Høgre har ein tanke i hovudet, Ap har to

DEBATT: At Vestlandshøgre nå prøver å sette Ap til veggs i oljepolitikken med eit Lofoten-utspel, kan ikkje vera uttrykk for anna enn den avmakta som rår i partiet.

Publisert: Publisert:

«Oljeverksemd i Lofoten er ei sak som samfunnsutviklinga har sprunge frå», skriv Wenche Skorge. Her frå ein demonstrasjon i 2017. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Wenche Skorge
    Varamedlem for Ap til kommunalstyret for byutvikling
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Konskevensutgreiing av oljeverksemd i Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) er ei symbolsak utan nokon som helst relevans for framtida til det norske folk. Faktum er at det kjem aldri til å bli oljeverksemd i dette området. Det er mange gode grunnar til det.

Makta i meir enn fem år

Sjølv har Høgre hatt regjeringsmakta i meir enn fem år. Likevel er dei ikkje kome ein millimeter nærare konskekvensutgreiing. Småpartia på borgarleg side har sørgja for det.

På venstresida i politikken er situasjonen akkurat lik. Uavhengig av kva Ap måtte vedta, vil dei mindre samarbeidspartnarane stemme mot.

Oljeverksemd i Lofoten er ei sak som samfunnsutviklinga har sprunge frå. Denne politiske floken der olje-, klima-, fiskeri- turist- og verneinteresser møtes, er så kompleks at han ikkje lar seg løysa.

Ein avgjerande faktor er den dalande interessa for olje blant folk i landsdelen. Stadig fleire partilag gjer vedtak mot konsekvensutgreiing. Innbyggarane i nord ser at talet på lokale oljearbeidsplassar ikkje blir så stort som lovnadane seier.

Som om dette ikkje er nok, har økonomiprofessor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn påvist at oljeressursane i Lofoten vi gi 750 kroner pr. nordmann i forteneste dersom dei blir utvunne.

Nyttig lynavleiar

Når Norsk olje og gass held oppe trykket, er det ikkje fordi dei trur at dei kan vinna fram, men fordi denne striden fungerer som ein nyttig lynavleiar. Då kan Frp-ministrar med eit i beste fall eit uavklart forhold til klimavitskapen, i ly av LoVeSe-debatten, halda fram med å tildela lisensar i iskanten og ved Bjørnøya. Og dei kan halda fram med å stryke ordet klima frå departementets dokumenter.

Som sagt: Ordskiftet om Lofoten er og blir ei symbolsak.

Så la oss heller diskutera realitetane. Dei er at Norge godtar klimavitskapen og har vedtatt Paris-måla. Ifølge FNs klimapanel må verda ned på «netto null» utslepp i 2050. Klimapolitikken må derfor bli ramma rundt alt, anten me likar det eller ikkje.

Vi er nøydde for å utvikle eit samfunn med låge utslepp og eit grønt næringsliv som leverer gode klimaløysningar. Her ligg dei store byane i Norge i front. Oslo, Bergen og Trondheim er alle i inneverande periode styrte av koalisjonar med Ap i spissen. Dei har tatt tak i klimaomstillinga.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for det offentlege er å bruka si makt som innkjøpar for å skunde på utviklinga. Storbyane har gjort akkurat det, og nå er det lokale næringslivet i aukande grad er budd på det grøne skiftet.

Kraftfull styringspolitikk

Politikken har vore så vellukka at i alle fall deler av næringslivet i Bergen meiner det offenlege ikkje går fort nok. Her kan næringspartiet Høgre merke seg at det er nettopp å lære av Lykkeland-oppskrifta desse Ap-styrte byane har gjort. Dei har tatt i bruk kraftfull styringspolitikk for å utvikla det næringslivet framtida har behov for.

Aps energipolitiske talsmann, Espen Barth Eide, tok for kort tid sidan til orde for at me ikkje kan diskutere klima og olje som om det er to områder som ikkje heng saman. Observasjonen er innlysande, og treng ingen ytterligare grunngjeving. Likevel blei han rett etter, ifølge media, «klubba ned» av partileiar Jonas Gahr Støre, som fastslo at oljeskatten ligg fast.

Ap tek dei første stega

Olje og klimapolitikk er vanskelig i Norge. Dei to styringspartia har vegra seg for å gå inn i omstillinga. Nå tar Ap dei første stega ved å tenke, til dels høgt, om både LoVeSe, oljeskatt, friinntekt og anna. Forhåpentleg kjem næringspartiet Høgre snart etter. For klimaproblemet vil ikkje forsvinne. Det nyttar ikkje vente det ut, som ein klok mann sa det i ein KåKå-debatt nyleg.

Publisert:

Les også

  1. DIREKTE: Hvem vinner valgkampens første ordførerdebatt?

  2. Lofoten-opprør slått ned – solid olje-flertall i Rogaland Arbeiderparti

  3. Hevder Ap svikter Vestlandet: – Bør lære av «Lykkeland»

  4. Ungdommens olje-nei

  5. Bent Høie (H) er forbauset over at Hadia Tajik (Ap) «ikke står opp for» oljefylket i Lofoten-strid

  1. Debatt
  2. Politikk
  3. Lofoten
  4. Klaus Mohn
  5. Jonas Gahr Støre