Kommunedebatten: Har Stavanger-regionen dei rette føresetnadene for å skapa gode løysingar?

KRONIKK: Kva hadde skjedd med regionen vår dersom Stortinget ikkje hadde slått saman Stavanger, Madla og ein del av Hetland i 1965, og Sandnes det same med Høle, Høyland og den andre delen av Hetland?

Ordførarane (frå venstre) Christine Sagen Helgø (H) i Stavanger, Stanley Wirak (Ap) i Sandnes, Ole Ueland (H) i Sola og Kristine Enger (Ap) i Randaberg styrer i ein og same felles arbeids- og busettingsmarknad, – men sit òg på kvar si tue og prioriterer ikkje alltid i heilskap og langsiktig. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Njål Kolbeinstveit
    Seniortanken
  • Hjalmar Inge Sunde
    Seniortanken
  • Torvald Sande
    Seniortanken
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Natasja Askelund finn i ein gjestekommentar i Aftenbladet i førre månad grunn til å vera redd for at demokratiet blir svekka. Ho fryktar amerikanske tilstandar hos oss og dreg linjer til ytringsformer i striden lokalt om bompengar.

Å drøfta om vi tek godt nok vare på demokratiet er viktig. For omlag 50 år sidan sa den amerikanske økonomen John Kenneth Galbraith at USA var ei verdsmakt på veg inn i djup krise fordi ein tilfreds majoritet ikkje ville betala meir skatt. Hadde han blitt høyrd, kunne USA i dag truleg vore eit betre samfunn med eit meir funksjonsdyktig demokrati. Fleire moment verkar sjølvsagt inn. Måten det amerikanske samfunnet er organisert på; blant anna kan fordelinga av makt mellom delstatane og det nasjonale nivået gjera det vanskeleg å få til effektiv styring. Måten vi fordeler makt på, og kva prioriteringar politiske organ vel, er faktorar som verkar inn på kor godt demokratiet fungerer.

Bompengar og transport

Striden om bompengar kan nå gje oss grunn til å drøfta politiske prosessar i regionen vår. Bypakken er på plass etter langstrekt politisk arbeid. Når den endeleg skal takast i bruk, finn visse politikarar som har vore med å vedta den, at den nå er mindre brukbar enn då dei var med på vedtaket.

Skal vi vurdera det som har skjedd i saka, kan samanlikning med andre byar vera til hjelp. Bergen har i fleire år hatt bybane. Bergen kommune hadde 279.000 innbyggarar ved siste årsskiftet. Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg hadde til saman 242.000 innbyggarar. Ifylgje Aftenbladet har Trondheim med 190.000 innbyggarar planar for sykkelvegar og kollektivfelt med lågare kostnader enn Stavanger. Oslo har offentleg kommunikasjon som er i verdstoppen.

Kva er det som gjer at regionen vår – ein av dei mest vekstkraftige og rikaste i landet – ikkje har fått ut fingen før, og nå sit utan ei ferdig utbygd løysing , ein del lunkne politikarar og visse grupper med sterk misnøye?

Når innvendingar kjem frå folkevalde som har vore med på vedtaka, kan det tyda på at den politiske prosessen har blitt for vanskeleg.

Kommunegrensene

Den viktigaste skilnaden mellom oss og dei nemnde byane kan vera at her er det fire kommunar som må bli samde før ein har ei løysing. Straks to kommunar er inne i biletet – som til dømes Oslo og Bærum i saka om Fornebubanen – ser det ut til at det oppstår komplikasjonar i samarbeidet som hindrar framdrift.

Skal fire kommunar i regionen vår – kvar med ulike politiske parti som alle skal markera seg og til slutt likevel bli samde – kan det vera forståeleg at prosessen tar tid. Prosessen kan dessutan bli så uoversiktleg at det kan oppstå noko som kan minna om ansvarsfråskriving for kostnadene ved investeringane. Dette får konsekvensar for bompengane. Det kan difor vera heilt naturleg at Trondheim finn billegare løysingar enn Stavanger-regionen.

