Kan vi nå måla i Parisavtalen utan elektrifisering med straum frå land?

DEBATT: Ja, men då må den gode gamle kraftsosialismen våge å sleppe til ny kunnskap, og ikkje berre svare med gårsdagens løysingar.

Dekarbonisering av Nordsjøen bør skje med hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig ved elektrifisering med straum frå land.
  • Berit Moltu
    Berit Moltu
    PhD i Science and Technology Studies (STS) frå NTNU
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Trass i forsyningskrisa av gass til Europa, og Europa sitt ønskje om å raskast mogleg gjere seg uavhengig av russisk gass, står EU fast på både Parisavtalen og «Green Deal», EU sin grøne vekstindustri og måla om «Net Zero by 2050». Parisavtalen står og fast i Norge.

Sjølv om norsk olje- og gassproduksjon har verdas lågaste utslepp, er det desse punktutsleppa i Nordsjøen vi må dekarbonisere, om Norge skal nå sine mål i Parisavtalen.

Polarisering og omdømetap

Strategien så langt har vore dekarbonisering ved hjelp av straum frå land, og fornybar vasskraft. Vinterens straumkrise har aktualisert at det ikkje er nok kapasitet i leidningsnettet til å elektrifisere heile Nordsjøen med straum frå land. Dekarbonisering av Nordsjøen ved elektrisk straum frå land vil krevje ei vidare massiv utbygging av verna vassdrag og urørt kystfjell landskap. Dette vil dermed føre til auka polarisering og til slutt eit omdømetap for olje og gassindustrien, ein industri som kan vise seg å vere vår viktigaste aktør i det grøne skiftet.

Norge har spesielle føresetnader for å bidra til klimaeffekt gjennom å få opp dei nye verdikjedene på hydrogen, ammoniakk og CCS (karbonfangst og lagring). Hydrogen og ammoniakk kan erstatte dagens gassturbinar, gjennom å nyttast som drivstoff og energikjelder på våre installasjonar. kombinasjon med flytande havvind er dette verdikjeder som det hastar med å få opp og gå. Ei vidare elektrifisering av Nordsjøen med straum frå land, kan fort bli ei sovepute og ei utsetjing, ikkje ei framskunding av desse løysingane som vi treng i vår langsiktige industri og klimastrategi.

Bruk ammoniakk og hydrogen

I dag er det forbrenning av gassen i gassturbinar på plattformene som gir dei CO₂ utsleppa vi må redusere. Hydrogen og ammoniakk med CCS, kan erstatte dagens gassturbinar, som drivstoff og energikjelder på våre installasjonar. Dette kan skje enten ved å blande inn ammoniakk i eksisterande gassturbinar, bytte ut gassturbinane til turbinar som går på ammoniakk og hydrogen eller nytte hydrogen og ammoniakk i brenselceller. Dette her, og dessutan elektrisitet frå flytande havvind kan erstatte den krafta som vi i dag får frå gassturbinar.

Teknologien i desse nye verdikjedene er meir moden enn det kommersielle. Det handlar om å føre ein aktiv industripolitikk. Norge må sjå til UK. Grunnen til at vi har fått flytande havvind-prosjekt i Storbritannia, er at Skottland har gått inn og langt til rette for havvindprosjekta i ein oppstartsfase. UK trengde meir energi, ville ikkje ha meir atomkraft, og ville oppnå sine mål i Parisavtalen. Dei gjekk dermed inn for å subsidiere flytande havvind prosjekt frå Norge. Det er ein ønska politikk som gir effekt. No gjer Skottland det same med hydrogen, fører ein aktiv industripolitikk. Norge står foreløpig att på målstreken.

Les også

Professor Jan Emblemsvåg: «Kjernekraft nødvendig for grønn omstilling»

Vi treng ny eksportnæring

Ein aktiv industripolitikk, handlar ikkje berre om subsidiering av desse verdikjedene, men like mykje om å sikre mottakarar og kundar av produkt i ein overgangsfase, så vi får opp ein marknad. Prosjektet «Langskip» er eit godt døme i så måte. Her har vi gjennom å sikre at industribedrifter på land kan fange opp sine punktutslepp av CO2, sikra kundar til Northern Light prosjektet som transporterer og lagrar CO2 i Nordsjøen.

Ei einsidig dekarbonisering av Nordsjøen ved hjelp av elektrifisering frå land, vil ta vekk ein viktig intern marknad/drivar for å utvikle desse nye verdikjedene innan hydrogen og ammoniakk med CCS, teknologiar vi sårt treng for å bygge ny eksportnæring. Delen av norsk eksport har som kjent falle drastisk etter 8 år med borgarleg regjering.

Elektrisiteten frå land som er planlagt brukt i Nordsjøen kan nyttast betre i nye industriprosjekt på land. All ære til den gode gamle kraftsosialismen, men vi må gi omgrepet kraftsosialisme nytt innhald og tørre å sleppe til ny kunnskap og kompetanse, ikkje berre svare med gårsdagens løysingar. Dermed bør dekarbonisering av Nordsjøen skje med hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig ved elektrifisering med straum frå land.

  • Om forfattaren: Berit Moltu er styremedlem i Stavanger Arbeiderparti, og medarrangør i Klimabrølet Rogaland. Ho jobbar i Equinor.
Publisert: