Tredelinga av foreldrepermisjonen verkar mot si hensikt
DEBATT: Dei som får barn i Norge i dag viser dei er usamde med tredelinga av foreldrepermisjonen. Ein rapport frå Nav viser at over halvparten av nybakte mødrer vel å ta ulønt permisjon.
- Anne Kristin BrunsLeiar, Rogaland KrF kvinner


Dei er ikkje klare til å gå tilbake til jobb etter sju månadar. Då den rigide tredelinga av foreldrepermisjonen blei vedteke i Stortinget i 2018, var Kristelig Folkeparti (KrF) det einaste partiet som stemte imot. Nå viser det seg at KrF hadde rett i å utfordre tredelinga. Den passar ikkje for alle familiar.
Ulønt perm eit tapsprosjekt
Som kvinne og mor til fire barn veit eg at ingen svangerskap og fødslar er like. Både kroppsleg og mentalt er eit svangerskap ei påkjenning. Etter ein fødsel er det også ei tid der ein skal kome seg til hektene att. Mødrer skal få til amming og la kroppen kome tilbake til normalen. Mange ønskjer å ha meir tid saman med barnet før ein går tilbake til jobb.
I ei tid der likestilling er viktig for alle av oss, er det interessant å registrere at sjølv om «staten» vil tre ei ordning nedover familiane, vel familiane likevel å ta eigne val, ut frå kva dei opplever er viktig for den enkelte.
KrF vil sjå ei endring der ein har større søkelys på familielinja framfor eit samfunn der arbeidslinja trumfar tid med barnet.
Dette er eit likestillingsproblem, fordi når ein tek ulønt permisjon mister ein mellom anna pensjonspoeng og ansiennitet. Det er faktisk ei omvendt diskriminering, så lite likestilling som ein kan tenke seg. Partileiaren til KrF, Olaug V. Bollestad utfordra på direkten barne- og familieminister Kjersti Toppe sist veke i Stortingets spørjetime om ein ville gjere noko med det rapporten viser. Ministeren svarte at ho ikkje ville det. Kva seier det oss? Ein ting er at ein ikkje vil gjere noko med det, men det seier også at ein ikkje er villig til å høyre på dei som faktisk erfarer konsekvensane av tredelinga, og som gjennom sine val viser at det ikkje passar for alle familiar.
Meir fleksibilitet må inn
KrF har heile tida kjempa for valfridom for familiane, og at ein skal kunne ta ulike val basert på sine eigne behov. Denne valfridomen vart tydeleg innsnevra etter at ein innførte denne nye ordninga. Vi gjekk til val på å fjerne tredelinga av foreldrepermisjonen og øyremerka ti veker til kvar av foreldra. Viss ein av foreldra ikkje hadde høve til å ta ut permisjon, ville vi gjeve høve til å søke om å overføre desse vekene til den andre forelderen. Samtidig presiserte vi at KrF ville utvide foreldrepermisjonen med fire veker til 53 veker, og gje fedrar sjølvstendig rett til uttak til foreldrepermisjonen.
KrF vil sjå ei endring der ein har større søkelys på familielinja framfor eit samfunn der arbeidslinja trumfar tid med barnet. Rogaland KrF Kvinner vil utfordre barne- og familieministeren på å gjere noko med dette før det går ut over fleire kvinner og deira familiar. KrF vil fjerne tredelinga slik den er i dag. Vi vil ikkje ha fiendtleg likestilling.
Dette er eit likestillingsproblem, fordi når ein tek ulønt permisjon mister ein mellom anna pensjonspoeng og ansiennitet. Det er faktisk ei omvendt diskriminering, så lite likestilling som ein kan tenke seg.