Turstien langs Gauselvågen er ikkje noko å feire

Formannskapet har vedtatt eit kompromiss om ein tursti langs Gauselvågen. Vi har venta lenge på den stien. Vi må forklare kvifor vi likevel ikkje feirar.

Forliket seier at stien skal ha fleire portar som du må krysse. Det gir ein signaleffekt som kan kommunisera at no er du i ferd med å ta deg inn på privat eigedom, og kva med rullestolbrukarar? Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Paal Kloster
    Kommunestyrerepresentant, Stavanger SV
  • Andreas Kirkhaug
    Varamedlem, styret i Stavanger SV
  • Ingrid Kristine Aspli
    Kommunestyrerepresentant, Stavanger SV
  • Eirik Faret Sakariassen
    Gruppeleiar, Stavanger SV
Publisert: Publisert:

Å laga ein samanhengande turveg langs sjøen, frå Stavanger sentrum til grensa mot Sandnes i sør, har vore planlagt sidan tidleg på 1990-talet. Heile kommunen vil få gleda over å få tilgang til og å kunne ferdast langs sjøen når turvegen står ferdig. Vi ser på denne planen med eit hundreårsperspektiv. Det er barna, barnebarna og oldebarna våre som vil ha mest glede av ein slik turveg, og den vil sikra deira tilgang til sjøen for framtida.

Reguleringsplanen for den siste, manglande veglenka i Gauselvågen blei vedtatt for ti år sidan. Grunneigarane har ikkje vore villige til å bidra til at fellesskapet skal få ein skikkeleg turveg her. Stavanger bystyre vedtok derfor å bruka oreigningslova for å gjennomføra turvegen. Oreigning (tyder ekspropriasjon) er eit maktmiddel som alltid må brukast med varsemd, og berre når det verkeleg er nødvendig. I dette tilfellet meinte fleirtalet i bystyret at samfunnsnytta av turvegen var større enn ulempene for grunneigarane langs turvegen.

Aukar risikoen for overgrep

Oreigninga har vore oppe som sak i tingretten, og det er fastsett eit skjønn for kor mykje Stavanger kommune skal betala i erstatning for veggrunnen og dei ulempene grunneigarane vil få når turvegen blir tatt i bruk. Grunneigarane var ikkje nøgde med skjønnet, og anka avgjerda til lagmannsretten, som då skal fastsetta eit overskjønn.

I mellomtida har kommunen forhandla med grunneigarane på ny, for å sjå om det kunne vera mogleg å få til ein avtale. Fem partar har underteikna ein avtale, eit forlik. Dette forliket blei vedtatt i formannskapet 22. oktober. Ein kan kalle det ein siger, av typen endeleg vert det tursti!

SV fremma eit eige forslag, av følgjande grunnar:

1. Forliket seier at stien skal vere utan lys, fordi lyssetting er skjemmande for dei som bur langs stien, og fordi det må vere nok lys med lyset som kjem frå husa. Dette held ikkje. Lyssetting av tursti handlar om likestilling, at det skal vere trygt for alle å gå tur. Det handlar om universell utforming, at du også skal kunne gå tur kl. 17 ein ettermiddag i desember, også om du er svaksynt.

Kva med rullestolbrukarar?

2. Forliket seier at stien skal ha fleire portar som du må krysse. Det har naturlegvis ein signaleffekt som kan kommunisera at no er du i ferd med å ta deg inn på privat eigedom, og kan gjera at turgåarar snur. Men ikkje minst strir det mot viktige prinsipp og verdiar knytt til inkludering og universell utforming – korleis blir det å koma seg forbi desse portane med elektrisk rullestol?

Dette forliket strir altså med sentrale politiske prinsipp for SV, mellom anna at naturen skal vera for alle, at vi skal ha universell utforming i alt vi etablerer, at vi er eit feministisk parti som har belysning av trasear der folk ferdast som eit av fleire viktige tiltak for å førebygga overgrep.

Vi har lytta til argumenta om at når ein no har slite med denne saka i fleire tiår, må ein koma til mål ein gong. Og at ein tursti er betre enn ingen tursti. Det held ikkje.

Forliket opplever vi som at ein gir etter for ein uthalingstaktikk frå grunneigarane si side, og inngår eit dårleg kompromiss for å få saka ut av verda. Signaleffekten blir naturlegvis at berre ein held ut og brukar nok pengar, vil ein til slutt greia å hindra framtidig tilrettelegging for fellesskapet av innbyggarar som ønskjer å nyte naturen. Difor feirar ikkje SV denne stien.

Publisert:
  1. Gauselvågen
  2. Friluftsliv

Mest lest akkurat nå

  1. SISTE: Bjarne Berntsen har fått sparken i Viking

  2. Sundal: - Tror ikke på normal julefeiring

  3. Mistet lappen for dugg på frontruten

  4. 170.000 bileiere må bytte bombrikke

  5. «Mamma, du trenger ikke å ha med mobilen», sa barna. Da skjønte Randi Flesjø (38) alvoret

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter