Størst utfordring i distrikta er breiband og elforsyning

DEBATT: Eg må ta opp eit tema som strengt tatt ikkje burde vore eit tema i Noreg i 2021: Infrastruktur. Eller mangel på sådan.

«Når vi det siste året har vore innestengt i heimane våre med heimekontor, heimeskule og heimeseminar på Teams og Zoom, har vi smerteleg fått erfare kor dårleg det står til i Hjelmeland», skriv Anita Husøy Riskedal.

Debattinnlegg

  • Anita Husøy Riskedal
    Varaordførar i Hjelmeland, Sp
Publisert: Publisert:
  • 6.-kandidat på Rogaland Sp si stortingsliste.

Oftast så tenker ein på vegar, vatn og kloakk når ein høyrer ordet infrastruktur, men no er det breiband og elforsyning som ligg meg på hjartet. For dei som bur i meir tettbygde strok, er desse tinga så sjølvsagde at det eg no skal sei kanskje vil høyrest rart ut. Men, for oss som lever med å ikkje få dekt desse grunnleggjande behova, så er det diverre ikkje noko sjølvsagt med det.

Hjelmeland er dårlegast stilt

Hjelmeland kommune er den kommunen i Rogaland som er dårlegast stilt når det kjem til digital infrastruktur. Altså internett. Når vi det siste året har vore innestengt i heimane våre med heimekontor, heimeskule og heimeseminar på Teams og Zoom, har vi smerteleg fått erfare kor dårleg det står til. I Stavanger, under ein time unna oss, rullar dei i desse dagar ut 5G-nettet, medan enkelte av våre innbyggjarar verken har mobilnett eller ei stabil koparlinje.

Vi veit at situasjonen ikkje er unik for Hjelmeland.

Ein skulle tru det berre var for kommunen å spytte inn midlar her, men dagens regelverk (altså EØS-reglar), gjer at vi ikkje kan nytte kommunale midlar for å få fortgang i prosessen. Det er nemleg å rekne som bedriftsstøtte. Berre i dei prosjekta der kommunen tek imot NKOM-midlar (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet) får vi lov til å bidra økonomisk. Då er det visst ikkje bedriftsstøtte lenger … Og, med dei løyvingane som vert gjort på det feltet, går det seint. Altfor seint. Korleis skal då våre innbyggjarar, våre elevar og studentar kunne delta på lik linje med alle andre?

Så var det elforsyninga. Eit tema som det er enno meir absurd å måtte bruke tid på når vi veit at den første bruken av elektrisk kraft i Norge byrja i 1877. Same året vart Erfjord kyrkje bygd, Haugesund dampskipsselskap vart stifta, Macks bryggeri vart etablert og Rørosbana opna. No skriv vi 2021 og i kraftkommunen Hjelmeland er det tilknytingsstopp på elenergi for nye næringskundar fram til 2023. Fordi der ikkje er meir kapasitet i linja. Og … når ny linje kjem om to år, vil vi framleis berre ha ei linje inn til kommunen, med dei beredskapsutfordringane det medfører.

Mange kommunar slit

Vi kan ikkje måtte miste innbyggjarar eller verdifulle næringsetableringar og arbeidsplassar på grunn av noko så grunnleggande som dette. Og så veit vi at denne situasjonen ikkje er unik for Hjelmeland. Mange kommunar både i Rogaland og landet elles slit med det same. Dette må det ryddast opp i. Både straum og fiber bør vere å finne nær folk i heile Noreg.

Publisert:
  1. Debatt
  2. Hjelmeland kommune
  3. Hjelmeland
  4. 5G
  5. Infrastruktur

Mest lest akkurat nå

  1. Norge er åpnet opp – festen godt i gang i Fargegata

  2. Oilers taper for VIF. Etter et voldsomt Oilers-press i de to siste periodene. Men Oilers fikk aldri pucken i mål

  3. De mener bildet er verdt millioner, og har kjempet i flere år for å få det slått fast. Til nå har de bare møtt mot­stand

  4. Denne kommunen tjener millioner på Englands­kabelen og strøm­krisen: – Kommer godt med

  5. – Det må jo bli litt mer byturer fremover. Vi har savnet å kunne samles

  6. Inviterer til gjen­åpnings­feiring i Stavanger lørdag kveld