Totalforbod mot privat fyrverkeri er ikkje vegen å gå
DEBATT: I den siste tida har debatten rundt eit totalforbod av privat fyrverkeri blussa opp igjen. Og ogso denne gongen går dei fleste debattantane inn for eit forbod, men er det verkeleg vegen å gå? Nei, sannsynlegvis ikkje.
«Ved innføring av eit totalforbod vil me mista sjansen til å fortsetja med dei gode og preventive tiltaka som ein ser fungerer», skriv Henrik Hageland. Foto: Scanpix
Debattinnlegg
- Henrik HagelandFylkesstyremedlem i Rogaland Senterungdom
Når ein rettar seg mot statistikken ser ein at talet på skadde grunna fyrverkeri går nedover og takk for det. I dei siste åra har ein sett at det har vorte meir og meir fokus på å opplysa om farane kring fyrverkeri og ikkje minst korleis ein skal behandla det på ein ansvarsfull måte.
Med eit slikt auka fokus ser ein at talet på skadde vert redusert. Forbetringspotensialet er likevel stort, og for å nå denne nullvisjonen på skadde, meiner Senterungdommen at sterkare opplysning er vegen å gå, framfor eit totalforbod.
Tydlegare merking
Me ynskjer å leggja opp til enno tydlegare retningslinjer for korleis seljarane skal informera om faren kring fyrverkeri gjennom å til dømes: Krevja eigne sider om tryggingstips i reklameblad for fyrverkeri, krevja tydlegare merking av skadeomfanget på fyrverkeriet og ikkje minst auka den generelle haldninga til trygg bruk av fyrverkeri.
Kan risikera svartemarknad
Ved innføring av eit totalforbod vil me mista sjansen til å fortsetja med dei gode og preventive tiltaka som ein ser fungerer. I verste fall kan me risikera ein svartemarknad der farleg heimesnikra fyrverkeri vert seld og brukt. Då mister ein ikkje berre kontrollen på kva som vert seld, men ogso kontrollen over informasjonsflyten ved sal av fyrverkeri. I tillegg vil ein då mest sannsynleg få eit auka tal på skadde. Ein kan ikkje berre forby alt som er farleg, ein må sjå på kva alternativ ein har for å unngå mest skade.
Les også
– Nyttårsaften tillater vi cowboy-tilstander, vi slipper alle regler løs i kombinasjon med mørke og alkohol
– Forbud mot privat fyrverkeri er ikke løsningen
– Totalforbud mot privat fyrverkeri må realiseres
– Forbud mot fyrverkeri i privat regi?
Ungdommer kastet fyrverkeri inn i leilighet på Gausel
Øyelege vil ha forbud mot privat fyrverkeri
Øyelege vil ha forbud mot privat fyrverkeri
Mest lest akkurat nå
Person funnet død etter leteaksjon ved Utsira
15 koronapasienter innlagt på SUS: - Krevende på sikt
To nye «nei» til Domkirken
Dette huset på Røyneberg har en 350 kvadratmeter stor underjordisk garasje med heis
19 elever og tre lærere smittet på Stavanger-skole
Familien manglet et ekstra rom. Slik ble garasjen til TV-stue med kontor og hems.