Den fryktelege bokmålsmobben i Stavanger

DEBATT: Desse bokmålstrolla i Stavanger, sprekk dei i lyset, – eller kva skjer?

  • Marit Ness
    Stavanger
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over to år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Som tilflyttar til Stavanger kjenner eg ikkje heile historia bak igjennom. Men me høyrer historier om all denne fryktelege hetsen som bokmålsfolket i Stavanger utsette nynorskfolket for, for tjue–femti år sidan eller når det var. Og me høyrer om den sterke motviljen stavangerfolk har mot nynorsk, den dag i dag.

Les også

Nynorskklassar er raderte bort

Nynorsk på jobben

Det er sikkert sant, når folk seier det. Ikkje for det, eg har sjølv høyrt folk sagt rett ut at dei hatar nynorsk. Av og til er det ein kollega på jobben som nyttar lunsjen til å melda frå om dette. Dei siktar ikkje til meg, tur eg. Det er heller ein generell kommentar til kvarandre, eit slags gruppestyrkjande ritual. Me har gjerne ein heilt grei og sakleg dialog på e-post dagleg, og då høyrer eg ingenting om det.

Ja, eg skriv nynorsk, sjølvsagt, når eg ikkje skriv engelsk. Ein og annan gongen er det ein kurshaldar som nyttar talarstolen til å melda høgt og tydeleg frå om dette hatet, berre for å tøffa seg, utan tanke for at halve salen truleg har nynorskbakgrunn. Som sagt – ikkje for det...

Les også

Ny språklov krever at også fylkene svarer på brukerens målform

Nynorsk i burettslaget

No rota eg meg borti eit styreleiarverv her i burettslaget mitt. Tru ikkje at det var mitt påfunn; det berre skjedde. Dette er i eit sterkt bokmålsdominert, tettbygd område i Stavanger.

«Ja vel, no skal du ha takk», tenkte eg. «No møter eg vel denne berykta nynorskhetsen frå rukla.» På jobben har eg trass i alt kollegaar som oppfører seg skikkeleg og kollegialt. Men her er det fullt av naboar eg ikkje kjenner.

Eg byrja å senda ut skriv og meldingar. Og veit du kva? Ikkje eitt ymt om språket! Berre kommentarar som gjekk på sak og sakshandsaming. Kvar helst vart det av trolla?

Vande med nynorsk

Det slår meg at, vel, for det første: Me har ein god porsjon folk med utanlandsk bakgrunn her, og for dei vert det no det same om det er nynorsk eller bokmål.

For det andre høyrer eg veldig mykje vestlandsk tale frå heile landet rundt meg. Når folk snakkar so norsknært, forstår dei sikkert berre nynorsk heilt av seg sjølve. Dei tenkjer kanskje ikkje over at det ikkje er dialekta deira eg skriv. Og ja, det er sant, me er då vande med å lesa nynorsk i pressa. Skal tru kor mange av naboane som har vakse opp med nynorsk på skulen, i grunnen!

Skåpnynorskingane

På jobben har eg erfart at når eg skriv nynorsk i e-post til folk, so byrjar brått folk å svara meg att på nynorsk. Då dukkar desse skåpnynorskingane fram or skuggane. Eg høyrer andre seier det same. Når dei vågar seg til å skriva nynorsk, dukkar fleire fram or mengda. Kanskje det er slik at me som skriv nynorsk, skapar trolla sjølve.

Dei som opplevde dei gruelege hetsekampanjane på åttitalet, har ikkje lyst til å utsetja seg for det same om att. Dei sensurerer seg sjølve og skriv bokmål på jobben. Kvar og ein trur at alle dei andre rundt ein, berre er éin stor bokmålsmobb. Du har alltids dei som høglydt skryt på seg eit nynorskhat i lunsjen. Men rundt dei sit det mange tause folk og smiler fåret. Kven er dei?

I Stavanger heiter det seg å vera stor motstand mot nynorsk. Ja vel, det er sikkert sant når du seier det; det heng sikkert mykje att frå gamle dagar. Men korleis ser bokmålstrollet ut i klart lys eigentleg?

Les også

Magnhild Meltveit Kleppa: «Der det er vilje, der er det veg!»

Les også

Kronikk: «Rogalandsmålet er nynorsk»

Publisert: