Å sponsa straum for utanlandske aktørar, skaper ikkje velferd
VASSKRAFT: I Aftenbladet spør SV- kandidat Ingrid Fiskå og Jan Haugen i Industriaksjonen «Kven skal få straumen vår?» Den skal ingen få, men dette arvesølvet skal forvaltast betre enn dei to forfattarane innbyd til.
- Njål KolbeinstveitSosialøkonom, Stavanger


Staten og kommunane eig over 90 prosent av norsk vasskraft. Det gir grunnlag for store årlege inntekter til stat og kommunar som det offentlege vil trengja i stadig større grad for å behalda norsk velferd. Dette viktige poenget går ikkje klart fram hos forfattarane.
Gir til dei som har mykje
Sel vi krafta til industrien billegare enn marknadspris, inneber det ei faktisk subsidiering som vil bli størst til dei som brukar mest energi. Vi svekkjer velferda vår på to måtar samtidig. Det offentlege får mindre inntekter, og subsidieringa fører til at t andre arbeidsplassar med større nytte for samfunnet blir borte.
Arbeiderpartiet og LO tok eit kraftig oppgjer med slike skadelege ordningar på slutten av 1970- talet for å fremja større velferd. Energiloven- med ein statsråd frå Senterpartiet som far- kom deretter. Første alvorlege avviket frå denne dyrekjøpte lærdommen fekk vi då SV og Senterpartiet – i strid mot statsminister Stoltenberg – pressa gjennom grøne sertifikat som opna for vindkraft. Når SV representanten Fiskaa skriv kritisk om vindturbinane i same stykket, kunne det vore på sin plass å vedkjenna seg SV sitt ansvar for den skadelege avgjerda.
Det bør vera sjølvsagt at elektrisiteten skal nyttast slik at den gir best mogeleg nytte i samfunnet. Naturlegvis skal industrien vår framover oppfylla krav til reinleik, og ikkje forureina. Dersom det betyr at vi skal nytta energi til å produsera aluminium for eksport til utlandet, bør det vera like sjølvsagt at då skal omverda betala det produktet kostar oss å produsera. varene.
Skaper ikkje velferd
Vi har ingen grunn til å la staten og norske kommunar subsidiera ukjende utanlandske kjøparar av varer vi produserer. Let vi visse kraftkrevjande sektorar få kjøpa elektrisitet billeg, kan det innebera at visse industrigreiner får så store faktiske subsidiar at det dekkjer lønnskostnadene. Slikt skaper ikkje velferd. Dessutan krenkjer det demokratiet sin funksjon om vi lagar subsidieordningar som favoriserer tilfeldige grupper på ein fordekt måte.
Slik subsidiering som Fiskaa og Haugen innbyr til, er i strid med god ressursutnytting som skaper velferd. Ekstra inntekt av auka straumpris hamnar i kassar det offentlege har herredøme over. Låginntektsgrupper kan kompenserast for auka straumpris, utan å svekka offentleg økonomi.
Frå 1900 og fram til 1970 hadde vi eit stort potensial for fleire, store vasskraftutbyggingar. Mykje arbeidskraft i jordbruket trong nye arbeidsplassar i industrien, og vi trong større eksportinntekter.
Fleire sentrale mål gav då eit solid utgangspunkt for å utnytta eit potensial for utbygging av elektrisk kraft som låg ubrukt.
Ureflektert subsidiering
Nå har vi fleire arbeidsplassar enn norske arbeidstakarar, og treng eit vesentleg bidrag av utanlandsk arbeidskraft. Skal vi ta i bruk meir av naturen til energiproduksjon, må nytten av dette ikkje skuslast bort gjennom ureflektert subsidiering av utanlandske kjøparar av norske varer.
Den velstand Noreg har oppnådd etter 1945, hadde ikkje vore mogleg utan eit omfattande internasjonalt samarbeid. Utan dette hadde det ikkje vore mogleg å utnytta straumen like godt til eksportindustri som har skapt velstand.
Å oversjå at vi kan utnytta norsk vasskraft betre dersom vi samarbeider med utlandet, medfører eit norsk velferdstap.
Let vi visse kraftkrevjande sektorar få kjøpa elektrisitet billeg, kan det innebera at visse industrigreiner får så store faktiske subsidiar at det dekkjer lønnskostnadene. Slikt skaper ikkje velferd.
Valg 2021 - arbeidsliv
- DEBATT
Å sponsa straum til gunst for utanlandske aktørar, skaper ikkje velferd
- DEBATT
– Alvoret med deltidskrisen
- DEBATT
– Vi vil ikke bygge flere utenlandskabler
- DEBATT
Formuesskatten betyr i praksis økt skatt på lokale arbeidsplasser
- DEBATT
På Ernas vakt har byråkratiet est til nye dimensjoner
- DEBATT
– Bortfall av formuesskatten, den endelige løsning?