Alle må kjenna ansvar

Kor vert det av foreldra, barnehagane og lokalmiljøa når ein snakkar om kampen mot mobbing?

Publisert: Publisert:

«Verdien 'å ikkje-mobbe' må gjennomstrøyme oppsedinga på same måte som det å vera høfleg, det å vera for fred og for likestilling», skriv Inge Bø. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Inge Bø
    Professor emeritus, dr. philos, UiS
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Mobbing har enno ein gong kome på tapetet – og med rette: Problemet er langt frå løyst. Det minner Sigrun Ertesvåg oss om i ein velskriven artikkel i Aftenbladet 11. august. Ho er professor ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger og veit kva ho taler om. Senteret er utan tvil det forskingsmiljøet i Norge som i 30 år har gjort mest og vore mest synleg i arbeidet mot mobbing.Sigrun Ertesvåg syner til Djupedalsutvalet (NOU 2015:2) sine råd for arbeidet mot mobbing. Der vert det systematiske arbeidet på skulenivå sterkt vektlagt. Ho støttar dette og refererer òg til at både nasjonal og internasjonal forsking i fleire tiår har peika på kor viktig arbeidet mot mobbing er – nettopp i skulen – om ein skal koma problemet til livs.

  • Djupedalutvalgets rapport

Fleire tiltak

Ho seier: «Svaret på korleis (ein skal) lykkast er enkelt, men likevel så vanskeleg. Fyrst og fremst må skular velje effektive tiltak». Og så utdjupar ho dette med å gjere greie for tiltak på klassenivået. Blant tiltaka plasserer ho med rette læraren i ein nøkkelposisjon, dette av di han/ho har så stor innverknad på kva for verdiar, normer og åtferd som pregar læringsmiljøet. Men læraren må òg vita kva mobbing er, kven som mobbar og kven som vert offer. Sigrun Ertesvåg nemner òg kor viktig det er at læraren etablerer gode relasjonar mellom seg og elevane – også til den som mobbar. På det viset skaper han/ho òg trygge sosialmiljø. I dette må læraren vera synleg og ha fast og klar klasseleiing. Her seier ho mykje klokt om kva læraren kan gjera.

Men læraren er ikkje nok, føyer ho til: «Ein føresetnad for å lykkast denne gongen er samstemt innsats av ekspertar på alle nivå i skulen: tilsette i skular, skuleeigarar, byråkratar og forskarar». Eg er so samd, so samd: Alle må kjenna eit ansvar og vera med, men kva med barnehagane, kva med arbeidsplassane, lokalmiljøa og sist, men ikkje minst: Kor vert det av foreldra? Dei er ikkje nemnde med eitt ord.

Oppsedingsmandatet

Når ein stendig utelet foreldra når spørsmålet gjeld oppseding, kan det lett oppfattast som ein bodskap: «Ligg unna; dette er ikkje ditt bord!» Me må likevel alltid hugsa at det er foreldra som har det primære oppsedingsmandatet. Det er i heimen barn skal læra grunnlaget for moral og folkeskikk; det er der dei skal læra empati – sosialiseringas vera eller ikke-vera. Det er i heimen, i barnehagen og i lokalmiljøet barna skal læra – og øva seg på – sosiale ferdigheiter og vennskap. Det er der dei fyrst skal læra kor galt det å mobbe. Verdien 'å ikkje-mobbe' må gjennomstrøyme oppsedinga på same måte som det å vera høfleg, det å vera for fred og for likestilling. Foreldra skal læra barna om kor smertefullt det er for ein som vert mobba. Dei må også reagera dersom barnet deira vert mobba, men også om dei får mistanke om at eige barn mobbar.

Men så er det viktig at skulen fyljer opp, slik Sigrun Ertesvåg gjev greie for. Og her er det vel så viktig at heim, barnehage og skule går samen – gjerne òg lokamiljøet. Den eine institusjonen har like stort ansvar som den andre.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Vi vet ikke hvordan den SUS-ansatte er blitt smittet

  2. – I dag er vi alle bussjåfører

  3. FHI: Stor sjanse for Rogaland blir rødt

  4. Lauvvik - Oanes innstilt

  5. Poli­tiet: Alle ungdoms­ranene i Stavanger er opp­klart

  6. Mann ble gravd ut for hånd etter spreng­nings­uhell

  1. Debatt