Høgres tapte paradis?

DEBATT: Etter bompengeparti-sjokket i lokalvalet i fjor er veljarmønsteret no igjen slik vi kjenner det frå Stavanger dei siste tiåra. Vil venstresida likevel kunne hamle opp med eit råsterkt Høgre i framtidige val?

«Far vi ein Kari-effekt»? spør statsvitar Svein Erik Tuastad. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Fleire oppsiktsvekkjande meiningsmålingar i Stavanger Aftenblad sist månad viste korleis dei blå veljarane som bompengepartiet stakk av med, no vender tilbake til sine politiske heimtrakter. Spørsmålet dei sentrale politikarane i Stavanger stiller seg, er om det vert beine vegen tilbake for ein blå allianse i posisjon slik det vanlege er i Stavanger. Eller kan Kari Nessa Nordtun (Ap) og hennar støttespelarar overraske og vinne fleire val?

FNB ligg tynt an

Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) endra fullstendig sitsen i Stavanger-politikken ved sist val. Aftenblad-målingane viser at FNB no kan vere ute av soga. Fordi FNB er eit eisaks-parti, ligg partiet tynt an. Er saka ute av syne, vert partiet ute av sinn. Dessutan vil Framstegspartiet stå mykje sterkare når det gjeld sakseigarskap ved ein eventuelt ny «motstandskamp» mot bompengar. Det er difor mest sannsynleg med eit klårt svekka FNB framover, slik som på dei nye målingane.

Mot denne bakgrunnen er det tre nøkkelspørsmål som avgjer om Kari Nessa Nordtun sit i ordførar-stolen berre på lånt tid eller ei. Det første er om vi får ein «Kari-effekt». Dessutan gjeld det innverknaden til dei nasjonale politiske trendane. Sist handlar det om alliansar.

Kari-effekten

Ein eventuell Kari-effekt er politisk og ikkje person-avhengig. Til vanleg er venstresida sjanselause i Stavanger. Høgre og støttepartia har til saman hatt eit forsprang på meir enn 20 prosent til vanleg om vi ser tilbake til 2003 og studerer lokalvala i Stavanger frå då av. Trenden er likevel svært interessant. For skilnaden mellom blokkene vert mindre over tid i Stavanger. Det interessante er at også når FNB synest ute av biletet, og Høgre igjen når gamle høgder på målingane, er likevel avstanden mellom venstresida og høgresida markert mindre no enn han pleidde å vere. Senterpartiet har skifta side og Venstre, KrF og Frp er ikkje lenger sterkare i Stavanger enn i resten av landet. Det gjer at det meste står og fell på Høgre sin appell.

I Aftenblad-målinga i oktober er høgresida igjen større enn venstresida. Men om to-tre prosent av veljarane skiftar side, vil Kari og gjengen kunne vinne også utan FNB.

Effekten av nasjonale trendar

Svært ofte vil framgang for eit parti lokalt sjå ut som eit resultat av godt lokalpolitisk arbeid, medan det i røynda er ein konsekvens av at partiet nasjonalt har medvind. Slik er det til dømes med Senterpartiet sin framgang i byane i vest. Dersom det ikkje er særlege lokalpolitiske tilhøve som spelar inn, vil desse nasjonale trendane avgjere valutfallet i mange kommunar.

I Stavanger har det vore annleis fordi avstanden mellom blokkene har vore så stor. Nasjonale trendar spelar tydeleg inn her også, men dei har ikkje kunne forandre kven som har fleirtal, om vi ser bort frå det spesielle 2019-valet. Høgre og samarbeidspartia deira har hatt så mykje å gå på at dei lokalt har vore immune mot nasjonale ups and downs.

No er også dette endra – bufferen har vorte svekt. Veljarmønsteret no liknar altså slik det var før i Stavanger. Men utfallet av partistriden er opnare, og nasjonale trendar vil kunne få større innverknad.

Nye alliansar?

Det er enno lenge til neste lokalval, men alt no kan vi skimte konturane av eit forhandlingsdrama etter det valet. Jamvel om Høgre igjen vert svært sterkt i Stavanger, vil partiet trenge gode allierte. Difor vil den alliansebygginga som går føre seg i perioden – og forhandlingane etterpå – kunne spele inn for kvar makta skal liggje.

Kva som skjer i sentrum, er særleg interessant. På venstre flanke bidrar i dag truleg Mímir Kristjánsson i Raudt til å doble partiet sin oppslutnad. Utan han, om han fer til Stortinget eller skulle begynne med noko anna, vil Raudt truleg bli redusert i Stavanger. Sentrum-venstre utan Raudt vert meir spiseleg for andre sentrumsparti.

Det kan oppstå nye samarbeidsalliansar på begge sider. Til dømes har Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre opplagt mange politiske felles interesser. Opptrer dei klokt saman, vil dei kunne presse fram eit endå grønare Stavanger ved å by blokkene opp til dans. Alliansedanningar og forhandlingar vil kunne få friare spelerom som følgje av at det vert mindre opplagt kven som får fleirtal.

Tapt paradis

Dei siste tiåra har olja gjort mange Stavangerfolk rikare. Det har spelt inn for at Høgre frå midt på 1990-talet og fram til 2019 var nærast garantert politisk fleirtal same kva som skjedde elles i landet. Sannsynlegvis vil Stavanger verte likare resten av Noreg økonomisk og kulturelt i åra som kjem. Då vil veksling i kva for parti som har makta, slik det vanlege er i dei store byane våre, kunne bli regelen i Stavanger også.

År ut og år inn fekk Høgre servert makta på eit sølvfat kvar gong det var val. No må kanskje Høgre venne seg til korleis det er å vere utanfor Eden.

Publisert:
  1. Politikk
  2. Stavanger
  3. Kari Nessa Nordtun
  4. Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger (FNB)

Mest lest akkurat nå

  1. Blant innvandrere født i Pakistan tester 11 prosent positivt: – Det er så tabubelagt å bli smittet

  2. 441 nye koronasmittede siste døgn

  3. NYT: Trump har diskutert benådning av sine tre eldste barn

  4. – Det har gått ut over mye, også mine nærmeste

  5. Mener vold mot 15-åring på Vaulen ikke var uprovosert

  6. Butikkene selger mer julepynt enn noen gang: - Det har tatt helt av