Har vi i eit system med så mange aktørar – spreidde på fleire kommunar – at vi manglar kraft til å foreta ei vurdering av kvaliteten til løysinga ein omsider er blitt einige om?

Problemstillinga er kjend frå faglitteratur. Professor i psykiatri Nils Johan Lavik skreiv boka «Politisk psykologi» (2005). Der er omtalt situasjonar der semje blir prioritert høgare enn å finna den beste løysinga. Det er rimeleg at slikt skjer der prosessen blir for tungvint. Når innvendingar kjem frå folkevalde som har vore med på vedtaka lenge etter at vedtak er gjort, kan det tyda på at den politiske prosessen har blitt for vanskeleg.

Regionen vår er ein felles arbeidsmarked. Å oppnå mål om mindre forureining frå arbeidsreiser og meir effektiv kommunikasjon får som ein naturleg konsekvens at vi må ha eit felles politisk organ som kan sjå dei samanhengane når politiske vedtak blir gjorde. Manglar vi det, vil det gå ut over velferda vår. Det kan også gjera regionen vår mindre attraktiv for næringsetablering.

Oslo har i seinare år oppnådd meir effektive kommunikasjonsløysingar fordi busettinga er blitt meir konsentrert. Høge bompengar vil vera ein konsekvens dersom offentlege kommunikasjonar fangar opp ein liten del av arbeidsreisene, og privatbilen må ta ein stor del. Det er tilfelle i regionen vår. Dette gir høgare krav til vegkapasiteten og kan få konsekvensar for bompengar.

Må kommunestrukturen fastsetjast av eit demokratisk vald organ som ser heilskap, før vi kan venta at lokale avgjerder skal skapa gode løysingar i rett tid?

Ansvaret for det overordna blikket

Kan vi slå oss til ro med eit system som ikkje er i stand til å skapa like gode løysningar som andre regionar vi kan samanlikna oss med? Kva vil skje med regionen vår på lengre sikt dersom dei politiske prosessane våre er mindre effektive enn det andre samanliknbare kommunar har? Vi kan også vera budde på at framtida vår – ikkje i same grad som hittil – vil vera oljesmurt. Også olje i same omfang som hittil vil bli ein mindre del av norsk økonomi, og stilla større krav til effektivitet.

Må kommunestrukturen fastsetjast av eit demokratisk vald organ som ser heilskap, før vi kan venta at lokale avgjerder skal skapa gode løysingar i rett tid?

Kva hadde skjedd med regionen vår dersom Stortinget ikkje hadde sett det ansvaret på 1960-talet då kommunane Stavanger, Madla og ein del av Hetland vart slått saman i 1965, og Sandnes det same med Høle, Høyland og den andre delen av Hetland?

Les også

Jan Zahl: «Kunsten å gjera seg upopulær»

Les også

Jostein Soland: «Kommunene på Nord-Jæren må finne sammen»

Les også

Varaordføreren i Sandnes: «Kommunene på Nord-Jæren står sammen»

Les også

Sosiolog: «Sandnes er eit patriotisk mirakel»

Les også

Natasja Askelund: «Demokratiet tåkelegges og utvannes – nå er det grunn til å være redd»


Les også

  1. Aftenbladet mener: «Bystyret i Sandnes vil ikke se en gang til på Mona Anita Espedals sak. Det står til stryk. Blank stryk.»

Publisert:
  1. Kommunereform
  2. Stavanger
  3. Sandnes
  4. Demokrati
  5. Nord-Jæren

Mest lest akkurat nå

  1. 70 prosent av det medisinske utstyret på SUS må byttes ut

  2. To nye smittetilfeller i Stavanger

  3. «Mamma, du trenger ikke å ha med mobilen», sa barna. Da skjønte Randi Flesjø (38) alvoret

  4. Leger mener korona­utvalg gjør feil vaksine­prioritering

  5. Sandnesbrødre vil bygge ishall og 50-metersbasseng på Lura

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter