Den andre sida av bondeopprøret

DEBATT: Bondeopprøret er ikkje berre ein kamp mot staten, men òg ein kamp mellom framtidsbøndene og avviklingsbøndene.

«I denne kampen vil nok aldri Bondelaget eller Senterpartiet bli dei tyngste våpendragarane. Dei har truleg mange fleire medlemmer i gruppa avviklingsbønder enn i den andre», skriv Hans Åsbjørn Skretting, tidlegare formann i Rogaland Bondelag.

Debattinnlegg

  • Hans Åsbjørn Skretting
    Tidlegare formann i Rogaland Bondelag
Publisert: Publisert:

Der går føre seg for tida eit bondeopprør som yngre aktive bønder står i spissen for. Dei kjenner seg ikkje igjen i tala som er grunnlaget for jordbruksoppgjeret og mistrur desse.

Dei har gjerne investert i nye framtidsretta bygningar og i same slengen auka produksjonen – heia fram av Innovasjon Norge, som i mange tilfelle set krav om auke i produksjonen for å få lån og tilskot.

Les også

Traktorer fra land og strand inntok Karl Johan. Dette er tallene som skapte Bondeopprøret.

Bønder «subsidierer» bønder

Dette fører til at dei må kjøpe eller leige mjølkekvote og leige areal eller kjøpe fôr. Prisen på dette vert styrt av tilbod og etterspørsel (marknadskreftene) og går opp når det er mangel på slikt. Kr 1,60 per år i kvoteleige og 500 kr per dekar er for tida ikkje uvanlege prisar. Det vil seia at ein som leiger 100.000 liter kvote og 100 dekar jord, må ut med over 200.000 kr før han har noko igjen til egne investeringar og arbeid.

Den som leiger dette ut, er gjerne bønder som har slutta av, bur på garden og har teke seg arbeid utanom bruket. Dei får dermed denne summen i tillegg til anna inntekt.

Eg kom ein dag i prat med ein bonde som var på køyret med kvote og jordleige. Han sa: «Det er mest for gale: Med ein gong eg har betalt kvoteleiga, går ho rett til Spania.» Altså ut av næringa. Det er ikkje så rart at ein som då har si vanlege årsinntekt utanom bruket, kan reisa til Spania for kvoteleiga. Eit avviklingsbruk har gjerne låge kapitalkostnader.

Musestille i båten

Grunnlaget for å rekne ut inntektsutviklinga i landbruket er den totale rekneskapen for landbruket. Dette består av både bønder som leiger og bønder som leiger ut jord og kvote. Dette blir derfor i sum null for jordbruket, uansett om prisen går opp eller ned. Det er ikkje rart aktive bønder ikkje kjenner seg igjen i tala. Dei andre sit naturlegvis musestille i båten.

Bondeopprøret er dermed også ein kamp mellom framtidsbøndene og avviklingsbøndene.

I denne kampen vil nok aldri Bondelaget eller Senterpartiet bli dei tyngste våpendragarane. Dei har truleg mange fleire medlemmer i gruppa avviklingsbønder enn i den andre.

Les også

  1. Bonde­rebellar ber om for­handlings­brot: – Eg er lei meg

  2. Hildegunn elskar garden sin. No er han til sals

  3. Arthur og Marit kjører traktor til Oslo i protest: – Vi er skuffet

  4. Han lar biffen modne i 90 dager før han spiser den. Men nå sliter Joakim Brattland. For norske kjøttlagre er tomme

Publisert:
  1. Landbruk
  2. Jordbruksoppgjøret
  3. Landbrukspolitikk

Mest lest akkurat nå

  1. Flere barnefamilier enn tidligere er bostedsløse: – Alvorlig

  2. Lille-«Regå» havner på Østlandet

  3. Sjekk hvem som dukket opp på treningen til lokalt lag

  4. Kraftig regnvær og flomfare på vei

  5. Nå skal regjeringen selge «Made in Norway»

  6. Motorstopp på E39 onsdag formiddag