Lurås er ingen dumming, han veit kva han gjer − tilgje han ikkje!

DEBATT: Resett-redaktør Helge Lurås veit, akkurat like godt som eg, at utsegner i nettavisa hans appellerer til det verste i oss menneske.

Publisert: Publisert:

«Som redaktør har Helge Lurås ansvar for det som blir publisert på Resett. Han viftar sjølv gjerne med Vær varsom-plakaten. Når han veit at Sumaya Jirde Ali lenge har vore eit hatobjekt, burde han vere ekstra varsam», skriv Jarl Wåge. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Lærar og skribent
  1. Leserne mener

«Fuck Helge Lurås [redaktøren for nettavisa Resett], som meiner ei som er saftig i språket må tole å bli hetsa og drapstrua på det mest groteske», skreiv eg sist laurdag. Dette har falle Lurås tungt for brystet. Så no skal eg gjere noko som Lurås ikkje gjerne gjer i Resett sine kommentarfelt; eg skal moderere:

Ifølgje Lurås er det ikkje dette han har sagt, men at Sumaya Jirde Ali må tole utsegner som «hettemåke», «feit sugge overforet av NAV-penger», «et svik å kalle denne tildekkede såta dame». Så då skulle vel alt vere i orden og denne saka ute av verda?

Det er det vi har sett mot Sumaya Jirde Ali; glødande hat, forakt, trugsmål og rasisme.

Han veit godt kva han gjer

Så enkelt er det ikkje. For ikkje lenge sidan skreiv ein anonym skribent som kallar seg «Mumler Gåsegg» ein kronikk i Resett der hen (mann eller dame?) kallar Sumaya Jirde Ali «spissen på det somaliske og særdeles aktivt fødende tunge spydet som er kastet inn i Norge». Hen kan også fortelje at Jirde Ali er «besatt av å sparke Norge i skrittet og spytte på Norge».

Då Jirde Ali blei kåra til Årets Bodøværing i fjor, blei ho møtt med mange hatefulle og rasistiske kommentarar (ikkje i Resett). Blant anna meinte ein at ho måtte skrelle av seg negerhuda før ho kunne bli bodøværing. Andre ville valdta negerfitta, gjerne ved å kjøre ein kaktus opp i ho.

Som redaktør har Lurås ansvar for det som blir publisert på Resett. Han viftar sjølv gjerne med Vær varsom-plakaten. Når han veit at Sumaya Jirde Ali lenge har vore eit hatobjekt, burde han vere ekstra varsam. Lurås er ingen dumming. Han veit, akkurat like godt som eg, at utsegner som «Mumler Gåsegg» sine, appellerer til det verste i oss menneske. Å kalle nokon spydspiss for fødemaskinar frå Somalia, har ikkje akkurat dempande effekt på fordommar, men blir i staden incentiv som nettopp nører oppunder menneskeforakt og sjikane.

Det er det vi har sett mot Sumaya Jirde Ali; glødande hat, forakt, trugsmål og rasisme (same kor sterkt Lurås avfeiar at dette har noko med rasisme å gjere) i Resett sine kommentarfelt og andre stader. Nokre av utsegnene som har utløyst dette, er nettopp slike Lurås meiner den unge kvinna må tole. Det er då eg får lyst å låne nokre ord av Arnulf Øverland og spandere dei på Lurås: «Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv.»

Då kan han heller ikkje vri seg unna, slik Arnulf Øverland ville ha sagt det, at han «puster på hatets og ondskapens glør».

Redaktøransvaret

Mange aviser har kutta ut kommentarfelt fordi det blei så vanskeleg å moderere dei og fordi det dukka opp så mykje usakleg grums der. Ikkje slik i Resett. Der skal kommentarfelta vere ein arena der blant andre dei som ikkje har våga å uttale seg klart og tydeleg om kontroversielle tema, skal få utfalde seg.

Eg forstår godt at Helge Lurås seier det er vanskeleg å moderere slike kommentarfelt. Kommentariatet kan levere fleire hundre kommentarar kvar dag. Men om han ikkje bare er redaktør, men ansvarleg redaktør, kan han likevel ikkje lure seg unna ansvaret for kommentarane på nettstaden. Då kan han heller ikkje vri seg unna, slik Arnulf Øverland ville ha sagt det, at han «puster på hatets og ondskapens glør».

Les også

Jarl Wåge: «FUCK hat! FUCK rasisme! FUCK nettavisa Resett!»

Les også

Resett-redaktør Helge Lurås: «Stavanger Aftenblads forhold til Vær Varsom-plakaten: FUCK! FUCK! FUCK! FUCK!»


Publisert: