Sleivspark av Omdal om utsjånaden til Trump

DEBATT: Sosiale medium fløymer over av latterleggjering av den amerikanske presidentens utsjånad. Eg blir like overraska kvar gong. Eg klarer ikkje forstå at vaksne folk synest det er greitt å hetse korleis han ser ut?

Publisert: Publisert:

Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Heidi Elin Nupen
    Sandnes

I Fripenn laurdag 2. mai, skriv Sven Egil Omdal om politikaren Jon Helgheim, og trekker parallellar til Donald Trump. Eg deler Omdals synspunkt, men reagerer på følgjande: «Ennå har han ikke sprayet ansiktet oransje og håret uringult …»

Eg forstår at det er humor og at slike ord vert brukt for å få oss til å trekke på smilebandet. Men når vart det greitt å bruke nokons utsjånad for å latterleggjere? Trumps meiningar, løgner og utsegner skulle vere nok.

Lettare fordi Trump er langt unna?

Og ville Omdal ha spelt på utsjånaden på ein slik måte med ein politikar i Stavanger? Eller kanskje er det lettare å bruke slike karakteristikkar fordi Trump er langt unna og mest sannsynleg ikkje les Stavanger Aftenblad så ofte?

Eg prøver heile tida å gjere ungane mine medvitne på distinksjonen mellom kva ein person seier og gjer, og korleis personen ser ut. I dei aller fleste tilfella har utsjånaden ingenting med saka å gjere.

Og Omdal er dessverre i «godt» selskap. Sosiale medium fløymer over av latterleggjering av den amerikanske presidentens utsjånad. Eg blir like overraska kvar gong. Eg klarer ikkje forstå at vaksne folk synest det er greitt å hetse korleis han ser ut? 

Respekt for andre

Når Trump steller seg på badet om morgonen, tenker eg at han fiksar seg slik han sjølv er mest komfortabel med – i likskap med dei fleste andre. Vi skal ha respekt for korleis andre ser ut, og heller bry oss om korleis vi er mot kvarandre.

Publisert:

Les også

  1. «Stopp verden, noen vil av!»

Mest lest akkurat nå

  1. – Du skrur på tv, og der ser du bussen din

  2. Han har skrevet mange fabelaktige bøker. Denne er så bra at det knapt kan gjøres bedre.

  3. Er det forsvarlig å reise mellom ulike kommuner slik situasjonen er akkurat nå? Vi svarte på lesernes spørsmål

  4. Tar grep for at skolen skal holdes åpen

  5. – Ikke i tvil om at dette var et drapsforsøk

  6. To nye smittetilfeller i Stavanger

  1. Debatt
  2. Trump
  3. Sven Egil Omdal