Betre og rausare nasjonale prøver, takk!

SKULE: Per Henning Uppstad er lei av kritikken av nasjonale prøver. Han meiner det er feil å «demonisere» Utdanningsdirektoratet.

Gjennomføring av nasjonale prøver har i dag eit stort veikt punkt, det er avstanden mellom læring- og testsituasjon, skriv innsendaren.

Debattinnlegg

  • Roar Ulvestad
    Norsklektor og fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet Vestland
Publisert: Publisert:

Per Henning Uppstad, professor ved lesesenteret i Stavanger, uttrykker frustrasjon over kritikk av nasjonale prøver.

Lesesenteret har, til orientering, ifølgje Udir ansvar for utvikling av leseprøver for 5. klasse. Han meiner det er urettvist at dei blir brukt som døme på eit innsnevra syn på eleven i dag, og vil ikkje ha meir av det han kallar «demonisering» av Utdanningsdirektoratet. Då bør han ikkje demonisere sjølv.

Akkurat som Uppstad går i angrepsposisjon når han blir trødd for nær, føler eg som norsklærar og tillitsvald at det er naturleg å påpeike at han brukar eit vrengebilete av Utdanningsforbundet si haldning til nasjonale prøver: «Nasjonale prøver har rett nok vore kontroversielle sidan dei blei innført i 2005, særleg sidan dei både skulle gi informasjon om eleven og om stoda på den einskilde skulen. Særleg rangeringa som følgde, fekk Utdanningsforbundet til å kritisere nasjonale prøver på liknande vis som Sandelson. Naturleg nok, sidan Utdanningsforbundet er lærarane si fagforeining, og ikkje elevane sitt talerøyr.»

Vurdering er sentralt

Dette er konfliktsøkjande retorikk. Utdanningsforbundet har vore i argumentasjon om kor vidt ein bør offentleggjere prøveresultata, og nokre tillitsvalde har òg argumentert for å gjere prøvene til utvalsprøver, slik at ein kan få statistiske storleikar som kan seie noko om tendensar over tid. I det batteriet av testar og prøver som går inn i nasjonalt kvalitetsvurderingssystem er kanskje nasjonale prøver noko av det minst problematiske. Lesesenteret har gode intensjonar om å lage stadig betre og læringsstøttande prøvar som lærarane kan nytte for å analysere den einskilde eleven sin faglege ståstad, og det går det ikkje an å vere mot, verken som lærar eller tillitsvald.

Utdanningsforbundet er på lag med elevane og på lag med det faglege. Fagforeining utan fag blir berre foreining og ein meiningslaus storleik. Vi har støtta ei fagfornying som har ein grunnambisjon om styrka læringsstøtte. Vi har støtta og pressa på for å få ein skikkeleg gjennomgang og oppdatering av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem der både nasjonale prøver, Pisa-testing, eksamen, kartleggingsprøver og skulebidragsindikatorar er med.

Uppstad har ein svak argumentasjon når han skriv at «Lærarar vil ha prøver. Det er også faktisk lite som tyder på at om lærarar sjølv fekk velje, ville dei kutte bruken av prøver til eit minimum. Vurdering er sentralt i all læring, og i vurderinga har prøver ein plass. Difor lagar forlaga stadig nye prøver på etterspurnad frå lærarar.».

Politisk brettspel

Ja, vi vurderer og tilbakemeldar i vilden sky, men det betyr ikkje at vi liker alt som kjem utanfrå av prøver og testsystem, og det er ikkje alt vi må gjere som er læringsstøttande, mykje er reint disiplinerande og uniformerande for å halde metodefridomen i sjakk og styrkane i geledd.

Lærarane har eit kollektiv ønske om å få vurderingskulturar og vurderingsstrukturar som får styrka kontakt med i læreplanen, og som tek vare på skulen sitt doble oppdrag, der både danning og utdanning inngår som udelelege storleikar. Vi har i dag eit vurderingssystem som er fragmentarisk, usystematisk med lite av den rausheita Sandelson etterlyser. Nasjonale prøver ser eg ikkje på som verstingen, på ingen måte, men:
Gjennomføring av nasjonale prøver har i dag ein stor svakheit, og det er nettopp avstanden mellom læring- og testsituasjon.

Betre prøver må til

Om elevane blir førebudd til prøvene på same måte som vi førebur dei til å lese og forstå tekstar «til dagleg», vil dei bli klart meir meiningsfulle. Eg vil personleg ikkje ha prøvene vekk, men eg vil at dei skal bli fagleg betre. Det vil vise eit rausare syn på elevane og vere fagleg meir forsvarleg. Nasjonale prøver som reint politisk brettspel vil verken lesesenter, elevar, foreldre eller fagforeining ha.

Det er dessverre det nasjonale prøver har blitt brukt til i det offentlege, media skriv ikkje om læringsstøtte når nasjonale prøveresultat vert gjort offentlege, men kva skular som er best og dårlegast. Nasjonale prøver har eit omdømeproblem, og om det skal endre seg, bør dei som lagar dei heller søke alliansar og spreie kunnskap enn å konstruere fiendebilete.

Les også

  1. Stortingsval? Best å minna om kor smalt bilde dei som styrer skulen har av norske barn.

Publisert:

Valg 2021 - skole

  1. – Leksebevisst skole, ja takk!

  2. – Lovfest miljøterapeuter i skolen

  3. Kva med å utdanna eigne lærarar for små skular?

  4. Eg vil ha fagleg betre nasjonale prøver. Det vil visa eit rausare syn på elevane

  5. Regjeringa har slått bensin på bålet i lærarkrisa

  6. Rogaland best i landet: Slik får de flest mulig til å fullføre videregående

  1. Valg 2021 - skole
  2. Skole og utdanning
  3. Skolepolitikk
  4. Utdanningsforbundet
  5. Undervisning