Rullande steinar i Rødsliane må stoppast nå!


SAMFERDSEL: Kvifor skal rassikringsprosjektet med tunnelutbygging på rv. 13 i Suldal kommune prioriterast nå som Rogaland alt har fått både Ryfast og Rogfast?

Prioriteringane i komande NTP er knallharde, men rv. 13 Rødsliane bør stå for tur. Det seier seg vel sjølv at politikarane må prioritere dei prosjekta som er best planlagt.

Debattinnlegg

  • Helen Moen Gjuvsland
    Sivilingeniør, veg og samferdsel
Publisert: Publisert:

Midt i pandemien si utfolding over tettbygde strok i Norge og verda, vil nok mange vere einig i at det er nettopp i distrikta ein nå har det best. Her
har ein arbeidsplassar, frie areal og lite Covid-19-smitte. Folk bur heldigvis ikkje like tett som i meir bynære strøk.

Stortingspolitikarane og samferdselsminister, Knut Arild Hareide, kan saman gjere noko med demografiutfordringane i distrikta. Eit av dei viktigaste verkemidla er samferdsel. No har me fått ei stadfesting på korleis det statistisk sett står til i Distrikts-Noreg. Rapporten til Normann meiner toget har gått frå perrongen når det gjeld å stanse nedgang i folketal, aldring og få til spreidd busetnad i distrikta.

Dette kan ein gjera noko med når ein har vilje og makt. Bygda treng byen og
omvendt. Men skal bygda og byfolket ha det godt, held det ikkje med arbeidsplassar og flott norsk natur. Kollektivtransport og trafikkmaskinar i sentrumsområda har lenge fått den største delen av pengesekken.

I distrikta treng ein først og fremst sikre vegar. Rassikring må komma først. Her er det ikkje snakk om å betra trafikkavviklinga, men tenkja på trafikktryggleiken for alle. Ein skal kunna kjenna seg trygg på at det ikkje kjem ein stein inn frontruta når ein køyrer på offentleg veg, og at vegen ikkje er stengt av steinmassar.

Prioriteringane i komande NTP er knallharde, men rv. 13 Rødsliane bør stå for tur. Det seier seg vel sjølv at politikarane må prioritere dei prosjekta som er best planlagt, kor ein får mykje igjen for kvar krone og det er lita uvisse om kva byggekostnadane blir. Tunnel i Rødsliane har vore gjennom fleire kvalitetssikringar i Statens vegvesen og er godt eigna for utlysing som totalentreprise.

Difor kan ein driva tunnelen gjennom frå A til B med lita økonomisk uvisse, og monaleg arbeid til den norske arbeidaren som vil og kan byggje tunnel i fjell. Måtte by og land, skulebarn, arbeidsreisande og turistar endeleg får rassikring i Rødsliane.

Publisert:
  1. Nasjonal Transportplan
  2. Samferdsel
  3. Suldal kommune
  4. Knut Arild Hareide
  5. Tunnel

Mest lest akkurat nå

  1. – En helt uvanlig finansmann

  2. – Vi trenger ikke noe ekstra fra kommunen. Vi vil bare beholde skolen vår

  3. Inger-Tone var 33 år da hun fant ut at foreldrene hentet henne i Sør-Korea uten lov

  4. Full krangel om Norges største gondol til 500 millioner. Bak står Spotify-investorer.

  5. Ingve Bøe om Bodø/Glimt: – Det holder ikke i Stavanger

  6. Hildeborg (38) turte bare å løfte et kosteskaft. Nå klarer hun 222,5 kilo