UiS-rektor Mohn driv ikkje solospel
DEBATT: Klaus Mohn har lojalt følgt opp innspel både frå styre og organisasjon, slik det skal vera i ein open og demokratisk prosess
Klaus Mohn etter den formelle semesteropninga 12. august 2019, 12 dagar etter at han formelt tok over som rektor ved Universitetet i Stavanger. Han kom då fra ei stilling som professor i petroleumsøkonomi ved Handelshøgskolen ved UiS. I fire og eit halvt år har han vore fast gjesteskribent på side 5 i Aftenbladet. Foto: Pål Christensen
Debattinnlegg
- Tom HetlandStyremedlem, Universitetet i Stavanger (UiS)
- Cathrine SønvisenStyremedlem, Universitetet i Stavanger (UiS)
- Svein Erik TuastadStyremedlem, Universitetet i Stavanger (UiS)
Som styremedlemmer ser me positivt på at Aftenbladet interesserer seg for strategiprosessen på Universitetet i Stavanger (UiS). Utviklinga av universitetet er svært viktig for regionen, og bør så absolutt bli kjend og debattert i det offentlege rommet.
Særs misvisande overskrift
Då er det synd at oppslaget i Aftenbladet 14. mai gir eit feil inntrykk av korleis strategiarbeidet går føre seg. Det gjeld særleg overskrifta «UiS-rektor foreslo ny tiårsstrategi uten energi som egen satsing». Denne overskrifta er særs misvisande for det arbeidet som er gjort og for prosessen som heilskap.
I diskusjonane i styre og administrasjon så langt er det lagt til grunn at den nye strategien, i motsetning til tidlegare, bør identifisera nokre tverrfaglege temasatsingar. UiS skal naturlegvis, som breiddeuniversitet, driva med mange andre ting. Men tanken har vore å visa tydelegare at UiS er i inngrep med store samfunnsutfordringar i vår tid. Det er ein del av universitetet sitt samfunnsansvar, og det vil også kunna gi UiS ein skarpare profil.
Tom Hetland (t.v.), tidlegare sjefredaktør i Aftenbladet, er ekstern styremedlem, Cathrine Sønvisen studentrepresentant og Svein Erik Tuastad tilsettrepresentant i styret ved UiS.
Formidla eit ønske frå styret
Eit strategiseminar i styret 6. februar munna ut i ei skisse der «grøn omstilling», «læring for livet» og «helse og velferd» vart blinka ut som dei tre mest aktuelle temasatsingane. Dette var ikkje meint som eit endeleg vedtak, men eit innspel frå styret som rektor Klaus Mohn skulle formidla vidare til UiS-organisasjonen.
Etter diskusjonar på ulike plan på UiS kom rektor tilbake til styret med eit revidert forslag, der «energi» etter innspel frå organisasjonen var tatt inn som nytt, separat satsingsområde, og der «grøn omstilling» stod som samla overbygning over alle dei tverrfaglege satsingane.
Styret hadde i utgangspunktet tenkt på energi som ein naturleg del av temaet «grøn omstilling», men hadde ingen innvendingar mot at «energi» vart skilt ut eksplisitt i ein ny modell for det vidare arbeidet med strategien.
Rektor Mohn har altså ikkje på noko tidspunkt drive eigenrådig solospel, slik Aftenbladet kan gi inntrykk av i oppslaget. Han har lojalt følgt opp innspel både frå styre og organisasjon, slik det skal vera i ein open og demokratisk prosess.
John Peter Hernes: «Oppkonstruert «kjeft» mot UiS-rektor Klaus Mohn»
Ryddig og tillitvekkande
At det er ulike meiningar og stort engasjement i debatten om kva veg UiS skal gå, er heilt naturleg og eit sunt teikn for organisasjonen. Etter vårt syn er den ryddige og tillitvekkande handteringa frå rektors side eit godt utgangspunkt for at den nye strategien skal få ei djupast mogleg forankring.
Les også
Mest lest akkurat nå
Akkurat nå diskuterer ekspertene Norges koronaregler. Spesielt på to områder kan det bli endringer
To båter har gått ned på islagt fjord på Høle
Bor du i borettslag, i Smeaheia, i Bjergsted, på Hinna eller har du hus i naturfarge? Da bør du lese dette
Matvognen måtte etterfylle tre ganger sist helg: Hyttefolket vil ha middag med til fjellheimen
Barneskoler og ungdomsskoler til gult nivå - nå er det disse reglene som gjelder
Smitte på Smiodden skole
Aftenbladet anbefaler
Akkurat nå diskuterer ekspertene Norges koronaregler. Spesielt på to områder kan det bli endringer
Pøbel rørte verden, nå vil han gi denne gigantiske skulpturen til Jæren
Jente (17) ble sexfilmet i skjul. Så ble videoen delt på Snapchat: – Jeg har vært mye lei meg
Ble bedt om å jukse i korona-søknad