Skal matvarekjedane ha all makt?

DEBATT: I Norge har me få, men store matvarekjedar. Det gjer at dei har stor makt til å bestemme vareutvalet me kundar skal ha, samstundes som dei har stor makt over leverandørane sine.

«Norgesgruppa seier at me kundar bare ynskjer egg frå såkalla frittgåande høner. Det stemmer ikkje», skriv Tone Elin Berg.
  • Tone Elin Berge
    Hå Arbeiderparti
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det har me i vinter sett døme på fleire gonger i samband med omprofilereringa til Rema 1000. Når eg handlar mat ynskjer eg å ha eit godt utval, god kvalitet og ikkje minst trygg mat.

Norgesgruppen bestemmer kva type egg me skal handle.

God handelsskikk?

Det siste døme på maktbruk er Norgesgruppen som sist veke bestemte at dei vil fase ut egg frå produsentar som har høner i miljøinnreiingar. Dei vil bare selje egg frå produsentar som har frittgåande høns. Du og eg får ikkje muligheit til å velje. Er dette god handelsskikk? Norgesgruppen bestemmer kva type egg me skal handle.

Dei seier at me kundar bare ynskjer egg frå såkalla frittgåande høner. Det stemmer ikkje. Eg veit at norske bønder er opptekne av at dyra deira har det godt. Eg veit og at norske bønder gjer alt dei kan for å unngå unødvendig antibiotikabruk, helsa til dyra står i sentrum. Dette for at du og eg skal kunne ete trygg mat. Eg vil velje om eg skal kjøpe egg frå den eine, andre eller tredje typen høner.

Investert mykje

Norgesgruppen bør i første omgang informere kundane sine kva dei kallar frittgåande høner. Etter at det i 2012 var forbode å ha burhøns, har norske fjørfebønder lagt om drifta og investert mykje. Dette kunne me lese om i Aftenbladet for eit par veker sidan. Omlag halvparten veljar å ha hønene sine i hønshus med miljøinnreiing. Det er hønshus med høner i bur, ca. sju høner deler «leilighet» med krav om storleik, vaglepinne og sandbad. Dei frittgåande hønene går ikkje fritt inne eller ute og tippar på tunet. Dei bur i stor hallar saman med fleire tusen andre høner. Dei kan røre seg fritt, men dei er aldri ute. Her er det og krav om areal pr. høne. Dei hønene som produserer økologiske egg, kan gå ut.

Kvifor skal dei diktere korleis ei heil næring skal drive?

Når ein ser på helsa til hønene, viser det seg at den er best hos dei som bur i hønshus med miljøinnreiing. Det kunne vi og lese i artikkelen til Aftenbladet 22. mars. Uansett om fjøfebonden vel den eine eller andre løysinga, veit eg at dei ynskjer det beste for sine dyr.

Følgjer reglane

Kvifor veljar då Norgesgruppen ikkje å spele på lag med fjørfebøndene og oss kundar? Kvifor skal dei diktere korleis ei heil næring skal drive? Dagens fjørfeprodusentar følgjer reglane til norske myndigheiter. Eit regelverk der kunnskap og forsking ligg bak. Slik må det vere. Dei store matvarekjedane bør la vere å synse. Det gjer dei når dei seier at så kalt frittgåande høner har det betre enn andre høner. Det går utover ei seriøs næring, det skapar usikkerheit, og det vil føre til store kostnader for næringa.

Norgesgruppen og dei andre matvareaktørane bør heller ta ansvar og sjå verdien av det norske landbruket og byggje opp om det. Då veit dei at dei sel trygg mat levert frå bønder som bryr seg om dyrevelferd, som bryr seg om å levere sunn mat.

Spelar matvarekjedane på lag med alle norske bønder om dei dyrkar frukt, grønsaker, produserer mjølk, kjøt eller egg, vil det vere til fordel for alle partar. Me som er butikkundar kan framleis velje kva type egg me vil kjøpe. Til dykk i Norgesgruppen, la det bli slik i framtida og.

Publisert: