Fleire parti har god språkpolitikk, dei minste partia er best

VAL 2017: Noregs Mållag har gått gjennom partiprogramma, språkpolitikken og den politiske praksisen til partia.

Mållaget har gått gjennom partiprogramma til hjelp for dei som legg vekt på språkpolitikk når dei skal stemme i stortingsvalet.

Debattinnlegg

  • Ålaug Rosseland
    Ålaug Rosseland
    Styreleiar, Vest-Agder Mållag
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Ap: Det er godt å sjå at nynorsken er attende i programmet til Ap. Men me er likevel litt uroa for om formuleringane om alternative vurderings- og eksamensformer kan nyttast til å svekke sidemålsordninga.

Frp: Fridomsretorikken til Frp står i vegen for ein god språkpolitikk. Slik vil tiltak som anerkjenner at styrketilhøvet mellom nynorsk og bokmål er ulikt, stå i motsetnad til resten av politikken til Frp.

Høgre: Stadfesta nok ein gong på landsmøtet at det ikkje er fleirtal for eigen karakter i sidemål, og programmet stadfestar at nynorsk ikkje er ei sak partiet Høgre er oppteke av, sjølv om det finst politikarar i Høgre som er svært opptekne av nynorsk.

KrF: Partiet har gode formuleringar om nynorskpolitikk, men det er verdt å merke seg at dei er opne for å endre på vurderingsordninga i sidemål.

MDG: Kom som ei kule før førre stortingsval med ein omfattande og god språkpolitikk, og stadfesta denne på årets landsmøte.

Raudt: Har ein solid nynorskpolitikk. I programmet legg dei vekt på at mållova må handhevast, og at NRK må bruke meir nynorsk.

Sp: Har ein solid nynorskpolitikk. Sp slår som einaste parti fast at jamstilling krev ein særskild innsats for nynorsken.

SV: Har ein fyldig og solid nynorskpolitikk. SV er det einaste partiet som har konkrete formuleringar om barnehagefeltet.

Venstre: Har ein solid nynorskpolitikk. Som einaste parti har Venstre programfesta at dei vil ha ein eigen nynorskdidaktikk i lærarutdanninga og ei eiga språklov.

Offentlege heimesider

Til alle som meiner at dei ikkje vil få bruk for å lære å skrive nynorsk, og at karakter i sidemål kan fjernast:

Heimesidene til offentlege organ, som til dømes Yr og NAV, Skatteetaten og Politiet, har tilbod til den brukarane om å velje mellom bokmål og nynorsk. I tillegg har dei i varierande grad tilbod om andre språk. Men den som vel nynorsk, får seg ei overrasking, eventuelt ein frustrasjon.

Tekst på slike sider bør vera i samsvar med gjeldande rettskriving slik at dei ikkje villeier folk om kva som er gjeldande rettskriving. Men diverre så oppfyller ikkje desse sidene denne oppgåva. I nynorsksidene er det mykje bokmål. Eksempel på enkeltord er poster, datoer, frister, mandag.

Direkte omsetjing ord for ord, frå bokmål til nynorsk, der ein i staden skulle skrive setninga heilt om, er også mykje brukt. Eksempel: «Etter det er det fortlaupande oppgjer fram til 25. oktober.» Her ville det på nynorsk vore betre t.d. å skrive: Etter det vil vi sende ut oppgjer etter kvart som det blir klart, fram til 25. oktober.

Kva fortel desse eksempla? At medarbeidarane i desse etatane som har forma teksten på heimesidene ikkje kan nynorsk. Kan hende har dei gått gjennom norskundervisninga på skulen med ei innstilling om at dei ikkje ville få bruk for nynorsk. Og har ein ikkje ønskje om å lære, lærer ein også heller dårleg. Kan hende såg også læraren at nynorsk sidemål helst ikkje var eit obligatorisk fag.

Så til de politikarar som vil sidemålet til livs. Vil de ha offentlege heimesider som forvirrar og viser så liten respekt for det eine av Noregs to likestilte målformer/språk?

Les også

Jarle Natland: Nynorske Stavanger

Les også

– Styrk nynorsken, del på nynorsk!

Les også

Brør under brynja – Arne Garborg og Peter Hognestad

  • Sjå jubileumsgudstenesta med Peter Hognestads «landsmaal»-liturgi, hans omsette salmar og interessante talar frå biograf Per Halse og direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum.

Les også

  1. SAKPROSA: Biskop Hognestad kristna nynorsken

Publisert:
  1. Nynorsk
  2. Språk
  3. Stortingsvalg 2017

Mest lest akkurat nå

  1. Kom ikke inn i Austrått svømmehall og måtte dra til Stavanger og stille seg i kø der: – Nå blir vi stående helt til vi kommer inn

  2. Stavanger-ordfører Kari Nessa Nordtun er koronasmittet

  3. Viking-juvelen satt ut etter smitte: – Jeg er overrasket

  4. Snille, gode Ole Kallelid

  5. Fridykkere løftet opp 77 dekk fra havbunnen

  6. Ole Kallelid er død