Kvifor ikkje halda seg til fakta om dobbeltsporet?

Næringsforeiningen for Stavangerregionen og ordførarane langs Jærbanen brukar «synsing» og gamle rapportar når dei snakkar varmt om dobbeltsporet på Jærbanen.

Publisert: Publisert:

«Det er få gode argument for dobbeltsporet, mens argumenta mot dobbeltsporet er mange og overtydande», skriv leiar i Jordvernforeininga i Rogaland Olaf Gjedrem. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

Olaf Gjedrem
Leiar i Jordvernforeininga i Rogaland

Blant anna visar dei til BI-professor Torger Reve som sanningsvitne på at «Jærbanen må være det mest samfunnsøkonomiske lønnsomme infrastrukturprosjektet i Norge, kanskje det mest lønnsomme ut i fra det totale samfunnsregnskapet». Sjølv uttalar Reve til Stavanger Aftenblad 26. oktober at han ikkje har rekna på prosjektet.

Kvifor held næringsforeninga og ordførarane seg ikkje til fakta når dei argumenterar for dobbeltsporet? Det er få gode argument for dobbeltsporet, mens argumenta mot dobbeltsporet er mange og overtydande.

Les også

Frp åpner for å skrote dobbeltsporet til Egersund

Samfunnsøkonomisk ulønnsamt

Samfunnsøkonomisk analyse er gjennomført av Vista Analyse (2015/2016) i forbindelse med fagetatane (Jernbaneverket og Statens vegvesen) si eiga prioritering inn mot Nasjonal Transportplan. Denne viser at prosjektet er samfunnsøkonomisk ulønnsamt mellom Sandnes og Nærbø, berekna til minus 8,8 mrd. – med ei netto nytte pr. budsjettkrone på -0,92.

Les også

– Dobbeltsporet vil være en ulykke for Jæren

Jernbaneverket er sjølv bekymra for jordverngrensene på Jæren. Jordverngrensene blir satt under press i stasjonsbyane. Dobbeltsporet vil gi store inngrep i jordbruksareal og er i strid med jordverngrensene.
Ei ny barriere mellom nytt og gammalt spor kan føra til fleire uproduktive områder dersom gammalt spor ikkje blir fjerna. Jernbaneverket ynskjer sjølv å oppretthalda gammalt spor til anleggsveg.
Utbygging av dobbeltsporet vil krevje store omdisponeringar. Jernbaneverket treng store parkeringsareal utanfor stasjonsbyane, så langt har dei ikkje synleggjort kor store areal som vil bli bandlagt og omdisponert.

Les også

Nå skal dobbeltsporet på skinner igjen

Kommunane Hå, Time og Klepp er indrefileten i «Matfatet Jæren». Det gir oss eit ekstra stort forvaltningsansvar.
Dobbeltspor utbygd heilt til Egersund vil i 2050 årleg frakta 6,1 millionar passasjerar (Urbanet Analyse 56/2015) og ikkje 10 millionar som «mulighetsstudien» Urbanet Analyse utarbeida på oppdrag frå Næringsforeininga i 2013 syner.

Les også

Nå vil hun raskt vise hvor dobbeltsporet skal gå over Jæren

Å byggje dobbeltspor midt i matfatet er ei ulukke for Jæren, Rogaland og Norge.

Jærbanen skal være lokaltog med fart på 160 km/t. Dette betyr at reisetida mellom Nærbø og Stavanger berre marginalt blir redusert ved utbygging av dobbeltspor, med fire minutt i forhold til i dag. Utbygd til Egersund vil reisetida bli redusert med ni minutt i forhold til i dag (Jernbaneverket sine eigne tal).
Fylkestinget har fatta vedtak om å byggje ut Bussvei 2020 på Nord-Jæren. Konsekvensen av dette gir ein passasjersvikt på 30,6 prosent på Jærbanen mellom Ganddal og Stavanger (ref. Urbanet Analyse 56/2015).

95 prosent ledig kapasitet

Jærbanen har i dag god kapasitet. Jernbaneverket og NSB sine eigne trafikktal syner at det. på dagens Jærbane er om lag 90 prosent ledig kapasitet. Utbygd med dobbeltspor til Egersund vil det faktisk vere 95 prosent ledig kapasitet.
Dei siste åra er gode tiltak sett inn på Jærbanen som ivaretar dei behov reisande mellom Egersund og Stavanger har. I rush-tida på morgon og ettermiddag er det sett opp doble togsett, perrongane er forlenga der det har vore behov, køyreleidningar og signalanlegg blir skifta ut og forbetra kontinuerleg.
Kostnaden med å byggje dobbeltspor frå Sandnes til Nærbø, er foreløpig stipulert til 9,5 milliardar. Kostnaden med å bygge eit evt. dobbeltspor vidare frå Nærbø til Egersund, er foreløpig usikker. Det har me grunn til å tru blir minst like mykje.

Les også

Slik blir dobbeltsporet fra Sandnes til Nærbø

Kan gjerast smidig

Jordvernforeininga i Rogaland meiner at det med ei langsiktig arealplanlegging og ikkje minst tilrettelegging av infrastruktur er mogleg å få til gode løysingar og gjere det mogleg å etablera bustad – og næringsområdar i uproduktive områdar, spesielt på Høg-Jæren.

Ei oppgradering av Jærbanen kan gjerast smidig, billigare og til det beste for dei reisande med gode tiltak. Til dømes med blant anna krysningsspor.
Å byggje dobbeltspor midt i matfatet er ei ulukke for Jæren, Rogaland og Norge.

Les også

- Dobbeltsporet må lenger enn Nærbø

Les også

Dobbeltsporet stopper nye Bryne

Les også

Jo, flere høyhus her, desto mer matjord spares

Les også

Stadig mindre matjord i Norge

Publisert: