Vasskrafta og deling av verdiar
KRONIKK: Hjelmeland bør stilla seg bak krava til Suldal og Ullensvang om å få sin rettmessige del av verdiskapinga i fjella våre.
- Ståle HalsneHjelmeland KrF


Kommunestyret i Hjelmeland handsama i sist møte ein interpellasjon frå KrF som sette konkrete krav til revisjonen av Røldal Suldal Kraft (RSK). Fleirtalet valde å ikkje støtta forslaget. Ordførar Bjørn Laugaland meinte at ein revisjon er komplisert, og at det ikkje vil vera rett av Hjelmeland kommune å setja føringar for ein slik revisjon før den er i gang.
Eg er einig med Bjørn Laugaland i at ein revisjon er komplisert. Røldal Suldal Kraft anlegget er også komplisert. Det gjer at heile saka er kompleks og omfattande. Ein interpellasjon var nok difor ikkje rett måte å ta tak i saka. Den krev nok ei meir omfattande saksutgreiing.
Nulla ut store verdiar
Røldal Suldal Kraft (RSK) fekk konsesjon til utbygging av kraftanlegga i Røldal og Suldal i 1962. Konsesjonen opna for omfattande naturinngrep og ei nedbygging av store landbruks- og naturområde. Inngrepa er så store at det er høgst truleg at konsesjonen aldri ville ha blitt gitt i dag. Spesielt vart Kvanndalen i Suldal, Valdalen i Røldal og sjølve Røldal sentrum råka hardt.
Etter som tida har gått, har vertskommunar og grunneigarar sett fram til heimfallet i 2022, etter 60 år. Dei såg for seg ei ny vurdering av konsesjonen, og at dei skulle få meir att av dei ernorme verdiane som Hydro henta ut av området.
På bakgrunn av endringa i heimfallslovene som kom i 2008, søkte Hydro AS og Lyse AS løyve om å overføra kraftverka i RSK til det nyetablerte kraftselskapet Lyse Kraft DA. Lyse Kraft DA er eigd av Hydro (ca. 25 prosent) og Lyse (ca. 75 prosent). Søknaden vart godkjent i juni 2021, og med dette unngjekk Hydro heimfall. Konsesjonen, som var basert på heimfall, vart med dette gjort evigvarande. Vertskommunane vart ikkje høyrde, og dei står att utan noko. For all framtid.
Krav å stille
Hjelmeland kommune eig om lag 1 prosent av Lyse. Det set oss i posisjon til å meine noko om den framtidige revisjonen av RSK. Sjølv om fleirtalet i kommunestyret i Hjelmeland røysta mot forslaget til vedtak om å setja krav til denne.
Suldal-ordførar Gerd Helene Bøe har lista opp ei rekkje krav i brev til Olje- og energidepartementet den 30. juni i år.
Det same gjorde kommunestyret i Ullensvang kommune i ein uttale til Storting og regjering som vart vedteken i kommunestyret 23. juni (Ullensvang kommune er no dei tidlegare kommunane Odda, Ullensvang og Jondal; red.mrk). Krava er også sende til den nye stortingsgruppa for Senterpartiet.
Krava går i hovudsak ut på at vertskommunane Suldal og Ullensvang må få sin rettmessige del av verdiskapinga som skjer i fjella deira. Det vert kravd at uakseptable naturinngrep vert fjerna. Det blir stilt nye krav til reguleringsgrenser, spesielt i Valdalsvatnet og Røldalsvatnet. Kommunane krev minstevassføring i viktige vassdrag, og til sist er det stilt krav til tilkomst, både sommar og vinter, inn til botnen av Valdalen.
Vi kan vise same sinn anten vi er på den sterke sida av bordet, eller vi er på den andre.
Sterke krefter
I boka «Kraften – Røldal Suldal Kraft gjennom 50 år» skildrar Trygve Brandal små kommunar sitt møte med store og mektige aktørar slik:
«Når eit privat firma eller staten legg fram planar for kraftutbygging ein stad, er styrkeforholdet mellom utbyggjar og lokalsamfunn ujevnt. Den profesjonelle utbyggjaren sit med alle dei gode korta, og amatørane i bygdene og kommunestyringa har lite å stilla opp med. Slik er det framleis.»
Røldal herad (eigen kommune som vart del av Odda kommune i 1964; red.mrk.) og Suldal kommune erfarte dette på 1960-talet. Dei står nå igjen overfor same kreftene. Og styrkeforholdet er framleis like ujamt.
Denne gongen er det viktig for eigarane, Hydro og Lyse, å unngå store endringar i konsesjonen. Hjelmeland kommune er nå på eigarsida. Det set oss i posisjon til å meine noko om saka. Vi kan vise at vi ynskjer å vera ansvarlege som eigarar, og at vi opptrer med same argument og prinsipp anten vi er vertskommune for kraftverk eller vi eig kraftverk. Vi kan vise same sinn anten vi er på den sterke sida av bordet, eller vi er på den andre.
Strømpriser, utenlandskabler og fremtiden for norsk kraftforsyning
Vi små må stå saman
For vi skal hugse på at vår eigen natur ikkje er freda. Med stadig auka søkelys på grøn energi er det lite som tilseier at naturen vår får liggje i fred. Og med auka krav til takten i det grøne skiftet vil omsynet til natur og kulturlandskap verta underordna behovet for energi, akkurat slik det var i industrireisinga på 1960-talet. Det er derfor truleg at både Hjelmeland kommune og andre distriktskommunar i nær framtid vil hamna i den same ujamne kampen om ressursane som den dei på nytt opplever hjå naboane våre i nord.
Eg meiner difor at distriktskommunar bør stå saman for å sikre lokale interesser, og jevne ut kampen om dei enorme verdiane som ligg i energien som hentast ut frå fjella og vassdraga våre. I saka om Røldal Suldal Kraft sit det eigarkommunar i Lyse AS som veit kor krevjande det kan vera å få fram lokale interesser i saker som handlar om energi frå vasskraft. Vi bør sameina kreftene og stilla oss bak krava til Suldal og Ullensvang. For vi skal hugse på at om ikkje Suldal og Ullensvang blir høyrt denne gong vil det gå ei ny æve før dei får meine noko. Og dei har alt venta i ei æve.