Vi har ein klar filosofi om at alle elevar som ynskjer yrkesretta fag, skal få det

DEBATT: Vi på Vigrestad storskule har ein tydeleg profil om at praktisk utdanning og teoretisk utdanning er likeverdig.

Publisert: Publisert:

På Vigrestad storskule kan elevar på 8.–10. trinn velja yrkesretta fag halve dagen tre dager i veka. Her 8. klassingane Jonas Sveinsvoll og Ingrid Linnea Herredsvela i arbeid. Foto: Anders Minge

Debattinnlegg

  • Ingvar Sør-Reime
    Rektor, Vigrestad storskule
Denne artikkelen er over to år gammel

Syner til reportasje i Stavanger Aftenblad frå 21. september om korleis Vigrestad storskule, Varhaug ungdomsskule og Ogna skule legg til rette for at elevane på ungdomstrinnet skal få arbeide meir praktisk, og reaksjonane frå andre ungdomsskular i artikkelen frå 22. september.

Arbeidslivsfaget er eit alternativ til andre framandspråk.

Overraskar ikkje

Det at andre skular er negative til korleis vi gjer det, overraskar meg ikkje. Argumentasjonen som vert brukt treng likevel nokre kommentarar, meiner eg.

  • Nei, det er heilt klart at ein ikkje får til modellen vår utan eigne eksterne lokale. Det er ei reell hindring. Vi hadde heller ikkje eigne lokale for 10 år sidan, men vi skaffa det. Om ein skal lukkast med ei slik organisering, ligg løysinga hos kommunepolitikarar og skuleleiinga på kommunenivå, i tillegg til leiinga på den einskilde skule. Med eit godt samarbeid med næringslivet, får ein det til. Orstad skule har fått det til, dei har ein rektor som vil.
  • Rektor på Smiodden er redd for «å kjøre elevane inn på eit spor for tidleg». Nei, i utdanningsløpet er vi heller for seine med å gi elevane sjansen til å syne sine sterke praktiske sider. Dessutan tek vi ikkje bort nokon val for elevane. Elevane hos oss har alle teorifaga, innafor gitte ramar frå statleg hald. Den praktiske delen ligg innafor faga utdanningsval, arbeidslivsfaget og valfag. Alle elevane har utdanningsval og valfag som obligatoriske fag.
    Arbeidslivsfaget er eit alternativ til andre framandspråk. Vår erfaring er at andre ungdomsskular har mange elevar som vel engelsk eller norsk fordjuping som alternativ. Det er desse elevane som vel arbeidslivsfag hos oss. Då får dei ein kompetanse i praktiske fag som heilt klart er med på å førebu dei til å lukkast i vidaregåande opplæring. Synergieffekten ved å la dei arbeide med sine styrkesider, vil slå positivt ut for sjølvkjensla og vekst hos den enkelte.
  • Rektor på Klepp ungdomsskule sin uro for at elevane ikkje får med seg all teori, er difor direkte feil. Vi sikrar gjennom rådgjeving at dei elevane som skal gå studiespesialiserande vel andre framandspråk.
  • Rektor på Klepp ungdomsskule seier og at det er vanskeleg å få til vår modell på store skular. Vi er tre skular med om lag 400 elevar på aktuelle trinn, som samarbeider for å få nok elevar til eit rasjonelt tilbod. Store skular får det lettast til, dersom dei vil.
  • Dei tre ungdomsskulane, Klepp, Smiodden og Giske, framhevar det dei allereie gjer for å få skulen meir praktisk. Dette er positive tiltak, som ikkje står i motsetnad til det vi gjer. Vi gjer mykje av det same. Fokuset i reportasjen frå 21. september var fokusert på kva vi kan gjere for å gi gutar eit betre tilbod, og syner berre ein liten del av totaltilbodet vi gir. Eg er likevel samd i at dette vi driv ikkje er ei sesamløysing. Den er ikkje å finna, men det vi gjer, er stor hjelp for nokre elevar, særleg dei som står i fare for å falle frå i vidaregåande skule. Det veit eg.
  • Alle dei tre ungdomsskulane kjem med eksempel på at dei har tilbod om arbeidslivsfag. Slik det kan sjå ut, så er tilbodet for nokre få elevar. Kva er då kriteria for å få faget? Vi har ein klar filosofi om at alle elevar som ynskjer faget, skal få det.

Tydeleg profil

Vi på Vigrestad storskule har ein tydeleg profil om at praktisk utdanning og teoretisk utdanning er likeverdig, og at samfunnet treng dyktige fagfolk i alle yrke. Skulen er for alle!

Publisert: