Realiser tunnelen Espedal-Frafjord

DEBATT: Fylkestinget i Rogaland har med sine forpliktingar gjennom fleire vedtak nå ein gyllen moglegheit til å få bygd tunnelen Espedal-Frafjord, Ryfylkeporten med oppstart av prosjektet i 2020.

Publisert: Publisert:

– Nå må både fylkesrådmann, politikarar frå fylke og kommunar oppfylle sine lovnadar slik at tunnel vert realisert, skriv Tunnelforeininga Espedal-Frafjord, Ryfylkeporten. Her Tore Hans Mikkelson foran fjellet hvor tunnelen er tenkt. Bildet er fra 2013. Foto: Magnus Nødland Skogedal

Debattinnlegg

Debatt
  • Innlegget er skrevet av Tunnelforeininga Espedal-Frafjord, Ryfylkeporten: Tore Hans Mikkelson, Per Børge Steinskog, Ingeborg L Søyland, Thor Espedal, Sjur Lærdal, Terje Idsø, Geir Hetland, Mikal Mikkelson og Torstein Haukalid.

Dette prosjektet har heile vegen vore ein del av Ryfastpakken som kommunane i regionen og Fylkestinget vedtok i si tid. Tunnelen blei lova for at også søre del av Ryfylke skulle få ein god og sikker adkomst mot sør og aust og Jæren.

Støttar prosjektet

Kommunane Gjesdal, Forsand og Strand har alle vedtak på at dette prosjektet skal gjennomførast, dei andre kommunane i Ryfylke støttar også prosjektet, der dei gjennom Ryfylkefondet har løyvd pengar til prosjektet.

Når det gjeld Forsand sine vedtak, så må dei omtalast kort, slik at dei blir kjent. Forsand har gjort følgjande vedtak i 2018. Sak 023/18: Behandling av prioriteringsdokument for samanslåingsprosessen med Sandnes.

Einstemmig vedtak i kommunestyret i Forsand 21. mars 2018. sitat punkt 7: Kommunestyret viser til prinsippdokumentet og vil sikre ei raskast mulig gjennomføring av tunnelen Espedal- Frafjord, Ryfylkeporten ved å:

  • a) Leggje til grunn at ein betydeleg del av kraftutviklingsfondet skal gå til forskotering/finansiering av prosjektet.

Med bakgrunn i dette vedtaket og signaler frå formannskapet la rådmann i Forsand fram forslag om å sette av 20 millionar kroner årleg i økonomiplanen til tunnel Espedal-Frafjord i perioden 2019-2022; dette for å synliggjera Forsand sitt vedtak i frå mars 2018. Dette punktet i økonomiplanen vart vedteke i kommunestyret i Forsand 12.12. 2018 mot to røyster.

Når ein ser for seg forpliktingar som Nye Sandnes har gjennom prinsippdokumentet mellom Forsand og Sandnes, så har rådmann og politikarar i Forsand signalisert at finansieringa skal vidareførast i den nye kommunen med 20 millionar pr. år i ein 20 årsperiode (til saman 400 millionar kroner), eit stort og avgjerande bidrag for å få realisert prosjektet. Med tanke på at Forsand sine kraftinntekter årleg vil tilføre den nye kommunen med omlag 100 millionar årleg, må det vera ein god løysing for å innfri punktet om Espedal-Frafjord i prinsippdokumentet i den nye kommunen, slik at prosjektet blir realisert.

Stor bidragsytar

Det må også nemnast at Forsand var ein stor bidragsytar for at Lysefjordbrua skulle bli realisert i si tid; og takk og pris for det, tenk om den ikkje hadde blitt bygd! Her kan me trygt seia at kraftinntekter har blitt brukt for å få gjennomført viktige prosjekt i distrikta i fylket, tunnel Espedal-Frafjord, Ryfylkeporten er i same kategori.

Den 30. oktober 2018, vedtok fylkestinget at fylkesrådmann skal framforhandle ein intensjonsavtale med Forsand kommune, Ryfylkefondet og Gjesdal kommune om delfinansiering, for så å koma tilbake til fylket for behandling. Dette vedtaket har ikkje blitt oppfylt, me forventar at dette vedtaket blir iverksett snarast av fylkesrådmann. Skjer ikkje dette omgåande, så meiner me det er respektlaust både over for fylkets folkevalde og dei be rørte kommunar i regionen.

Fylkespolitikarane vedtok også i omtala møte, å be fylkesrådmann om at det blir vurdert kostnadsreduserande tiltak for prosjektet og det er sjølvsagt bra.

God samfunnspolitikk

Men her må det påpeikast at den viktigaste faktoren nå er å få oppstart av prosjektet så snart som mogleg, det er nå ledige hender i anleggsbransjen som sjølvsagt vil slå positivt ut med tanke på pris og ein unngår meir prisstigning. Det er sjølvsagt god samfunnspolitikk å unngå permitteringar og arbeidsløyse.

Nå må både fylkesrådmann, politikarar frå fylke og kommunar oppfylle sine lovnadar og forpliktingar slik at tunnel Espedal-Frafjord, Ryfylkeporten endelig blir realisert.

Les også

Forsand går inn for milliard-tunnel til Frafjord

Les også

Tunnel må kunna byggast billigare

Publisert: