Listhaug kan ikkje definera terror på bakgrunn av etnisitet

DEBATT: Ein skal på ingen måte vere naiv ovanfor terroråtak, men ein kan heller ikkje skape ein einerett på å definere terror.

Publisert: Publisert:

– Det er vanskeleg å oppfatte terror før den råkar, men ein kan på mange måtar førebygge, skriv Antonia Kvalsvik. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

Antonia Kvalsvik
Bystyrerepresentant i Stavanger (Ap)

Vi har aldri vore meir utrygge. Migrasjon har aldri truga oss meir. Krisene har aldri råka oss hardare? Realiteten er ein heilt anna. Samfunnet er betre, tryggare og meir demokratisk enn nokon gong. Kvifor får då justisminister Sylvi Listhaug meg til å føle det motsette? Og kvifor er det Erna Solberg som beklagar på vegne av regjeringa, fleire dagar i ettertid? (Sylvi Listhaug bad 15. mars om orsaking på Stortinget: – Jeg vil unnskylde overfor dem som føler seg såret av kommunikasjonen i denne saken, sa ho i sitt innlegg. Ho understreka i eit innlegg seinare at ho gir ei orsaking utan atterhald, red.mrk.)

Les også

Ap vil vurdere mistillit etter Listhaugs unnskyldning

Les også

Listhaug: – Jeg vil understreke at jeg gir en uforbeholden unnskyldning

Handlar om mykje meir

Justisminister Sylvi Listhaug la tidlegare denne veka ut eit innlegg på Facebook om at «Ap mener at terroristenes rettigeter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Ho har i seinare tid beklaga om nokon skulle føle seg såra av dette, men eg lurer likevel på kven ho tenkjer som terrorist i denne påstanden? Og meiner ho verkeleg at Arbeidarpartiet står for dette? Innlegget handlar brått om så mykje meir enn saka, og langt meir enn menneske med dobbelt statsborgarskap. Innlegget er no sletta, men justisministeren sjølv grunngav dette med mangel på opphavsrett på biletet som vart brukt.

Vi må spørje oss sjølve kva vi er redde for?

Dette lå på Sylvi Listhaugs Facebook-side i fem dagar, før det blei sletta, med følgjande grunngjeving: «Jeg har nå slettet innlegget og bildet som ble lagt ut på fredag. Grunnen til dette er at de som har rettighetene til bildet i Norge har gitt oss beskjed om at det ikke kan brukes til politiske ytringer. Det må vi selvsagt forholde oss til. Ønsker alle en fin dag videre.»

Les også

Listhaug: – Det var verken min mening eller hensikt å såre noen

Les også

Listhaug: – Jeg vil understreke at jeg gir en uforbeholden unnskyldning

Skapt klump i magen

I dagens samfunn er informasjon om verdas tilstand lett tilgjengeleg. Dette medfører også at vi har oversikt utover eigne landegrenser. Verda oppfattast som konfliktfull, og at trugslane stadig nærmar seg oss sjølve. Vi fryktar angrep frå IS og framandkrigarar. Kommentarfeltet florerer av framandfrykt, og eit hat mot at Arbeidarpartiet der det er dei som har får i dette. Dette hatet er på ingen måte ukjent, og atter ein gong har man skapt grobotn for ekstreme påstandar. Vi har menneske som sender meldingar til politikarar som sjølv er terroroffer, med det ønske om at dei skulle ha døydd før dei kunne foreslå politikk. Det har for ein generasjon AUF-arar skapt ein klump i magen, med påstandar om at dei sjølv skaper det som tok livet av vener. Når ein justisminister postar ein slik påstand, legitimerer ho også å kome med ekstreme påstandar med hat og trugslar, også utanfor det som skal vere saka.

Etniske, kvite menn

Vi må spørje oss sjølve kva vi er redde for? Vi opplever i dag også ein verden der unge vel å skyte medelevar i forferdelege skulemassakre. Vi ser tilfelle av etniske, kvite menn som vel å massakrere menneske på ein festival. Terror er framandkrigarar, men terror er også så veldig mykje meir. Terror er også noko som kan råke frå våre eigne. Noko vi berre sju år etter 22. juli ikkje burde ha gløymt. Så kven er eigentleg terroristar? Ein terrorist kan vere ein framandkrigar frå Syria, men kan også vere ein nabo, ein kollega eller ein skuleungdom som har kome utanfor samfunnet. Ein skal på ingen måte vere naiv ovanfor terroråtak, men ein kan heller ikkje skape ein einerett på å definere terror.

Terror kan mogleg førebyggast i å ta frå menneske statsborgarskap, men burde ein la dette gå utover ein rettferdig rettsprosess? Ein kan ikkje definere terror på bakgrunn av etnisitet, og ein kan difor heller ikkje lengre tenke at tiltaka skal definerast deretter. Den politiske debatten om terror er ekstremt viktig for framtida, og ein burde derfor halde seg for god til å påstå at andre parti har interesser i å sikre terroristens rettigheiter framfor nasjonens sikkerheit.

Forebygging

Det er vanskeleg å oppfatte terror før den råkar, men ein kan på mange måtar førebygge. Tiltak for betre psykisk helse. Tiltak som gjer at menneske føler seg inkludert og velkomne i det samfunnet dei skal leve i. Tiltak for betre respons og koordinering blant naudetatane. Lista er lang, men det einaste som ikkje høyrer heime under nokon omstende er å skuldgje andre politiske parti for lågmål påstandar. På denne måten vil hat vekse, ekstreme meiningar vil bli legitimert.

( Antonia Kvalsvik overlevde sjølv terrorangrepet på Utøya, red.mrk.)

Publisert: