Arbeid er også byliv, Chesak

DEBATT: Marianne Chesak (Ap), fylkesordførar i Rogaland fylkeskommune, tek til orde for å skape «mer liv og røre» i fylkeshuset på Akropolis-høgda i Aftenbladet 5. februar. Ein kan lure på om ho kjenner sin eigen arbeidsplass når ho så lettvindt avskriv den yrande aktiviteten som utspeler seg der.

Publisert: Publisert:

– Det gamle sjukehuset er allereie ei perle, både arkitektonisk og funksjonelt. Det er for det første eit utmerkt døme på gjenbruk av eit historisk landemerke. For det andre er dagens formål godt tilpassa bygningsmassen, skriv Even Smith Wergeland. Foto: Anders Minge

Debattinnlegg

  • Even Smith Wergeland
    Førsteamanuensis ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
  1. Leserne mener

Her er talrike menneske verksame både tidleg og seint, og det kjem gjestar frå fjern og nær for å delta i viktige møter og prosessar. Fylkeshuset er ein motor i bylivet som Stavanger treng.

Treff meir blink enn ho aner

«Vi er alle stolte at det røde murbygget som ligger så nærme hjertet av byen», skriv Chesak, og treff meir blink enn ho aner. Dette er allereie ei perle, både arkitektonisk og funksjonelt. Det gamle sjukehuset er for det første eit utmerkt døme på gjenbruk av eit historisk landemerke. For det andre er dagens formål godt tilpassa bygningsmassen. Det er nokre lange gangar, men i motsetnad til fylkesordføraren har eg vore der fleire gonger utan å gå meg vill. Med eit fornuftig tilbygg eller påbygg kan funksjonaliteten styrkast ytterlegare.

I dagens byutvikling er klok plassering av store institusjonar heilt essensielt. I Stavanger er det mykje fokus på å få fleire bustader sentralt i byen, men det er minst like avgjerande for ei berekraftig framtid at folk kan jobbe sentralt. Nærleik til jobb er sjølve nøkkelen til å redusere bilbruk, og dermed både utslepp og trafikkale problem. Fylkeshuset er ein av dei best plasserte arbeidsplassane i heile Rogaland – rett ved eit stort kollektivknutepunkt, i hjarta av byen. Det ville vore djupt paradoksalt dersom fylkesadministrasjonen må flytte frå ei så gunstig plassering midt i ei regionreform som handlar om å sentralisere kompetente arbeidsmiljø.

Fylkeshuset er ein motor i bylivet som Stavanger treng.

Noko av det mest beklagelege som har skjedd i norske byar og tettstader på 2000-talet er flytting av store arbeidsplassar som sjukehus og utdanningsinstitusjonar frå sentrum til suburbia. Etterpå vil gjerne politikarane skape byliv, men dette er ofte veldig vanskeleg å få til når tusenvis av menneske ikkje lenger er innom sentrum på dagleg basis. Stavanger kan vere ei motvekt til denne uheldige utviklinga. I så fall må fylkeshuset og tilsvarande arbeidsplassar bli verande.

Urealistisk visjon

Ein skal heller ikkje undervurdere verdien av aktivitet inne i bygningar, sjølv om denne ikkje alltid skapar så mykje folkeliv utanfor. «Liv og røre»-utspelet til Chesak byggjer på ein urealistisk visjon om at alle sentrale byrom skal kunne fyllast av cappuccino-drikkande, dansande og muntre menneske til alle døgnets tider. Stavanger har stort potensiale på den fronten, men bør konsentrere seg om område som allereie prøver, som Tou Scene og Nytorget. At ein bygning først og fremst er aktiv og nyttig på innsida er ingen nedtur – det er snarare ein attraksjon som bør sikrast. Det er heller ingenting i vegen for å utvikle fylkeshuset vidare, både innvendig og utvendig, i samarbeid med fleire aktørar. Parken er særleg interessant i så måte, og kva med ei kantine som også har uteservering?

Publisert: