Det er så mykje anna dei har råd til, berre ikkje i Kvernevik

DEBATT: Det må då vera eit paradoks når dei borgarlege partia seier dei ikkje har pengar til å byggja eit bydelshus i Kvernevik. Ikkje pengar til? Kva er no det?

Publisert: Publisert:

«Det er kjempebra at fritidsklubben endeleg skal koma inn i nye tidsmessige lokale til glede for ei stor gruppe barn og unge», skriv Solveig Nessa.

Debattinnlegg

  • Solveig Nessa
    Stavanger Arbeidarparti
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
  • Solveig Nessa er medlem av Madla bydelsutval og er vara til bystyret og første vara til kommunalutvalet for miljø og utbygging.

Det er ein gledas dag når vi no i Madla bydel endeleg skal få ei nytt bydelshus i Kvernevik til erstatning frå det gamle, slitte bydelshuset som for lengst har slutta å fungera som bydelshus.

Bydelen treng denne satsinga på bydelen i ei tid med store levekårsutfordringar.

Og det er kjempebra at fritidsklubben endeleg skal koma inn i nye tidsmessige lokale til glede for ei stor gruppe barn og unge. Og legane som forsvann for nokre år sida, er snart tilbake i bydelen igjen. Det er bra! Bydelen treng denne satsinga på bydelen i ei tid med store levekårsutfordringar. Men det må då vera eit paradoks når dei borgarlege partia seier dei ikkje har pengar til å byggja eit bydelshus i Kvernevik. Ikkje pengar til? Kva er no det? Det er så mykje anna som dei har råd til, berre ikkje i Kvernevik.

No skal kommunen bli eit kommunalt offentleg prosjekt (OPS) og betale nærmare 4.5 millionar i året til private huseigarar i staden for å eiga huset sjølv. Det blir 90 millionar på 20 år, og huset er framleis ikkje nedbetalt. Kommunen eig ingenting, og husleiga er like høg. Det blir husleige til evig tid, og dette er dårleg økonomi for kommunen. «Eit forsøk som vi berre vil prøva», seier høgrepartia til forsvar når vi konfronterer dei med dårleg økonomisk planlegging.

Les også

Slik blir Kverneviks nye bydelshus

Høge husleier

I Haugesund kommune klagar ordføraren etter 20 år med høgrestyre, eigde dei framleis ikkje ein stor sjukeheim. Dei betalar høge husleiger til private. Det var ei av årsakene til at kommunen har hatt svært få tilbod til eldre og sjuke.

I Oslo og Trondheim sette dei heile OPS-reforma i revers straks sosialdemokratane kom til makta fordi det var dårleg økonomi å privatisera offentlege oppgåver som barnehagar, skular og sjukeheimar. Dårleg for økonomien og for dei tilsette som i tillegg mistar sine opparbeidde rettar til pensjonar og ofte også arbeid.

Ikkje velukka

Til og med Cevita, med Kristin Clement, stillar spørsmål med om det ikkje er best å dela det i to delar: Det offentlege skal ha ansvar for offentlege oppgåver, og dei private skal driva eit fritt næringsliv. Å blanda oppgåvene er ofte komplisert. Det er mange døme på at det ikkje har vore vellukka, Innrømte dei på eit møte på Sting i år.

Publisert:

Les også

  1. Kvernevik skole får det til!

Mest lest akkurat nå

  1. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  2. Haalands langspurt overskygget alt. Det gikk et gisp over fotballverdenen.

  3. Ny seier til Jakob Ingebrigtsen: – Stas å gjøre ting man ikke har gjort før

  4. Ser du hvor dette huset har en skjult oase?

  5. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  6. Trafikken går som normalt igjen på E39