Biskop Ivar Braut: Kyrkja og samfunnet

«Det er ikkje biskopen si oppgåve å ta stilling til om det er venstre- eller høgresida sine løysingar som vil dempa klimaendringane, jamna ut den urettferdige fordelinga i verda eller gje tryggleik til dei som er ramma av krig og naud», skriv den nye biskopen i Stavanger.

19. mars vart Ivar Braut vigsla til biskop i Stavanger og heldt si første preike i Domkyrkja. Som biskop vil han, i motsetnad til forgjengaren Erling J. Pettersen, «vera tilbakehalden» med å engasjera seg i konkrete politiske spørsmål. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Ivar Braut
    Ivar Braut
    Biskop i Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

20. mars, dagen etter eg blei vigsla til biskop, blei eg ønska velkommen på leiarplass i Stavanger Aftenblad. Eg kjenner eg har fått ei god mottaking i Stavanger bispedømme, både i kyrkjene, frå det politiske leiarskapet i Rogaland og i media.

Aftenbladet utfordrar meg også til å vera til stades i samfunnet. Det har eg tenkt å vera, men ut frå ei klar forståing av kva som er Kyrkja si rolle i dette.

Les også

Aftenbladet mener: Biskop Ivar Braut må passe seg for å bli for usynlig

Kyrkja vil på Guds vegne minna om at livet ikkje er eit sjølvdyrkingsprosjekt, men ei teneste.

Hovudoppgåva

Kyrkja har ein bodskap som er unik. Å formidla han er Kyrkja si hovudoppgåve. Gud, som ingen menneske kan sjå eller koma fram til av seg sjølv, har ein gong blitt tydeleg, i Jesus Kristus. Jesus Kristus er gode nyhende for menneska. Han reiser menneske opp, tilgjev og set fri til eit liv i tru, håp og kjærleik.

Som biskop står eg, som andre prestar, i ein 2000 år lang tradisjon av jule- og påskevitne. Me vitnar om noko som er eit mysterium – men som taler til svært konkrete menneskelege behov. Me fortel historia om at Gud viser seg som rettferdig, nådig og kjærleg, til og med som Herre over døden. Det menneskelege håpet om eit liv etter dette får ei historisk forankring i forteljingane frå ei påske i Jerusalem rundt år 30.

Les også

Den nye biskopen om jobben sin: - Jeg vil prøve å oppmuntre folk

Det er ikkje biskopen si oppgåve å ta stilling til om det er venstre- eller høgresida sine løysingar som vil dempa klimaendringane, jamna ut den urettferdige fordelinga i verda eller gje tryggleik til dei som er ramma av krig og naud.

Samfunnsoppdraget

I eit pluralistisk samfunn er det denne bodskapen som gjev Kyrkja hennar særpreg. Den kjem frå Kyrkja si tru og tradisjon, ikkje frå samfunnsoppdraget. Samtidig har Kyrkja eit viktig samfunnsoppdrag, både ut frå trua si, historia og dei utfordringane alle aktørar i Det norske samfunnet deler.

Kyrkja skal ikkje seg lukka inne i kyrkjerommet, men vera verksam mellom enkeltmenneske, i lokalsamfunn og i den store, offentlege samtalen. Det ligg i trua på Gud som skapar og Gud som kjelde til det gode at mennesket, skaparverket og samfunnet er hjartesaker for Kyrkja. Sjølv omgrepet om frelse peikar bibelsk sett på heilskapen i eit godt liv.

Derfor er Kyrkja oppteken av at alle menneske har eit kall til å leva til beste for kvarandre. Kvar dag inneheld situasjonar der me kan fremma det gode eller bryta ned. Kvart menneskeliv etterlet seg spor av signing – og spor av sår. Kyrkja vil på Guds vegne minna om at livet ikkje er eit sjølvdyrkingsprosjekt, men ei teneste.

Kva løysingane skal vera, er politiske spørsmål biskopar kan meina noko om, men ikkje har særskilt autoritet i kraft av si stilling til å krevja.

