Det finst to ulike typar bompengar, – smarte og dumme

DEBATT: Bompengar og bompengar er to ulike ting. Samfunnsnytta av bompengar kan vere negativ, og den kan være positiv. For nokre bilistar kan dei òg vere eit gode.

«[…] om Venstre og Frp skulle prøve å kome til eit kompromiss om bompengar, så ville det vere ein god idé om Frp fekk fjerne bommar på bygda, medan Venstre fekk auke rushtidsavgiftene i bynære strøk», skriv Håvard Saksvikrønning.

Debattinnlegg

  • Håvard Saksvikrønning
    Håvard Saksvikrønning
    Siviløkonom og sivilingeniør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Den klassiske bomstasjonen i Noreg har lege i distrikta og teke inn betaling for å køyre over ei bru som erstattar ei ferje. Frp har i alle år, med rette, kritisert denne typen bompengar og i staden ønskt å betale for bru og veg med skattepengar.

Grunnen til at det er lurt å ikkje ta betalt for køyring på vegar i distrikta, er at kostnaden ved ein ekstra bil som køyrer på vegen, er lik null. Det er lett å vise at samfunnets totale nytte av vegen fell dersom ein tek inn bompengar. Ein kan til dømes tenke seg to eldre systrer som bur på kvar si side av ein fjord med bru over. Dersom det kostar pengar å køyre over brua, kan det hende at det vert for dyrt å ta turen over berre for ein kaffikopp, og den samfunnsøkonomiske nytta av brua fell.

Bompengar som eit gode

Men bompengar er også bra, for dei gjer det mogeleg å få finansiert ein veg som elles ikkje ville blitt bygd. Bompengar gjer at ein kan erstatte ferje med bru, sjølv om det ikkje finns pengar på budsjettet – alt ein treng å vise er at ferjebilletten kan betale ned lånet på brua. Slikt kan ha stor betydning. Ein av grunnane som vert trekt fram for kvifor industrialiseringa kunne starte i Storbritannia, var at bygging av privatfinansierte bomvegar på 1700-talet gav landet eit unikt godt vegnett. Men det er lurare å betale for vegutbygginga med generelle skattar.

Køyrer du derimot inn til Oslo i rushtida, er ikkje kostnaden ved ein ekstra bil på vegen null. Enten går farten på vegen ned, slik at alle kjem seinare på jobb, eller så lyt ein bygge meir veg for å få plass til den ekstra trafikken. Alt dette er dyrt, og Venstre har heilt rett i at det vil vere samfunnsøkonomisk lurt å legge på bompengar inntil trafikken flyt jamt igjen.

Ein annan viktig ting er sjølvsagt kven som skal betale for utstyr som fellesskapet treng. Men greia er at dei aller fleste av oss har god nytte av eit godt vegnett, også dei som køyrer lite. Sjølv ein syklist vil tene på gode vegar som gjer at han kjem raskt på sjukehus etter kollisjon med ein lydlaus Tesla. Alle bør difor vere med på å betale for generell bygging av veg, og dette kan godt takast over generelle skattar. Men om du vil bruke eit mangelgode, slik som plass på motorvegen kl. 07.30 om morgonen, så er det heilt rimeleg at du betalar for det privilegiet!

Dei som ikkje køyrer

Det er også rimeleg at bompengane vert nytta til andre ting enn veg. Om du har busett deg i ein villa langt utanfor byen, samtidig som du arbeider i sentrum, får du kjempestor verdi av motorvegen samanlikna med ein kollega som bur i leilegheit i sentrum. Kvifor skal du ikkje betale litt for dette, i så fall? Og om pengane vert nytta til transport, så er det slett ikkje sikkert at det er i di interesse, som bilpendlar, at pengane vert nytta på breiare motorveg. Du treng jo som regel ikkje betre veg, men betre plass på den vegen som er der. Om bompengane skulle finansiere betre kollektivtransport, slik at personen føre deg i køen tek toget i staden, så vil det ofte vere den mest effektive måten å skaffe betre plass på vegen på. Du kompenserer da også kollektivpendlarane for at dei er så hyggelege å la deg køyre raskt på jobb. Det er vel ikkje urimeleg?

Så då Venstre og FrP skulle prøve å kome til eit kompromiss om bompengar, så ville det ha vore ein god idé om Frp hadde fått fjerna bommar på bygda, medan Venstre hadde fått auke rushtidsavgiftene i bynære strøk. Men dessverre ser det jo ut til at Frp endar opp med å bruke bompengar til å finansiere auka vegutbygging i distrikta, medan det fortsett vil vere altfor billeg å lage kø i rushet om morgonen.

Les også

  1. Fylkesordføreren slår full retrett: Avlyser likevel ikke møte om bompenger

  2. Styrevedtak i FNB: Bompengepartiets toppkandidat i Klepp nektes å debattere bompenger på folkemøte

  3. Erna Solberg kom med bom-ultimatum

  4. Harald Birkevold: «Ernas magiske medisin»

  5. Rødt lys inn på Motorveien?

Publisert:
  1. Bompenger
  2. Klimaendringer
  3. Omstilling
  4. Kommunevalg 2019

Mest lest akkurat nå

  1. Helseministeren: – At Nord-Jæren nå innfører munnbindpåbud viser at de tar situasjonen på alvor. Et eksempel til etterfølgelse

  2. Det går ikkje så bra med Knut (42) på Mallorca

  3. SV krever kontantstøtte for å hjelpe folk med strømregningen

  4. 8 myter om koronavaksinen

  5. Marcus (8) er koronasmittet. Det var ikke åpenbart for noen. Så ble det for første gang masse­testing på skolen

  6. Derfor vil de ikke vaksinere seg