Tala som torpederer Rogfast

SAMFERDSEL: Når samferdselsminister Hareide gir Rogfast marsjordre, sender han kanskje prosjektet dit pepper’n gror!

Publisert: Publisert:

Slik skal det, etter planen, sjå ut ved munninga av Rogfast på nordsida, i Arsvågen – om prosjektet blir fullført. Foto: Cowi/Statens vegvesen

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Leiar av samferdselsutvalet, Rogaland fylkeskommune (MDG)

Kva er det me ventar på? spør fleire profilerte politikar og organisasjonstoppar frå Rogaland i eit debattinnlegg om forseinkinga av Rogfast-utbygginga.

Dei viser til ei kostnadssida under kontroll etter at sprekken i Kvitsøy-kontrakten stoppa showet.

Kostnader er den ein sida, finansieringa den andre – og det er den som treng avklaring.

Les også

Gunnar Eiterjord i intern e-post: Rogfast får ny prosjektleder

«Trafikkveksten»

I motsetning til forfattarane av det nemnde debattinnlegget, tviler ikkje eg på Vegdirektoratets positivitet til Rogfast. Når dei held tilbake Ernst & Young-rapporten som skal gi oss dette svaret, er det truleg for å skjerme prosjektet. Det skulle nemleg ikkje overraske om den viser at finansieringa ikkje går opp.

Kvifor skulle ein tru det? «Do the math!» som dei seier på engelsk:

Stortingsproposisjonen føreset 4900 bilar dagleg dagen før opning. Vidare forventast eit «hopp» til 5950 bilar dagleg ved opninga, med vidare vekst på 1,3 –1,6 prosent årleg til ein årsdøgntrafikk på 7500 mot slutten av nedbetalingsperioden. Det betyr eit snitt på 6700 betalande passeringar dagleg.

Sjølv med disse føresetnadane er det berre 50 prosent truleg at nedbetalinga kan oppfyllast innan fastsett tidshorisont på 20 år. Det er føresett byggetid på sju år, slik at finanskostnadene ikkje blir for store. Den føreset vidare at ferjedrifta innstillast, og at all trafikk over Boknafjorden tvingast gjennom tunnelen.

Les også

Kvitsøy-ordføreren om Rogfast: – Oser av gjensidig mistillit

Ein tusenlapp tur–retur

Statistikken for ferjetrafikken mellom Mortavika og Arsvågen over Boknafjorden viser jamn vekst i trafikken, men frå og med 2014 stoppa veksten i årsdøgntrafikk heilt opp. Foto: Statens vegvesen

I realiteten er trafikkveksten dei siste fire åra fram til 2019 nær null, ifølge statistikk frå Vegvesenet (side 22). Trafikken stagnerer rett under 4200 biler dagleg. Elles er den nå ytterleg halvert pga. korona-tiltaka. Trafikken vil neppe vere tilbake på same nivå når restriksjonar opphevast, så vidare vekst er blitt endå meir usannsynleg.

«Hoppet» forventast basert på «erfaringsverdiar». Men me har ingen slike erfaringsverdiar. Dei dyraste bompasseringane i dag er Hardangerbrua og Finnfast med 150 kroner. Dei har ein kjent trafikk-avvisande effekt.

Rogfast-taksten er derimot sett til meir enn det doble, med 350 kroner etter 2016-verdien. Indeksregulert til opningsåret 2030, som nå verserer, vil dette vere rett under 500 kroner.

Eit eller anna stad går smertegrensa. Den vil for lengst vere passert med tusenlappen tur–retur. Dette vil ha stor trafikk-avvisande effekt. «Trafikk-hoppet» er urealistisk ønsketenking.

Uansett er draumen om den store felles bu- og arbeidsmarknaden Rogfast skal skape, for lengst tilbakevist i ein rapport utarbeidd av Asplan Viak.

Les også

Geir Pollestad om Rogfast: – Byråkrati på sitt verste

Auka finanskostnader

Elles er det jo pussig at omtalt byggetid plutseleg har auka med tre renteberande år, – frå 7 år, som føresett, til 10 år. Det snakkast iallfall om byggestart i år 2020 og opning i 2030. Dette vil fordyre prosjektet med fleire milliardar på grunn av auka finanskostnader.

Mens finanskostnader aukar, blir trafikken som skal betale gildet, borte.

Men utfordringa stoppar ikkje der. Framleis kan ferjedrift lett «stele» av denne allereie for lita trafikk-kaka. EØS-regelverk forbyr nemleg å nekte ferjedrift, ei avklaring som kom etter stortingsproposisjonen blei vedteken. Eg reknar med at Ernst &Young har rekna ut kor mange som vil ta ei slik ferje. Turistar som er her for å oppleve Fjord-Noreg, vil bruke den. Estimert utgjer dei opp til 30 prosent av trafikken over Boknafjorden om sommaren, og godt over 10 prosent av totalen. Mange fleire føretrekker ferje fram føre ein sørgjeleg tunneltur.

Basert på disse refleksjonane vil det vere optimistisk å tru at den totale trafikken kjem opp i 4500 bilar dagleg. Det betyr at så få som 4000 bilar dagleg vil køyre gjennom Rogfast. Det er mindre enn 60 prosent av føresette trafikktal, og det betyr at innteninga blir borte.

Publisert:

Les også

  1. – Hareide må gi marsjordre for Rogfast

  1. Rogfast
  2. Bompenger
  3. Samferdsel
  4. Samfunnsøkonomi
  5. Trafikktall