Jæren treng ikkje nye industriareal i overskodeleg framtid

Til saman har Stavanger, Sandnes, Hå og Time utbyggingsplanar som vil bruka 3000 dekar jord. Også dei andre Jær-kommunane har omfattande planar om meir industriareal. Planlagde areal overstig klart måla frå Regjeringa.

Fire kommunar på Jæren har til saman større planar for nedbygging av jord, enn det nasjonale målet på maks 2000 dekar, skriv innsendaren.
  • Dag Raustein
    Dag Raustein
    Leiar, Jordvernforeningen i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Stavanger Aftenblad har 6. oktober eit oppslag om manglande tilgang på areal til kraft- og arealkrevjande industri på Jæren. Politikarane her er for trege i tilrettelegginga. 10. september fortalde avisa om Hå kommunestyre si behandling av planar om eit industriområde på 800 dekar på Skjæret. Fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for å greia ut dette vidare. Arealet er dyrka eller dyrkbart.

I sommar fremja Time kommune ein områdeplan med fem større industriområde på Kalberg, Frøyland og Kverneland. Dette er delvis lågproduktive areal, men det ligg store, gode jordbruksareal og fine gardar mellom desse områda. Sandnes kommune har ved revideringa av sin kommuneplan halde fast ved at minst 4–500 dekar god dyrka jord på Vagle/Stokkeland skal nyttast til industri/næring og bustadbygging, og eit stort område på Sviland er tenkt endra frå bustadbygging til industri.

Økonomiske interesser styrer

Bygging av industri vil over tid leggja press på tilgrensande, gode jordbruksareal. Jordvernforeningen i Rogaland har gått sterkt mot alle desse planane. Vårt utgangspunkt har vore tindrande klare vedtak og instruksar frå Regjeringa og Stortinget. Omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord skal snarast sterkt ned.

Regjeringa har i Hurdalsplattforma sett som mål snarast å koma under 2000 dekar i årleg nedbygging av dyrka og dyrkbar jord i heile landet, med ein nullvisjon noko lengre fram. Det meste av dei 2000 dekara vil gå med til vegar og annan infrastruktur. Bruk av dyrka og dyrkbar jord til bustader og industri kan bare skje unntaksvis, seier ansvarlege statsrådar. Jordvern skal vera overordna i all arealplanlegging. Det blir peika på at det ligg store reservar i såkalla transformasjon, altså endra bruk av utbygde areal og bygningsmasse, og i fortetting. Dette får me stadfesta frå Statsforvaltaren også gjeld Jæren.

Sett utanfrå blir politikarane sterkt påverka av dei firma og personar som driv oppkjøp, utvikling og sal av areal til industri/næring. Det ligg meir pengar i å kjøpa opp nye areal, enn i å utvikla det som alt er i bruk. Så er det nok grunneigarar som vil selja jord. Me har heldigvis også sterke døme på dei som ikkje vil selja, same kva pris dei får.

Trengst så mykje industri?

Tilgang på arbeidskraft må inn i planane. Jordvernforeningen har også trekt opp dette spørsmålet: Kor store areal treng me til industri/næring framover for å sysselsetja folk i Jær-regionen? Demografien, altså storleik, samansetnad og vekst i folketalet vårt, syner at balansen mellom fødslar og dødsfall endrar seg, gjennomsnittleg alder i Norge går opp og levealderen aukar. Statistiske framskrivingar syner at i 2050 vil det vera seks gonger så mange over 90 år som i dag. Talet på demente er rekna å doblast frå 100.000 til 200.000 i same perioden.

Den yrkesaktive prosentdelen av folket går ned. Konsekvensen av dette er at det vil trengjast mange fleire i arbeid innan helse og velferd. Det blir truleg ikkje fleire å rekruttera til ulike industrinæringar enn dei som til ei kvar tid går ut. Kor store, nye areal treng ein då? Eller reknar ein på storstilt migrasjon og import av arbeidskraft?

Så er det tilgangen på elektrisk kraft, og det at arealkrevjande industri etter overordna planar skal plasserast andre stader enn på Jæren.
Dette er spørsmål kommunane ikkje vil gå inn i. Me reknar med at det blir viktige spørsmål når Statsforvaltaren og Fylkeskommunen skal vurdera kommunane sine planar i samanheng. Då må me rekna med klare meldingar om at det faktisk ikkje trengst nye areal på Jæren i overskodeleg framtid.

Publisert: