«Løftene kan ikke svikte»

Arendalsveka i fjor. I år blir det med nokre nye fjes, men mykje kjemt til å vere det same – alle lløfta om meir enn vi veljarar har forstand til å be om.

KRONIKK: I stortingsvalet til hausten stemmer eg på eit parti som lovar så lite at dei kan halde løfta.

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Jarl Wåge
    Skribent
Publisert: Publisert:

«Løftene kan ikke svikte. Nei de står evig fast», heiter det i ein kristen song eg ofte høyrde i oppveksten. Jammen sa eg smør! Vi har på ny hamna i leiande-politikarar-lovar-og-lyg-så-det-renn-av-dei-perioden. Eller valkamp, som det òg heiter. Dei konkurrerer om det eine løftet dyrare enn det andre som om dei på forunderleg vis har fått tilgang til den utømmelege Sareptas krukke.

Vi som har gjennomlevd mange valkampar, veit at det er nettopp det løfte kan; svikte. Difor er det underleg at politikarar ikkje blir meir edruelege. At dei ikkje lærer.

Ferjer og bomstasjonar

Då regjeringa la fram si nye perspektivmelding, blei det mellom anna peika på at det i framtida kvart år vil mangle 5 milliardar kroner i inntekter, og at dagens ungdom vil måtte jobbe meir og lenger om vi skal klare å halde oppe vårt fabelaktige velferdssystem. Så då skulle ein tru at politikarar vil sette tæring etter næring. Den gong ei. Slike framtidsutsikter legg ingen dempar på løfteoverbodbonanzaen.

Arbeidarpartiet var tidleg ute med løfte om å halvere ferjeprisane i vårt langstrekte land. Musikk, sjølvsagt, i øyra til dei som har store utlegg til ferjebillettar. Skurring i øyra til dei som vil ha fleire inntekter til samferdsel.

Sylvi Listhaug i Frp var sporenstreks ute og dobla innsatsen. «Alle ferjereiser skal vere gratis», var hennar rause tilbod. Kor mange milliardar det årleg vil koste samfunnet, har vel ingen full oversikt over. Dette er som å pisse i buksa for å halde varmen, i det lange løp vil det innebere langt mindre inntekter til å halde oppe velferdstilbodet.

Løftet til Frp om å fjerne alle vegbommar i Noreg, blei reine «bompenge-gate» for partiet då dei hamna i regjering. Om dei, mot alle odds, skulle hamne i regjering igjen etter valet, kan dei plutseleg sitte med dobbelskjegg i postkassa og ende opp med både «bompenge- og ferjereise-gate».

Skattelette, som vanleg

Høgre vil, saman med Frp, i år som i tidlegare år, vise ekstra omsut for sine rikaste kjerneveljaronklar og love dei nye milliardar i skattelette. Det vil bidra til å auke skilnadene mellom rike og fattige endå meir, men det løftar dei ikkje fram i ljoset. Det dei heller ikkje kjem til å seie noko om, er at dette er ein politikk som i teorien skal gje fleire arbeidsplassar («trickle down», som det heiter på fint), men som i praksis ikkje gjer det. Ein analyse bestilt av regjeringa slo fast det stikk motsette, at auka formuesskatt tvert om hjelper til med å auke sysselsettinga. Ein analyse som forresten ikkje får innverknad på regjeringa sin politikk. Der er det skattelette as usual.

Som vi veit, ingen tre veks inn i himmelen. Senterpartiet har, i alle fall på meiningsmålingane, vakse seg langt opp i skyene. Det gjer at dei overmodig og høglydt kjem med stadig nye løfte. Enkelte av dei meir bisarre enn dyre. Det er ingen løyndom at Trygve Slagsvold Vedum ikkje er spesielt glad i Oslo-folk. I alle fall ikkje om dei er «elite», bur på «Løkka» og drikk Caffè latte på café med c. Er dei derimot fattige og køyrer dieselbil, stiller det seg annleis. Han går ikkje av vegen for å legge seg opp i Oslo sin samferdslepolitikk og love dieselbilsjåførar fritt leide i Oslo sentrum.

Utrydde tigeren òg

Folk flest har fått med seg at i Senterpartiet er ulv «animale non grata». Så non grata at dei lover å redusere talet på ulv drastisk. Senterungdommen går enda lenger. I ei tid då folk verda over er opptekne av å verne utryddingstrua dyreartar, vil dei rett og slett utrydde ulven i Noreg. Men kvifor stoppe der? Kva med gaupe, jerv, bjørn og ørn? Dei tar òg sauer. Vekk med dei!

I India er tigeren ein langt større trussel enn ulven er i Noreg. Tigrar tar også livet av menneskje. Ønskjer Senterungdommen at tigeren, som ulven, skal utryddast? Kva med livsfarlege løver, leopardar og krokodillar. Er dei liv laga?

Eg vaks opp med sauer på småbruket heime og huskar framleis kor fortvila vi var om vi mista ein av dei. Difor forstår eg godt det forferdelege dilemmaet det er å drive med sau i ulveland. Men kva om Sp satsar tungt på levelege tilhøve for begge dyreartar? Tenk om dei kunne komme opp med tilfredsstillande løysingar for «ulv og lam, hand i hand».

Les også

Harald Birkevold: «Framgangen til Sp er et tydelig tegn på at de gamle sannhetene står for fall»

Les også

Trond Birkedal: «Statsminister Trygve den andre?»

Berre vent!

Løfta vi har sett så langt, er berre ein appetittvekkjar. Bare vent til valkampen dreg seg til i samband med Arendalsveka i august. Eg lover (sic!) at det vil ta skikkeleg av. Då er det bare å finne fram popkorn, sette seg godt til rette og oppleve Bjørnar Moxnes, Audun Lysbakken, Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum, Une Bastholm, Kjell Ingolf Ropstad, Guri Melby, Erna Solberg og Sylvi Listhaug sjå oss djupt inn i auga og utan å blunke love meir gull og enda grønare skogar enn vi forstår å be om.

Kvar gong det skjer, håper eg at alle Noregs Fredrik Solvang-ar ansvarleggjer dei med følgjande innspel: «Dette løftet ditt vil koste uhorveleg mange pengar. Kvar har du tenkt å kutte for å få råd til det?»

Som regel har eg ei viss aning om kven eg skal stemme på ved val. I år har eg bestemt meg for å stemme på det partiet som lover så lite at dei kanskje klarer å halde det dei lover.

  • Sven Egil Omdal: «Ka då, ittepå pandemien? Noe à la fellesprogrammet og samlingsregjeringen i 1945?»

Les også

  1. KrF vil sende supertalent fra Nærbø til Stortinget

  2. Solvik-Olsen vil ha Frp-statsminister og inviterer Sp med i regjering

  3. Madla-sykepleier suser inn på Stortinget: - Høres helt fantastisk ut

  4. Sentral Senterparti-politiker ute av stortingsliste for Rogaland Sp

  5. Rogaland Høyre vil sende Hadia Tajiks bror til Stortinget: - Hun ble litt skuffet da jeg meldte meg inn i Høyre

Publisert:
  1. Stortingsvalget 2021
  2. Politikk
  3. Jarl Wåge

Mest lest akkurat nå

  1. Ingenting rocket på Sandnes’ nye festplass

  2. Veton Berisha etter hat tricket: – Serie­gull med Viking ville vært det største

  3. Gikk fra Sandnes til Kristiansand av én spesiell grunn: – Det har vært litt av en tur

  4. Mia Gundersen og Espen Hana er aller best når de får skuldrene ned, puppene opp og herjer med seg selv

  5. Politiet ønsker tips om hen­delser før døds­ulykken i Sandnes

  6. Hele livet lurte Tor på hva som skjedde da faren styrtet i døden med jager­fly. Så opprettet kona en hemmelig kon­takt