Nye kabelavtalar må på plass og straumsalsselskap må bort!

DEBATT: Erlend Kristensen i MDG skuldar meg for å delta i «hylekoret» mot straumpriskrisa, i innlegget sitt 10. august. Den karakteristikken tar eg gjerne imot.

Eit første steg er å reforhandla kabelavtalane med Tyskland og Storbritannia. Problemet med dei to siste utanlandskablane er jo at dei no er eksportkablar og ikkje kraftutvekslingskablar, som enkelte påstod.

Debattinnlegg

  • Ingrid Fiskaa
    Ingrid Fiskaa
    Stortingsrepresentant for Rogaland (SV)
Publisert: Publisert:

Eg står ved den sterke kritikken min av ein feilslått energipolitikk, og registrerer at Kristensen ikkje har forstått alvoret i situasjonen. Tiltaka han føreslår er i alle fall berre eigna til å lindra symptoma, i staden for å kurera sjukdommen. Dei ekstreme straumprisane gjer det nødvendig å ta problemet ved rota. Medan MDG berre er opptatt av innretninga på straumstøtta, meiner SV at me må ta langt meir kraftfulle grep.

Nye kabelavtalar

Å dela ut straumstøtte som kompensasjon for høge prisar var og er nødvendig, fram til me har fått kontroll på sjølve prisen. SV har brukt forhandlingsmakta vår på Stortinget for å forbetra straumstøtta – både gjennom høgare kompensasjonsgrad til alle og ved at dei med lågast inntekter får meir gjennom bustøtta. Samtidig pressar me på for det som verkeleg trengst: å erstatta prissettinga i ein EU-marknad der me importerer høge europeiske straumprisar, med nasjonal kontroll og demokratisk styring med krafta vår.

Eit første steg er å reforhandla kabelavtalane med Tyskland og Storbritannia for å sikra at nettoeksporten ikkje er større enn det faktiske kraftoverskotet vårt. Problemet med dei to siste utanlandskablane er jo at dei no er eksportkablar og ikkje kraftutvekslingskablar, som enkelte påstod og framleis prøver å innbilla oss. Dette merkar me ekstra godt i regionen vår, der desse straumkablane går ut frå. Den store kapasiteten i kablane gjer oss ekstra utsette for prissmitte frå Europa. Utan ei politisk styring med flyten gjennom desse kablane, vil høge straumprisar fortsetta å plaga industri og hushald her i Sørvest-Norge. Det vil bety kroken på døra for smelteverksindustrien vår, og riva grunnen under Norge som industrinasjon.

Les også

Så enorme er inn­tektene fra Englands­kabelen

Avvikla fordyrande straumselskap

Eit anna forslag er å avvikla dei mange straumsalsselskapa: det totalt unyttige og fordyrande leddet mellom kraftprodusentane og forbrukarane. Desse «straumleverandørane» bidrar berre med eit påslag i prisen for å senda ut faktura og forvirra oss med uforståeleg prisinformasjon. I staden kan me kjøpa straum direkte frå produsentane eller via eit nytt statleg straumsalsselskap.
Desse to forslaga representerer sunn fornuft, og bør ikkje vera kontroversielle sjølv for dei som er tilhengarar av å la marknaden styra. Samtidig representerer dei steg på vegen til å ta straumen tilbake under politisk, demokratisk styring.

SV vil endra energilova slik at samfunnsnytte blir styrande for produksjon og forbruk av straum, og ikkje tilbod og etterspørsel. SV vil også satsa massivt på energieffektivisering, mellom anna ved å endra støtteordningane slik at folk flest kan få støtte til energisparingstiltak. Me vil ha eit toprissystem på straum med låge prisar for eit nøkternt forbruk og høgare prisar for luksusforbruk.

Eg inviterer MDG til å delta i «hylekoret» for å legga maksimalt press på tilhengarane av dagens marknadsstyring av straumen. Så skal SV bruka forhandlingsmakta i Stortinget til å få på plass nødvendige tiltak for priskontroll. Tida for å tru at marknaden skal løysa problema, er forbi.

Eit anna forslag er å avvikla dei mange straumsalsselskapa: det totalt unyttige og fordyrande leddet mellom kraftprodusentane og forbrukarane.
Publisert: