Klimaaktivistane peikar på løysingane
DEBATT: Kommentator Harald Birkevold i Aftenbladet (1.10.) går i rette med klimaaktivistane, men det står ikkje på oss og våre løysingar – det står på politikarane som burde gjere meir.
– Harald Birkevold spør om klimaaktivister i Vesten som «forlanger umiddelbar stans i produksjonen av olje (eller kull)» er kjent med konsekvensane det vil få. Der lurer eg på kven han meiner at seier dette. Ingen tar til orde for umiddelbar stans, men ei planlagt utfasing, skriv Gaute Eiterjord. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix
Debattinnlegg
- Gaute EiterjordLeiar i Natur og Ungdom
Harald Birkevold: Det ingen snakker om
Birkevold skriv at klimaaktivistane ikkje vil snakke om elefanten i rommet: At fossil energi er viktig for energitilgangen for verdas fattige. At energi er eit tema som opptar mange miljøengasjerte, er ikkje tvil om. Det er jo trass alt forbruket vårt av fossil energi som er den største drivaren bak klimakrisa. Det hastar med å fase ut denne og erstatte den med fornybar energi. Dette har miljørørsla i Noreg jobba med i årevis.
Me har jobba for fleire tilskotsordningar til energieffektivisering, at ein skal ruste opp vasskraftverk, bygge ut vindkraft der det kan skje utan å øydelegge verdifull natur, tiltak for offshore vindkraft for å nemne noko. I tillegg har me lenge jobba for at Oljefondet skal ut av fossil energi, og inn i fornybar.
Treng avviklingsplan
Birkevold spør om klimaaktivister i Vesten som «forlanger umiddelbar stans i produksjonen av olje (eller kull)» er kjent med konsekvensane det vil få. Der lurer eg på kven han meiner at seier dette. Ingen tar til orde for umiddelbar stans, men ei planlagt utfasing. Med eit sprekkeferdig karbonbudsjett er dette noko av det viktigaste me kan gjere. Kvart einaste nytt oljefelt og kvar einaste nye kolgruve tar oss lenger mot kanten, derfor treng me ein avviklingsplan for fossil energibruk.
Miljørørsla i Noreg tar saman med Kyrkja og fleire fagforbund til orde for at me ikkje skal leite etter meir olje og gass (som vil innebere å ikkje opne nye felt om 10-15 år), og ei gradvis nedtrapping kombinert på satsing på nye klimajobbar. Mellom anna innanfor fornybar energi. Noreg kan bl.a. bli verdsleiande på offshore vind, og me produserer også solceller i verdsklasse. For teknologien for den fornybare energien finst, og vert stadig betre og meir konkurransedyktig. Med den vanvittige kostnadsreduksjonen på sol- og vindkraft er det rart av Birkevold å underslå dette.
Løysingar finst
Birkevold skriv at det ikkje er dei rike vestlege landa som vil bli ramma av å redusere produksjonen av fossil energi. For Noregs del ser ikkje dei fattige landa i verda snurten av olja vår: Ifølge ein rapport frå SSB går berre 0,15 prosent av norske petroleumsprodukt til land som ikkje er i EU eller OECD. Så er det heilt klart at det trengst energi til alle dei menneska som står utan det i dag, men her finst løysingane.
Friends of the Earth Africa har vore med på å starte opp African Renewable Energy Initiative. Norske skuleelevar har også jobba inn pengar til utdanning og fornybar energi i Nigeria gjennom Operasjon Dagsverk. Det er berre to døme, men poenget er at dei fornybare løysingane finst. Det manglar berre å ta den i bruk. Derfor er eit sentralt krav frå klimastreikarane i Noreg at me må gi meir pengar til å finansiere klimatiltak som fornybar energi i utviklingsland.
Solidaritet
Når alle innbyggarane på jorda deler same atmosfære, og me i den rike delen av verda har fått boltre oss med utslepp sidan den industrielle revolusjon, skulle det berre mangle at me ikkje nå viser solidaritet og støttar dei som ikkje har fått sleppe ut CO₂ med investeringar i fornybar energi.
Mest lest akkurat nå
Kapteinen døde - skip til kai i Randaberg med sju koronasmittede om bord
Økt smitte i regionen: - Begrens antall nærkontakter
20 år gamle overgrep kom til overflaten: – Krever 12 års fengsel
Det forlatte alpeparadiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turistgruppe vil de ikke ha tilbake
Thaifrykt for koronaskyld
Hytteordførere ønsker velkommen til fjells i vinterferien
Aftenbladet anbefaler
20 år gamle overgrep kom til overflaten: – Krever 12 års fengsel
Det forlatte alpeparadiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turistgruppe vil de ikke ha tilbake
Regnet tærer hardt på snøen: - Jeg er sjeleglad for at det ikke er denne uka det er vinterferie
Lettere psykisk utviklingshemmet mann risikerer ni års fengsel for nettvoldtekter