Media si dekking av store nyhendesaker er altfor einsidig
- Anne Sofie AarflotSandnes

DEBATT: Så skjer det igjen. Ei nyhendesak vert gloheit i media. Denne gongen gjeld det 83 år gamle Takado Ellefsen som har fått avslag på søknad om EØS-opphaldskort, og har fått beskjed om å forlate landet innan 28. desember.
Dette innlegget handlar ikkje om saka, til det veit eg truleg for lite. I alle fall om eg skal basere meininga mi på det som står i avisene. For det som skremmer meg er at alle media som skriv om saka, og det er ikkje få, skriv nesten ordrett akkurat det same og nyttar til dels same bileta. Det er nettsidene til NRK, Aftenbladet, VG, Dagbladet, Aftenposten, Nettavisen og Fedrelandsvennen, og dessutan innslag på Dagsrevyen.
I tillegg viser eit raskt søk at saka ligg på eit stort antal forskjellige nettsider. Vi får presentert ei eldre gråtande kvinne som stryk over gravsteinen til ektefellen. Ho vil bu og gravlegges her. Ingen medium, så vidt eg kan sjå, viser til at dei har saka frå andre. Vi blir ofte fortalt om USA der ingen trur på offisielle nyheiter og held seg i sine egne ekkokammer, der algoritmar på nettet sørger for at dei unngår å høyre andre meiningar.
I Norge treng vi ikkje algoritmar. Vi har aviser som klipper og limer frå kvarandre og som alle har same synsvinkel og meiner det same. Og eg kjenner meg nokså trygg på at om få dagar er denne saka heilt borte frå fyrstesidene, og erstatta av ei ny sak som igjen blir framstilt utan motargument. Ein gong var slagordet for det å lese aviser: «God bakgrunn for egne meiningar».
Det er visst lenge sidan det utsegna var gyldig. Pressefridomen held høgt ord som mangfald og sjølvstende. Er det ord som passar for korleis saker blir framstilte i norsk presse i dag?