Skal alle menn vera familieoverhovud, Sofie Braut?
DEBATT: I eit intervju i aftenbladmagasinet den 23. april seier den konservativt kristne lektor Sofie Braut at mannen skal vera overhovud i familien. Men dessverre presiserer ho verken kvifor familien treng eit overhovud, eller kva det særskilt skal styra med.
Debattinnlegg
- Solveig AareskjoldForfattar, Sandnes
Somme kvinner seier at dei bestemmer sjølve i dei små sakene og overlèt dei store til mennene – bortsett frå at dei aldri har nokon store saker. For min eigen del satsar eg på menn som er så sterke og ansvarlege at dei kan vera både far og mor når det knip, og ta over for kona dersom ho blir sjuk eller stikk av.
Men dersom Sofie Braut i ein alder av førtifire år ikkje er merksam på at det ikkje følgjer med noko kvalitetssikring på dei som stiftar familie, spørst det om ho er vaksen nok til å undervisa ungdom som snart skal gjera dei viktigaste vala i livet.
Meiner ho at kvinner lydig skal bøya seg for rusmisbrukarar, konebankarar, konfliktsky mannslingar som lastar ned barneporno i kjellaren, usjølvstendige stammemedlemer som heller vil drepa døtrene enn å mista den såkalla æra si? Dersom ei mishandla kvinne søkjer hjelp hos henne, vil ho då senda henne tilbake til valdsmannen?
Å vera religiøst konservativ er å snu ryggen til dei moralske problema i samtida.
Mest lest akkurat nå
– Skandale at Hent fikk milliardprosjektet i Jåttåvågen
Sprengningsuhell ved Auglendstunnelen – Motorveien er åpen igjen
Fra i dag blir det ny nettleie. Slik kan du påvirke strømregningen
Slik får de strandsonen til å fremstå privat. Her kan du gå og ikke gå i sommer.
I pausen på basketballkampen kom ideen. Nå kan mobiltelefonen bli hjertestarter
19 kunstnere mister arbeidsplassene sine i Stavanger sentrum
Aftenbladet anbefaler
Regjeringen legger kriseplaner for rasjonering av strøm til vinteren
53-åring fra Rogaland tiltalt for nettovergrep mot 17 mindreårige jenter
– Nesten alle foreldre velger instinktivt det farligste stedet
Siktede i Birgitte-saken nekter å snakke om Tina-saken før han får tilgang til etterforskningsdokumentene