Hender som grip

DEBATT: Folk som trivst saman, treng ikkje ytre press for å ta seg av kvarandre.

Publisert: Publisert:

– Dersom helsevesenet pressar halvgamle barn til å stilla opp for gamle foreldre, blir det berre fleire som blir kronisk sjuke og må uføretrygdast, skriv forfattar Solveig Aareskjold. Foto: Shutterstock, illustrasjonsbilde

Debattinnlegg

  • Solveig Aareskjold
    Forfattar og essayist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Psykiatrisk sjukepleiar Laila Elin Eriksen skriv med stor innleving og sympati om dei som er gamle og bur på sjukeheim (Aftenbladet 4.8): Dei så uthungra på nærkontakt at dei grip etter henne når ho går forbi. Men sjølv om ho gjerne vil stansa opp, er det så mykje anna som må gjerast først. Derfor vil ho ha dei pårørande til å sjå innom oftare.

Høyrt mange gonger før

Det er berre det at det har dei pårørande høyrt mange gonger før. Og dei har sagt til seg sjølve at dei må bli flinkare til å ta seg av dei gamle. Men så lenge dei middelaldrande døtrene får utslett og migrene berre ved tanken på dei gamle mødrene sine, er det kanskje like godt at dei held seg unna.

I alle fall er det synd å sjå korleis skuldkjensla forplantar seg til ansikt og kropp, sånn at det er heilt normalt at godt vaksne kvinner går omkring med ein krampaktig grimase, med oppheiste skuldrer og vondt over alt. Det verste er at for ein generasjon sidan gjekk mødrene deira og bar på den same smerta. For det er ikkje alle familiar som meistrar kunsten å vera snille med einannan.

Gje slepp på draumen

Folk som trivst saman, treng ikkje ytre press for å ta seg av kvarandre. Dei som prøver å halda avstand, har nesten alltid ein god grunn. Dersom helsevesenet likevel pressar halvgamle barn til å stilla opp for gamle foreldre, blir det berre fleire som blir kronisk sjuke og må uføretrygdast. Betre då å gje slepp på draumen om slektsidyllen, så den vonde arven ein gong kan ta slutt, og heller gje folk hjelp til å planleggja alderdomen sin på ein måte som passar for dei.

Publisert:

Les også

  1. Hender har grepet etter meg

Mest lest akkurat nå

  1. Prinsesse Ingrid Alexandra (16) tok NM-gull i surfing på Jæren

  2. Vill Bryne-jubel – nå lukter det 1. divisjon

  3. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  4. Vil kaste Myrhol som FNB-leder: - Jeg er selvfølgelig sjokkert

  5. Koronavinteren kommer. Dette er scenarioene Norge må forberede seg på.

  6. Nytt smittetilfelle i Gjesdal: Legesenter stenger dørene

  1. Debatt
  2. Eldrebølge
  3. Generasjon