Fellesskapa

Kyrkja vil heller ikkje vera individualistisk. Mykje av verksemda i Kyrkja i Rogaland handlar om å skapa gode fellesskap, for barn, unge, vaksne og eldre. Slik sett får trua samfunnsbyggande følgjer, og Kyrkja blir ein viktig medspelar for å skapa gode livsvilkår for menneske.

Så har eg også signalisert at eg vil vera tilbakehalden med å engasjera meg i konkrete politiske spørsmål. Det er ikkje biskopen si oppgåve å ta stilling til om det er venstre- eller høgresida sine løysingar som vil dempa klimaendringane, jamna ut den urettferdige fordelinga i verda eller gje tryggleik til dei som er ramma av krig og naud. Men det kan vera Kyrkja si oppgåve å be og tala for ei løysing når politikk av ulik farge skapar menneskeleg liding eller gradert menneskeverd.

Kva løysingane skal vera, er politiske spørsmål biskopar kan meina noko om, men ikkje har særskilt autoritet i kraft av si stilling til å krevja.

Les også

Den nye biskopen startet med å få hele kirken til å le

Mest tenkjer eg det er viktig at Kyrkja ikkje er taus i praksis.

Biskopen si stemme, Kyrkja sin praksis

I eit mediesamfunn, der konkrete forteljingar og kontroversielle saker med klare frontar er det som når høgst opp i media, kan Kyrkja derfor fort bli diffus i politiske spørsmål. Det er ein risiko eg er villig til å ta, for å halda på ei god rolleforståing for Kyrkja. Men eg kan ikkje lova at eg blir taus.

Mest tenkjer eg det er viktig at Kyrkja ikkje er taus i praksis. Kyrkja kan anerkjenna og støtta det alle menneske gjer til beste for kvarandre som ei teneste for Gud. Kyrkja skal minna alle på retninga for eit godt liv, anten det handlar om å vera flyktningguide, støtta bistandsorganisasjonar, reisa kollektivt, tala venleg, betala skatt, gjera eit skikkeleg arbeid eller ta politiske val som skapar ei betre verd. Eller, som i desse dagar, bidra når ein konfirmant kjem på døra for å be om hjelp til å gje menneske i fattige land reint vatn.

«Mine kjære, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning,» seier Skrifta. Det er eit program som er utfordrande nok, for både biskopar, kyrkje og samfunn.

Mykje godt skjer alt i Norge og kan stadfestast som det. Men mykje er ennå ugjort. Der er Kyrkja på lag med alle menneske av god vilje. Men Kyrkja har også ein bodskap når urettferda verkar seig og uovervinneleg, når menneske sporar av frå det gode og relasjonar set seg fast. Det heiter håp og nåde. Og mi fremste oppgåve som biskop er å sørgja for at den kjelda til tru og kraft skal vera rikeleg tilgjengeleg for menneske i Rogaland, mykje lengre enn mi bispetid.

Les også

Professor Øyvind Foss: Forsoning eller strid? Braut et godt valg som ny biskop

Les også

Prets Arild Vøllestad: Ja til biskoppelig brobygging


  • Debattinnlegg og kronikker fra Ivar Brauts forgjenger, biskop Erling J. Pettersen:

Les også

  1. Vi må ut av tjæresanden

  2. Regnskogens martyr

  3. Rom for ulike syn om homofili i Kirken

  4. Kirkens samlivsdebatt: Veien videre

  5. Vi oppfordrer sterkt til at hijab-forbudet ved Blidensol sykehjem blir gjort om

Publisert:
  1. Stavanger bispedømme
  2. Ivar Braut
  3. Den norske kirke
  4. Erling J. Pettersen

Mest lest akkurat nå

  1. Vikings avgåtte styreleder bidro med millionbeløp for å få Zlatko Tripic hjem

  2. Bent Høie har en tydelig beskjed til russen på Nord-Jæren

  3. Alvorlig arbeidsulykke i Tysvær

  4. 124 russ er korona­smittet i Rogaland hittil

  5. Utelivsprofilen Tommy Skjæveland fikk nei – får ikke etablere gårdsutsalg

  6. Dagens E39 kan bli stengt når ny motorvei åpner