Harald Minges debattmåte

DEBATT: Å fortelje folk kva dei ikkje har rett til å meine eller kva dei må meine med den bakgrunnen dei har, er ikkje sunt i lengda.

Publisert: Publisert:

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen – professor i lesevitskap ved UiS og ein nasjonal kapasitet innan tolkingsteori og retorikk – går i dette innlegget sterkt i rette med Harald Minge, administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
    Professor i lesevitskap, Universitetet i Stavanger

Aftenbladet har 19.05. gjeve Harald Minge i Næringsforeningen rett til å fortelje meg kva eg meiner, på fylgjande måte, som kommentar til eit intervju:

  • «– Nicolaysens logikk er at når Næringsforeningen deltar i debatten, så legger vi lokk på den, er meningspoliti og tvinger folk til å mene det samme som oss, hvordan enn dette måtte utøves. Andre aktører har imidlertid mer edle og frie hensikter.»

Det var ei dårleg attgjeving av min logikk. Den er derimot som fylgjer:

Næringsforeningen har fått det med å gå til personleg åtak på alle som har avvikande oppfatningar enn dei. Det kallar no Minge, syrgjeleg og interessant nok, for debatt. Vel, eg ser det som perfid undergraving. Eg kunne tenkje meg hardare og meir råkande ord enn «meiningspoliti». Men ja, eg meiner Klaus Mohn har «mer edle og frie hensikter» enn Minge. Mohn har nemleg formulert saklege, fagleg grunngjevne argument.

Les også

Klaus Mohn: «Rør ikkje oljeskatten!»

Les også

UiS-rektor Klaus Mohn får kjeft for å være utydelig om sine betalte styreverv

Les også

John Peter Hernes (H): Oppkonstruert «kjeft» mot UiS-rektor Klaus Mohn

Ikkje fyrste gong

I diskusjonen om Paradis-utbygginga før jul var det hovudstrategien frå Næringsforeningen å flytte debatten frå det saklege til det personlege. Og sanneleg, Minge klarer, som kommentar til hovudoppslaget der Svein Tuastad og Hans E. Voktor er intervjua, å uttale fylgjande:

  • «– Det var et engasjement fra et ganske lite antall personer i og rundt partiet Rødt og området i Paradis – som også Hoffmann som nabo – er en del av, sier Minge, som legger til at Aftenbladet beklaget at Hoffmann debatterte saken uten at det ble påpekt at hun var nabo.»

Skjønar Minge verkeleg kva han sjølv seier her? Organisasjonen hans har altså granska bakgrunnen til dei som engasjerte seg i Paradis-saka! Sjølv har eg ingenting med Rødt å gjere, og skjønar ikkje kvifor dei som protesterte skal bortdømmast. I eit demokratisk samfunn kan alle, same kven dei er naboar til eller kva for politisk legning dei har, ta del i ein medborgarleg diskusjon. Då er det ikkje bakgrunnen til folk som tel, men verdien av argumenta deira. Og det nye bystyrefleirtalet ser då ut til å meine at argumenta for å fråvike reglar og skikk, ikkje var gode nok. Så Minges karakteristikk må vel gjelde dei, òg.

Kunsten å kvitte seg med motrøyster

Med no å bruke oppatt same triksa mot meiningsmotstandarar, og sameleis hevde at rektor Mohn ikkje burde ha friord sidan han er medlem i to styre som ingenting har å gjere med det Mohn uttala seg om, har Minge overtydeleg demonstrert at han oppfattar «debatt» som kunsten å kvitte seg med motrøyster. Det er ikkje debatt å avvise andre oppfatningar enn sine eigne ut frå anna enn argument som vedkjem saka sjølv.

Så ramsar han opp flokkar av medlemer i Næringsforeningen. Noko eg såg som ein grunn for fire år sidan til at rektor ved UiS just ikkje måtte vere med i styret der, for å skulle tilpasse seg alle desse kreftene. Kva som er kome ut av avtalen mellom Næringsforeningen og UiS, som går ut i år, kunne jo vore morosamt å få vite frå dei som kjenner seg kompetente til det. Anna enn at ein brukte engelsk på offentlege samlingar ved UiS ei tid.

I Jostein Solands tid

Eg vil gjerne understreke at eg alltid har hatt stor respekt for Næringsforeningen, sidan Jostein Solands tid. Då var foreininga ein stad for opne ordskifte og utgjorde eit møtepunkt for mange krefter, der Soland jamleg brukte tvisynet og skråblikket. Det er såleis ikkje med adresse til alle dei menneska som er aktive i Næringsforeningens mange verksemder eg vil karakterisere argumentasjonsmåten til Minge. Men karakterisere den, det vil eg, slik: «Bullshit luktar ikkje betre sjølv om der er mange fluger som samlar seg på den».

Å fortelje folk kva dei ikkje har rett til å meine eller kva dei må meine med den bakgrunnen dei har, er ikkje sunt i lengda. Vi får tru at slik «takhøyde og mangfold» som Minge påropar seg finst i Næringsforeningen, også etter kvart får Minge sjølv til å vise eit modikum av storsinn.

Publisert:

Les også

  1. – Hverken Næringsforeningen eller noen andre skal være et meningspoliti for vårt universitet

  2. – UiS-rektor Klaus Mohn er utsatt for en svertekampanje

  3. – UiS-rektor Klaus Mohn er langsynt

  1. Debattkultur
  2. Klaus Mohn
  3. Harald Minge
  4. Universitetet i Stavanger (UiS)
  5. Næringsforeningen i Stavanger-regionen