Spør meg om eg ristar babyen min!

DEBATT: Vi må legge til rette for at foreldre får tid til å prate med helsesyster om frustrasjon overfor babyane sine.

Publisert: Publisert:

– Helsesyster er spedbarna si livbøye når foreldre ikkje maktar meir. Dei små er avhengige av at du passar på, skriv Ingrid Kristine Aspli. Foto: Illustrasjonsbilde fra Shutterstock

Debattinnlegg

  • Ingrid Kristine Aspli
    Psykologspesialist, Alternativ til Vold Stavanger
iconDenne artikkelen er over to år gammel

7. januar i år døydde ein tre månader gammal baby grunna filleristing. Far er sikta for drap. Mor for passiv medverknad. 5. januar i år fekk ein far 16 års fengsel for å ha rista og/eller dunka sin 10 veker gamle son til daude. Faren hadde rista eller dunka på babyen hjerneblødingar, kraniebrudd og ribbeinsbrudd.

Dramatiske konsekvensar

Det døyr 6-7 spedbarn kvart år grunna vald frå sine omsorgspersonar. Langt fleire blir skada. Ullevål universitetssjukehus fekk i fjor inn 333 barn med skader kor ein mistenkte mishandling. Fagfolk har slått alarm mange gongar. Det døyr fleire barn av mishandling enn i trafikken i dette landet. Korfor skjer dette? Korfor skadar foreldre babyane sine? Er det mangel på kunnskap? Veit ikkje alle kor farleg det er å riste babyen? Berre i to sekund? Eller er det mangel på kontroll? Skjer risting av babyar fordi slitne og søvndeprimerte foreldre kokar over?
Uansett årsak: Konsekvensane er dramatiske. Kva risikerer ein ved å skade og skremme babyen sin?

Uferdig hjerne

Vi veit kor avgjerande den fyrste tida av livet er. Vi kjem til verda med ein uferdig hjerne, som byggas i rekordfart dei aller fyrste leveåra. Vi veit også at hjernen er bruksavhengig, dei erfaringane hjernen får i denne perioden påverkar korleis hjernen byggas. Og nettopp denne byggeprosessen utgjer grunnlaget for vidare bygging seinare fram mot ferdig vaksen hjerne. Dei erfaringane spedbarnshjernen får, vil slik påverke heile resten av livet. Foreldre som skader og skremmer barna sine risikerer å bygge ein barnehjerne som blir i kronisk alarmberedskap, som er meir opptatt av å beskytte seg mot farar enn å lære og utvikle seg. Ein redd barnehjerne kan fort bli ein sjuk vaksenhjerne. Difor må vi gjere alt vi kan for å sikre at spedbarna våre får ein kvardag med ro og tryggleik.

Og korleis får vi til det? Vi har vi eit fabelaktig system her i Noreg, som heiter helsestasjonstenesta. Nesten alle babyar går der. Det betyr at det er ein fagperson som møter baby og omsorgsperson jamleg det fyrste leveåret, som har mandat til å spørje om alt som er relevant for babyen. Helsestasjonen er unik, ingen andre har ei slik oversikt over korleis det står til med våre babyar. Her kan mishandling både førebyggas og avdekkas.

Les også

Mødre blir spurt om vold allerede i svangerskapet

Les også

Helsesøster: «En gul og blå mamma kom ramlende inn og ba om hjelp»

Fagfolk har slått alarm mange gongar. Det døyr fleire barn av mishandling enn i trafikken i dette landet.

Underbemanna i lang tid

Men, det er eit stort men. Denne tenesta har vore underbemanna i lang tid. Vi manglar helsesystrer landet over, og det har vi gjort lenge. Vi har forsøkt å bemanne opp frå sentralt hald, men pengane som skulle gå til helsesystrer har ikkje vore øyremerka, så kommunane har i stor grad brukt dei midlane på andre ting.

Det får følgjer, for når ein fyrst er til kontroll hjå ei overarbeida helsesyster, kva pratas det om då? Spør helsesyster om sinne, vald og mishandling? Undersøkingar viser at mange helsesystrer hoppar over å spørje om slikt, mykje grunna tidsmangel. Dette er farleg. Korleis skal ein klare å seie at ein blir dørgande frustrert, og til og med forbanna på kolikkbabyen sin, om ein ikkje blir spurt?

Tid til å prate

Til politikarane: Vi må legge til rette for at foreldre får tid til å prate med helsesyster om frustrasjon overfor babyane sine. «Har du hatt lyst til å riste babyen din?» er ikkje noko ein spør om på veg ut. Det trengs tid og ro for å opne ein dialog kring slikt. Men slike dialogar kan redde liv. Korleis kan vi ha råd til å saldere den tenesta som utgjer den einaste rettssikkerheita spedbarna våre har, om noko skulle skje dei?

Så til deg som er helsesyster: Eg har sjølv vore mor ved helsestasjonen i over fem år, med to barn. Eg ser kor hektisk du har det. Men sjølv om du har det travelt! Spør meg!

Vi må tidleg inn

Sei til deg sjølv at du gjer dette for barna. Du utgjer spedbarna si livbøye når foreldre ikkje maktar meir. Dei små er avhengige av at du passar på.
Sei til meg at du spør alle om sinne og vald, fordi vi veit at slikt skjer i alle slags heimar, og fordi vi må tidleg inn.

Muleg er du redd for at eg skal bli krenka, kva trur du om meg liksom? Men eg lovar deg: Eg kjem ikkje til å bli det. Eg blir rett og slett roleg og glad, på alle barn sine vegne. Spør meg, og eg lover å svare «tusen takk, no veit eg at du er ein som passar på».

Publisert:

Les også

  1. Tre måneder gammel jente døde – faren siktet for drap

  2. 5-åringer skal lære om vold og overgrep

  3. - Hvor er politikerne med mot til å forsvare barnevernet?

  4. Den verdifulle kompetansen til jordmødre må brukes i alle kommuner

Mest lest akkurat nå

  1. Stor leteaksjon på sjøen etter mann i natt - hadde svømt i land

  2. Gjestene vil aldri i si levetid gløyma bryllaupet til Kjersti og Stian Sletten frå Sandnes

  3. Her har hytte­salget doblet seg i sommer

  4. Steinar var veldig ensom. Løsningen han valgte, fikk mye større konsekvenser enn han hadde ant.

  5. Leter etter John Olav med full styrke

  6. Publikum lå strekk ut på hver sin matte

  1. Debatt
  2. Vold
  3. Baby