Kvifor har Sandnes så høg brukarbetaling for tryggleiksalarmar?

DEBATT: Tek Sandnes kommune seg ulovleg mykje betalt for tryggleiksalarmar? Eg kjem i undring etter å ha sett på prisane i andre kommunar i fylket.

Kvifor ligg brukarbetalinga for tryggleiksalarmar i Sandnes skyhøgt over mange andre kommunar i Rogaland, spør innsendaren.
  • Willy Bell
    Sandnes
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Betalinga for denne tenesta varierer mykje hjå dei ulike kommunane. I eit tilfeldig utval blant 60 av landets kommunar, ligg den gjennomsnittlege årlege betalinga på om lag 4000 kroner. Sandnes har ei differensiert betaling avhengig av husstanden si inntekt, varierande frå 1440 til 10.800 kroner årleg.

Dersom ein samanliknar kommunar i Rogaland som nyttar same teknologi og same alarmsentral i Kristiansand, tar Sola og Stavanger inga betaling for tenesta. Haugesund har ein makssats på 6336 kroner og Karmøy 3864 kroner årleg. Sandnes sin makssats ligg såleis høvesvis ca. 70 prosent og 180 prosent over desse to kommunane. Ser ein på resten av kommunane i Rogaland, ligg dei nær opp til Karmøy sin sats.

Ifølge forskrifta skal betaling for helse- og omsorgstenester ikkje overskride kommunen si utgift for den enkelte brukar. Det er sjølvkostprinsippet som gjeld. Sandnes kommune opplyser meg om at dei ikkje har nøyaktig rekneskap over kostnadane, men at det i økonomiplanane er lagt opp til ei årleg prisjustering. I sjølvkost kan det ikkje inngå så mykje meir enn avskriving eller leasing av utstyr og avgift til alarmsentralen, og må vel vere om lag det same i dei kommunane som nyttar same teknologi og alarmsentral.

Storleiken på disse utgiftene kan ikkje kommunen opplyse om fordi det er unnateke offentleg innsyn. For at kravet i forskrifta skal vere innfridd, må Sandnes sin sjølvkost for den enkelte brukar vere minst 10.800 kroner per år. Sandnes sin makspris verkar urimeleg høg samanlikna med andre kommunar, også samanlikna med private vektartenester med innbrotsalarm, som ein kan få for omtrent det halve.

Publisert: