Klima- og miljøtiltak er også viktig på sjukehusa

DEBATT: Mykje må gjerast før me når alle måla våre. Men me er i gang, og me har tilsette som ønskjer å gjera ein forskjell.

«Sjølv om pasientbehandling er det aller viktigaste me gjer, heng pasientsikkerheit og miljøarbeid tettare saman enn du kanskje skulle tru», skriv innsendarane.

Debattinnlegg

  • Inger Cathrine Bryne
    Adm. dir. i Helse Vest RHF
  • Terje Rootwelt
    Adm. dir. i Helse Sør-Øst RHF
  • Stig A. Slørdahl
    Adm. dir. i Helse Midt-Norge
  • Cecilie Daae
    Adm. dir. i Helse Nord RHF
Publisert: Publisert:

«Globalt står norsk helsevesen for mer utslipp enn luftfart og shipping til sammen og har ingen samlet klimaplan».

Påstanden kunne ein lese i media sist veke. Saka var laga i forbindelse med lansering av ein rapport frå «Grønt Helsevesen», eit prosjekt med støtte frå Universitetet i Bergen.

Ja, det er eit stort utslepp i norsk helsevesen. Spesialisthelsetenesta er den største eigedomsforvaltaren i staten, med ei samla bygningsmasse på 4,9 mill. m². Me er også, ikkje overraskande, av dei i Norge som kjøper inn mest utstyr, materiell, varer og tenester. Rekninga endar på 28 milliardar kroner i året. Men ved å vektleggja miljøet både i bygga me eig og i innkjøpa me gjer, kan me vera med på å gjera ein forskjell.

For med 150.000 tilsette frå Hammerfest til Kristiansand og om lag 2,2 millionar pasientar innom årleg, set sjukehusa våre eit solid avtrykk. Potensialet vårt for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet, er omstilling naudsynt. Heldigvis har mykje skjedd dei siste ti åra, og endå meir ventar fram mot 2030.

Verdifull oversikt

For sidan 2018 har alle sjukehusa i landet rapportert til eit felles, nasjonalt klimarekneskap. Dette har gjeve oss verdifull oversikt og ikkje minst, ei moglegheit til å sjå utviklinga og gjere naudsynte korrigeringar der det trengst. Eit av sjukehusa som alt har gjort store kutt, er Sunnaas sykehus. Sidan 2013 har dei redusert utsleppa sine med 51 prosent. Dei er med det det fyrste sjukehuset i landet å passera 50 prosent klimakutt.

Potensialet vårt for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet, er omstilling naudsynt.

Frå 2019 til 2020 kutta sjukehusa over 37.000 tonn CO₂. For å setja det i perspektiv, er det årlege utsleppet frå St. Olavs hospital åleine om lag 30.000 tonn. Kutta vart gjort i eit år utanom det vanlege, med pandemi og unormalt høge temperaturar. Men det viser kva som er mogeleg å få til.

Endra tankesett

Ei utbreidd oppfatning er at helsevesenet har så mykje å gjere at dei blir fritatt frå å tenke på miljøet. Sjukehustilsette har meir enn nok å fylla arbeidsdagen sin med. Men sjølv om pasientbehandling er det aller viktigaste me gjer, heng pasientsikkerheit og miljøarbeid tettare saman enn du kanskje skulle tru. Og effektfulle miljøgrep handlar ikkje nødvendigvis om tidsbruk, men om endra tankesett og nye måtar å gjere det daglege arbeidet på.

For når me arbeider med å kutta i antibiotikabruk, å redusera infeksjonar eller tilby polikliniske konsultasjonar digitalt, gjer me to ting på same tid – me oppfyller mål i pasientbehandlinga, samtidig som me tek meir omsyn til klimaet, fordi desse grepa fører til mindre forbruk og reising.

I 2020 leverte 6,8 millionar pasientar inn reiserekning til sjukehusa. Men dei siste åra har talet på konsultasjonar over video og telefon auka i alle regionar.

Felles mål for kutt

FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men endringane er også, ifølge Verdens Helseorganisasjon, den største helsetrusselen me står framfor. Difor skal eit samla sjukehus-Norge no setja felles mål for kutt av CO₂-utslepp. Kutta vil vere forankra i FN sine berekraftsmål, og vil dreia seg om alt frå å redusera energiforbruket og auka delen gjenvinningskraft, til å kutta i matsvinn, å utvikla digitale helsetenester, å få fossilfrie sjukehus og at majoriteten av produkta me kjøper inn ikkje skal innehalda eller føra til utslepp av helse- og miljøskadelege stoff.

Mykje må gjerast før me når alle måla våre. Men me er i gang, og me har tilsette som ønskjer å gjera ein forskjell. Me skal gjera vårt for å redusera utslepp frå eiga drift og på den måten vera med på å sikra framtida til dei som kjem etter oss.

Les også

  1. Flere partier mener dagens sykehusmodell må skrotes: – SUS kan ikke drives som butikk

  2. Dette flyttes til det nye sykehuset på Ullandhaug

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Han blir sjef i Bjørn Rygg-selskap

  2. Viking glimrende før pause, mistet seieren på overtid

  3. Nytt slag for Rødne: – Dette kom som lyn fra klar himmel

  4. De fleste ungene ble skremt og sprang bort, men fire ble med den fremmede mannen

  5. Guldvog: – Testing i skoler og barnehager kan nedprioriteres

  6. Slik spilles kvartfinalene: Viking kan møte Brann i cupen