«Me treng meir og betre språkpolitikk»

DEBATT: Skal Rogaland fylke leva etter den offisielle norske språkpolitikken, lyt dei setja i verk tiltak som gjer det lettare å vera nynorskelev.

«Om me ikkje snakkar om utfordringane nynorskelevane har, vil språkskiftet halde fram», skriv Fredrik Hope.

Debattinnlegg

  • Fredrik Hope
    Fredrik Hope
    Leiar i Norsk Målungdom
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Kvart haust byrjar hundrevis av nynorskelevar på vidaregåande skular i Rogaland – og vert bokmålselevar. Dette språkskiftet er eit samfunnsproblem me må snakka meir om, og som politikarane i Rogaland bør arbeida meir med. Ein start er at fylkespolitikarane får skulane til å heia på nynorskelevane, i staden for å lata som at dei ikkje finst.

Få skular gjer nok for å få nynorskelevane til å halda på språket sitt.

Mindretalsulemper

Grunnane til språkskiftet er mange og komplekse. For mange er ikkje dette eit fullt ut fritt og sjølvstendig val om å velja bokmål. Me kjem ikkje vekk frå at nynorskbrukarane har mange mindretalsulemper og at desse ulempene i liten grad vert gjort noko med. Det kan vera alt frå at dei ikkje får anna opplæring på nynorsk enn sidemålsopplæringa til bokmålsmedelevane, at alle skilt og oppslag på skulane er på bokmål, eller at skulen berre kjøper inn bokmålsbøker. Språklæring handlar om eksponering og vane, og det er vanskeleg å vera nynorskelev om du ikkje ser språket ditt i bruk.

Få skular gjer nok for å få nynorskelevane til å halda på språket sitt. Mange skular har ein tanke om at dei lyt halda seg «nøytrale» og ikkje gjera noko for å påverka elevane nokon veg. Denne misforståtte nøytraliteten er fin på papiret, men i praksis bidreg han til å gjera språkvalet usynleg – og med det dytta nynorskelevane over til bokmålet. Rett og slett fordi nynorskelevane er eit mindretal som treng ei ekstra støtte, ei støtte skulane ikkje gjev dei.

Langt frå fine ord til praksis

Språkpolitikken til den norske staten har ein god intensjon: Me skal ha to norske skriftspråk i framtida, og me skal styrkja dei to norske språka som hovudmål. Men som me ser i denne saka, er det langt frå fine ord i staten til praksis ute i fylka. For skal Rogaland fylke leva etter den offisielle norske språkpolitikken, lyt dei setja i verk tiltak som gjer det lettare å vera nynorskelev.

Nokre idear

Eg sit ikkje med alle svara på korleis me skal minimera og helst stogga språkskiftet, men eg har nokre idear. Kva ville skjedd om dei vidaregaånde skulane i Rogaland på fyrste skuledag sa høgt at dette er eit fylke med både nynorsk- og bokmålselevar, og at skulen ville at nynorskelevane skulle halda fram med nynorsk? Kor mange hadde halda fram med nynorsk om lærebøkene på nynorsk var klar ved skulestart? Kor mange skular ville teke grep for stø nynorskelevane om fylka stilte fleire krav, og registerte språkskiftet på dei ulike skulane?

Om me ikkje snakkar om utfordringane nynorskelevane har, vil språkskiftet halde fram. Me treng meir og betre språkpolitikk som gjer det lettare å vera nynorskelev, og den språkpolitikken lyt fylkespolitikarane i Rogaland koma med.

Les også

  1. Skule blir skole i Klepp

  2. Fleire parti har god språkpolitikk, dei minste partia er best

  3. «Om språk er viktig, krevst det språkpolitikk»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Nynorsk
  3. Bokmål
  4. Språk

Mest lest akkurat nå

  1. Kjerkol om omi­kron-smitten: Regjeringen er klar til å innføre nye til­tak

  2. Torsdagens Oilers-storkamp utsatt: – Kom ut av ingenting

  3. Aftenbladet erfarer: Påbud om munnbind kan bli innført på Nord-Jæren

  4. Politiet tipset om at det ligger hånd­granater gjemt i skogs­område

  5. To spillere ferdige i Sandnes Ulf: – Vemodig

  6. FHI: Ytterligere to omi­kron-tilfeller bekreftet i Norge hos reisende fra Sør-Afrika