt fra Rogaland

  2. Innfør lønn basert på arbeids­erfaring også for stor­tings­politikere

  3. Skal du klemme, håndhilse eller danse på bordet? Kommer verden til å bli som før? Jeg skal i alle fall kaste munn­bindet

  4. Politikere, la ikke sel­skapers og interesse­gruppers egen­interesser lede dere inn i frist­elsen

  5. Mer olje­skepsis – Roga­land er ikke lenger anner­ledes­fylket

  6. Vi bør ikke bruke penger og ressurser på å reversere fylkes­sammen­slåinger

  1. Kommentator Hilde Øvrebekk