«Om språk er viktig, krevst det språkpolitikk»

DEBATT: At staten bruker heile breidda av norsk språk – både bokmål og nynorsk – er svært viktig for at samfunnet framleis skal vere bygd på den viktige grunnsteinen språket vårt er.

«Både bokmål og nynorsk treng ein strategi for ikkje å tape mot engelsk, og nynorsk treng det same mot bokmål», skriv Magne Aasbrenn.
  • Magne Aasbrenn
    Magne Aasbrenn
    Leiar i Noregs Mållag
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kulturdepartementet har leigd konsulentselskapet inFuture til å gjere ein framtidsstudie til den nye kulturmeldinga, og kulturminister Linda Hofstad Helleland skriv eit svar til Sven Egil Omdal i Stavanger Aftenblad 23. november om kva ho ser på som utfordringane i den nye kulturmeldinga.

Da er det gledeleg at kulturministeren trekker fram språket vårt som «den kanskje aller viktigste felles grunnsteinen i vårt samfunn». Ho er samd i at språket er under press og at «vi må bruke det og utvikle det som en felles plattform for kommunikasjon og identitet i vårt mangfoldige fellesskap».

To jamstilte norske skriftspråk

Kulturdepartementet har det overordna ansvaret for språkpolitikken i Noreg, og Noreg er eit land med to jamstilte norske skriftspråk: Nynorsk og bokmål. Begge språka treng ein god politikk for at dei skal styrke seg. Både bokmål og nynorsk treng ein strategi for ikkje å tape mot engelsk, og nynorsk treng det same mot bokmål.

Ein god språkpolitikk handlar om å hegne om språka våre, både dei norske og dei nasjonale minoritetsspråka. Alle språk treng å bli lesne og sett for at det skal bli lettare å bruke dei. Dermed må kulturministeren føre ein politikk som gjer at språka blir brukte og kan utvikle seg.

Les også

Skule blir skole i Klepp

Les også

Fleire parti har god språkpolitikk, dei minste partia er best

Norsk fagspråk må få større plass i akademia; det inneber at «teljekantsystemet» må endrast. Dei digitale ordbøkene på begge språk må få midlar til oppdatering slik at alle har fri tilgang til formverket i språket sitt. På mediesida må både NRK og TV2 få styrkte krav til å vise fram både nynorsk og bokmål på nett. Norskspråkleg musikk må sikrast plass i etermedia. Pressa, ikkje minst den som held til utanfor Oslo, må få gode vilkår. Tiltak som sikrar barn og unge tilgang til norskspråklege tenester på nett, må tilførast ressursar, elles blir konkurransen for ujamn andsynes mediestraumen frå utanlandske, engelskspråklege gigantar.

I norsk skule ser vi at det dukkar opp private grunnskular der undervisninga hovudsakleg er på engelsk. Dette er ein svært dårleg måte å hegne om norsk språk på. I tillegg blir rettane til nynorskelevar systematisk brotne. Dette er det fullt mogleg for regjeringa å få kontroll over.

Gi støtte til Språkrådet

Ei viktig hjelp for nynorsken kan Kulturdepartementet gi med å gi støtte til Språkrådet når det avdekker brot på mållova. At staten bruker heile breidda av norsk språk – både bokmål og nynorsk – er svært viktig for at samfunnet framleis skal vere bygd på den viktige grunnsteinen språket vårt er.

Ein viktig del av felles identitet er det norske dialektmangfaldet. I dag manglar staten heilt strategiar for å motverke dialektdaude. Vi i Noregs Mållag har mange idear til kva som kan gjerast!

Publisert: