Går me mot ein vinter med straumrasjonering?

DEBATT: I 2022 kan det gå troll i ord i Arne Garborg si skildring av Stavanger og Jæren i boka «frå det mørke Fastland» frå 1893. Det kan bli straumrasjonering med tidvis utkopling. Då får Garborg altså rett, men på ein annan måte enn det han tenkte på.

Innsendaren fryktar straumrasjonering til vinteren. Dette bildet viser ein tilsett ved Aust-Agder Folkehøgskole som les i lyset frå parafinlampar i samband med straumrasjonering etter tørkesommaren på Austlandet i 1959.
  • Ove Tobias Gudmestad
    Pensjonert ingeniør
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det kan bokstaveleg tala bli mørkt her. Det er mange hendingar som kan gi oss ein slik vinter: Dei som vil tena meir og meir, kan halda fram med å selje ut den krafta som blir produsert og skulda på mangel på regn. Det finst ikkje grenser for kor langt ned dei kan tappa magasina.

Det kan bli ein haust med lite nedbør slik at det ikkje er mogleg å fylla magasina slik at produksjonen av straum kan haldast oppe, sjølv om alle reduserer bruken av straum nå.

Olje og gassplattformene i Nordsjøen må ha straum og Norge kan ikkje nekta den industrien prioritet, for då blir forsyningssituasjonen for gass i Europa heilt kritisk. I Dagbladet blir Equinor på leiarplass sterkt kritisert som ikkje vil bidra til produksjon av straum i tilfelle krise. Sjølv om dei har nok pengar i kassen. Nå tenkjer selskapet seg visstnok om.

Det kan bli ein flott vinter med kulde og lite vind, slik fjellfolka ønskjer, men då kan magasina frysa. Di grunnare magasina er, di raskare frys dei på. Og vindkraft er ikkje å stola på når det er kaldt og stille. Martin Hovland har skrive om dette i Bladet den 5. august.

Kva kan konsekvensane bli? Produksjonsstans i industrien med permitteringar. Lukking av kontor, skular og offentlege rom som ikkje kan varmast opp. Men kven kan ha møte eller undervisa på nett utan straum? Bedrifter som har fått store straumrekningar, men som ikkje kan produsera utan straum, går konkurs, arbeidarane blir oppsagde.

I heimane kan det bli mange som frys, og nokre må selja heimen sin for å dekka rekningane. Kommunar må då varma opp og opna krisesenter for dei som ikkje har omn eller som ikkje kan betala for ved.

Husdyra blir ikkje stelte, kyrne blir ikkje mjølka. Dei med stor entreprenørvilje, skaffar seg forureinande dieselaggregat. Det blir hybrid og diesel/ bensinbilar som kan ferdast på vegane.

Det kan bli mørkt i «Stavanger Amt» til hausten og på ettervinteren. Nokre gonger er det nødvendig å gjera noko nå for å redusera sannsynet for full krise og konsekvensane av ei slik krise.

Det kan bli ein haust med lite nedbør slik at det ikkje er mogleg å fylla magasina slik at produksjonen av straum kan haldast oppe, sjølv om alle reduserer bruken av straum nå.
Publisert: