Feil om Stavanger-kommunistane

DEBATT: Først nå oppdaga eg Jan Gjerde sitt utfall 23. november mot boka «En fortiet historie» av Jan Magne Arntsen.

– Dersom Jan Gjerde hadde lese Arntsen si bok nøye, vil han også sett at Stavanger-kommunistane deltok i motstandsarbeidet heilt frå 1940, det vil seia også i perioden med ikkje-åtakspakt mellom Tyskland og Sovjetunionen, skriv Hallvard Tjelmeland, bildet. Foto: UiT

Debattinnlegg

  • Hallvard Tjelmeland
    Historikar ved UiT
Publisert: Publisert:
Les også

Jan Gjerde: Gamle medlemslister til NKP til besvær

iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Eg finn det nødvendig å tilbakevisa eit premiss i innlegget hans. Gjerde likestiller NS og NKP under krigen ved blant anna å skriva at «de begge hadde lojalitet til en fremmed makt».

Dette er heilt misvisande som jamføring mellom dei to partia under andre verdskrigen. Det er ein avgjerande skilnad på dei to stormaktene Tyskland og Sovjetunionen når det gjeld Norge sin lagnad under andre verdskrigen.

Tyskland okkuperte Norge i fem år, og Nasjonal Samling støtta denne okkupantmakta frå første stund, også etter at den norske regjeringa gjekk i eksil i Storbritannia og førte kampen mot Tyskland derifrå.

Norge var alliert med den andre stormakta, altså den som kommunistane «hadde lojalitet til», heilt frå det tyske åtaket på Sovjetunionen 22. juni 1941 («Operasjon Barbarossa»), altså i fire år. Dersom Gjerde hadde lese Arntsen si bok nøye, vil han også sett at Stavanger-kommunistane (som kommunistar mange andre stader) deltok i motstandsarbeidet heilt frå 1940, det vil seia også i perioden med ikkje-åtakspakt mellom Tyskland og Sovjetunionen. Han ville også sett at Stavanger-kommunistane også rapporterte til britisk etterretning. Og så kan han jo grunna litt på kvifor NKP var det første partiet som vart forbode, alt i august 1940.

Les også

  1. Jan Gjerde: Gamle medlemslister til NKP til besvær

  2. Aldri mer en fortiet historie

  3. Jan Gjerde: Heder og fortielse i Stavanger kommunistiske parti

  4. Tre lokale bøker som utvider vår kunnskap om krigen

  5. Krigskommunistene i Hillevåg

Publisert:
  1. Debatt
  2. Etterretning
  3. Internasjonal politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Paradis-naboer melder om sykkelproblemer: – Dette er ikke godt nok

  2. «Vi har mye å bevise og er tøffe i trynet som tar denne jobben»

  3. TV 2-Wikestad sendte melding til kona: – Jeg må ha en hånd å holde i før jeg går til grunne

  4. Høyre-politiker ber Riksrevisjonen ta vindkraftsaken

  5. Dette er tidenes beste julesanger

  6. Endelig ble Roar kvitt huset sitt