Frå skamferdsel til samferdsel

DEBATT: Det er heller ein fare for at ikkje eingong me i Dei Grøne har det travelt nok med radikale grep i omlegginga av transportsektoren. For no hastar det!

Slik kunne det bli i Klubbgata i Stavanger med bybane i Stavanger/Sandnes-regionen, ifølgje ein illustrasjon det tidlegare bybanekontoret fekk laga. Dette er framleis beste løysinga, skriv fylkesordførarkandidat Alexander Rügert-Raustein i MDG.

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Fylkesordførerkandidat for MDG i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Eg vil rydde opp i forteljinga som pregar debatten kring samferdsel i regionen. I dag handlar den om bilistar som ranast, våte draumar om ein stor, felles bu- og arbeidsmarknad og krampaktig tvihalding på bilen som løysing for transportbehovet. Disse står i vegen for ei lynrask endring som er tvingande naudsynt. Me må bli kvitt ein del misvisande omgrep og gå til handling omgåande.

Nokre faktum

  • «Nullutsleppsbilar» er ein myte. Den gjev inntrykk at me kan løyse utsleppsproblematikken i transportsektoren med teknologi aleine. Utslepp frå elbilar er ca. 70 prosent av ein samanliknbar fossil bil i dag. Det er knytt betydelege utslepp til produksjon, og bruken er ikkje heilt utsleppsfri heller.
  • Meir veg gjev meir trafikk. Dette er gammalt nytt frå Transportøkonomisk institutt (TØI).
  • Me har ei klimakrise, og CO₂-utslepp må kome nær null raskast mogleg. Planen er å nå det innan 2050. Eit mellomsteg på denne vegen er 40 reduksjon innan 2030, som Noreg har forplikta seg til.
  • Nullutslepp i 2050 gjev oss berre ein 66 prosent sjanse til å halde 1,5-gradermålet. Det er uråd ikkje å nå desse måla, og kuttar me meir er berre gledeleg.
  • Skjenegåande transport er overlegen i høve til buss i både plass- og arealbehov, og dermed transportkapasitet.
  • Nullvekstmålet er blitt ein hemsko – 25 prosent trafikkreduksjon må til. Innan transport har me to moglegheiter å redusere utslepp. Ved hjelp av teknologi og ved å køyre mindre.
  • Bergen har eit mål om 20 prosent trafikkreduksjon innan 2030. Oslo sikter mot 33 prosent. Og Stavanger-regionen? FRAP-Wirak er nøgde med å meine at nullvekst allereie er nådd. Og det politiske Rogaland tillèt at han sett agendaen.
  • Klarer me 50 prosent elbilar innan 2030, vil det gi ei utsleppsreduksjon på ca. 15 prosent. Opp til 40 prosent kutt manglar det 25 prosent. Det betyr at me må kutte kvar fjerde køyrde kilometer med innan 11 år, i tillegg til elbilsatsinga. Skal me lukkast med utsleppskutta, må altså mest mogleg persontransport over på kollektiv.
  • Då vil dagens vegkapasitet vere meir enn tilstrekkeleg, og vi har ikkje behov for dei planlagde vegprosjekta. Dei bør uansett skrotast, ettersom dei berre bidreg til å auke trafikken.
  • Tvangspausen i rushtidsavgift etter innføringa av dei nye bomringane viste tydeleg at den verkar etter ønsket. For å halde farta i utviklinga mot mindre biltrafikk er det difor skivebom å fjerna den.
  • At rushtidsavgifta rammar skeivt, er opplagt. Difor er det like opplagt at me innfører eit redusert tak for månadlege gjennomkøyringar for dei med dårleg råd. At dette ikkje er på plass, er ei følgje av uthaling og skittent politisk spel for å tvinge fram eit populistisk vedtak om å kutte ut rushtidsavgift.

Framtidsretta satsing

Dei Grøne vil at endring i haldningar og handling skal vere gjævt og satsar på å gjere kollektivtilbodet gratis for alle i ein periode.

Og skal kollektivtransporten gå på skjener, må den gå på skjener, bokstaveleg talt. Rogaland har somla når det gjeld skjenegåande trafikk. Effektivitetskravet til kollektivtransport vil auke dramatisk innan kort tid når omstillinga skjer. Difor er det naudsynt å setja i gang med bygging av ein bybane me kan vere stolte av nå. Bybanen bør i rekordfart erstattast mest mogleg av buss i regionen, sjølv om up-front-kostnaden er høgare. Dermed må bussvegen vere konverterbar. Det er ikkje luksus men god langsiktig planlegging.

Samferdselsmytologien må knusast

Eg har allereie vist at «nullutsleppsbil» er ein myte. Det same gjeld «bilisten». Omgrepet gjev inntrykk av at bilisten er ei art med bestemte eigenskapar me er nøydde til å ta omsyn til.

Tvert om er me brukarar av både sykkel, kollektivtrafikk og bilar, òg når me flyttar oss over større avstandar. Innimellom er me fotgjengarar. Me står fritt til å velje framkomstmiddel. Denne valfridomen er ikkje like stor for alle, og utviklinga har favorisert bilen. Det er politikkens oppgåve å endre dette, lynraskt.

Det er ein myte at Dei Grøne vil fjerne bilen og leggja skam over den. Me vil redusere bruken drastisk og gjere folk mindre avhengige av den. Me vil at kollektivbruk skal vere gøy. Likevel er det ei omstilling som bryt med gammal vane. Og mange vil oppleve det som vondt.

Terje Halleland (Frp) meiner at Dei Grøne hat eit mål om å polarisere klimadebatten. Det er feil. Me radikaliserer i den grad det er naudsynt for å få framgang i endringa som trengst. Me er radikale ikkje i innhald, men i farten me vil nå måla med. Og faren er stor for at ikkje eingong Dei Grøne har det travelt nok.

Det er openbert at situasjonen krev radikale endringar og lynrask omstilling. Dei Grøne treng difor ikkje mange sentralstyremøte for å stille krav til Bymiljøpakka og samferdselsutvikling i Rogaland:

  • Sett lågt tak for familiar med låg inntekt!
  • Hald på rushtidsavgift inntil me har fått vegprising!
  • Skrot meiningslause vegprosjekt som transportkorridor vest, fire felt på strekningane Smiene–Harestad og Hove–Ålgård!
  • Gi folk gratis kollektivtransport!
  • Sats på skjener fram framfor buss!

Utover Bymiljøpakka betyr dette:

  • Bygg bane til Ullandhaug!
  • Gjenopning av Ålgårdbanen!
  • Skrot Rogfast og sats heller på elektriske eller hydrogendrivne ferjer!
Les også

Styrevedtak i FNB: Bompengepartiets toppkandidat i Klepp nektes å debattere bompenger på folkemøte

Les også

Anne Jortveit: «Klimarisiko krever bedre jordvern, de nye kommunestyrene har ett år på seg til å reagere»


Les også

  1. Harald Birkevold: Ernas magiske medisin

  2. – Klimasvikarens siger

  3. – God avtale for kollektivtransporten i Rogaland

Publisert:
  1. Samferdsel
  2. Elbil
  3. Kommunevalg 2019
  4. Omstilling
  5. MDG

Mest lest akkurat nå

  1. Når det blir farlig å gå på jobb

  2. David Brekalo: – Jeg gjorde en feil og vil beklage til alle

  3. Mann tatt for ruskjøring med barn i bilen

  4. Dette sa Gunnarsson som fikk Brekalo til å koke over

  5. Mange prøver seg, men få klarer å synge julen inn like godt

  6. Her skjer helgevolden i Stavanger sentrum